Husmannsplassen Straumen kom til i samband med at Postvegen kom opp gjennom Setesdal. Då var det viktig å få til ein ordna overfart over Storstraumen.
Plassen ligg 100–200 meter nord for Storstraumen, på austsida av fjorden. Det er på garden Nedre Kvåle sin grunn.
Ferjemannen
Det blei oppretta ei stilling som ferjemann. Han måtte ha ein høveleg bustad i nærleiken av ferjestaden. I 1844 blei det sett opp eit ferjehus og eit skjol, på eit lite skogstykke rett nord for Storstraumen.
Knut Alvson Moi (f. 1809, d. 1883) blei tilsett som ferjemann i april 1844, og busette seg på Straumen. Han var gift med Ingebjørg Aslaksdotter Austad (f. 1808). Ho var syster til storspelemannen Tarkjel Aslakson Austad. Borna deira skal ha vore svært evnerike.
Gjennom åra på Straumen måtte Knut fleire gonger betale store bøter. Han var skuldig i sal av både brennevin og ulovlege varer. Familien hadde det økonomisk trongt.
I 1858 kom den første brua over Storstraumen, og Knut Alvson mista stillinga si. Nå blei det nokre svært vanskelege år for Knut og familien hans. Reidar Vollen har skrive mykje om det i Bygland gard og ætt. I 1861 reiste han til Amerika med familien. Bare sonen Alv blei attende i Norge. To brør av Knut, Halvor og Salve, drog samstundes avgarde på den lange ferda over havet med familiane sine.
Stykket held fram under biletet
Busett til 1891
Pål Olavson Frøysnes (f. 1833, d. 1892) budde på Straumen, truleg frå 1861. I 1888 flytta han med familien sin til Kvålsmo.
Etter det bruka Aslak Åsulvson Stigemo plassen ei tid, truleg til 1891 då han gifta seg. Etter at han flytta frå Straumen, heldt han fram med å bruke plassen i mange år. Han er nemnd som brukar heilt til 1903.
Husa på Straumen blei etter kvart rivne. I dag står bare grunnmurane att.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 313–327
- Artikkelen om Straumen på Setesdalswiki