Stoga er ein kulturkafé på Prestneset i Bygland. Turistinformasjonen i Bygland er også her.
Det er kafé med enkel servering og skjenkeløyve, kulturarrangement, møte, konsertar, revy, teater, guiding, folkemusikk og dans og mykje anna. I tillegg ivaretek Stoga på vegne av kommunen funksjonen som Turistinformasjon.
Stoga disponerer óg nokre museusmbygningar i Bygland museum rett ved, til dømes ei årestoge. Dei kan hjelpe med å leige utstyr på BUA Bygland.
Innomhus er det bøker, blad, nokre aviser og det er mogleleg å sitte her og jobbe med med medbrakt pc/mac (trådlaust internett). Det finst spel og leikar for born, og til tider youtubefilm oppe på veggen.
Utandørs ligg den vakre Byglandsfjorden bare og ventar på deg. Om sommaren legg den vedfyrte dampbåten Bjoren til ved Bygland brygge få meter unna.
På Facebooksida til Stoga finn du meir informasjon om kva som til einkvar tid er på plakaten.
Stykket held fram under biletet
I vinterhalvåret er opningstidene
- Fredag kl. 15–20
- Sundag kl. 13–20
- og elles når skiltet med «Ope kafé» står ute, og det er kalleg ofte, og stadig oftare
Opningstider om sommaren
- Ope alle dagar kl. 11–17
Eigarar
Stoga A/S er eigd av Olav Grendstad (dagleg leiar), Harde Johannessen (vaktmeisterleiar) og Åsmund Åmdal. Bygningen tilhøyrer eit kommunalt eigedomsselskap.
Stoga er verkeleg ein fin plass for ein stopp når du er på tur gjennom Setesdal!
Stykket held fram under biletet
Rett i nærleiken
- Tesla ladestasjonar
- Envy hurtigladarar for el-bilar
- Bjoren Brygge (kafé)
- Tangen friluftsområde med badestrand
- Knutsbakk (gravfelt, samlingsstad, m.v.)
- Hanehaug
- Bygland museum
- Storestraumen
- Gravrøysa på Nesodden
- Bygland kyrkje