Brygga på Skjevrak 11. april 2024. Me ser nord-austover mot Bygland kyrkebygd. Foto: Geir Daasvatn

Skjevrak brygge – Bygland

Brygga er sagt å vere bygd i 1915. Det var tidlegare andre brygger på staden.

Skjevrakbrygga blei brukt av damprutebåtane Dølen og Bjoren, som gjekk i rutetrafikk på Byglandsfjorden og Åraksfjorden frå 1867 (Dølen) og 1897 (Bjoren). Bjoren gjekk først, frå 1867, på Kilefjorden.

Dampbåtane vart utkonkurrerte av rutebiltrafikken på Setesdalsvegen rundt 1930. Men med Olav Frantson Syrtveit som privat dampbåteigar frå 1931 gjekk dei i trafikk til og frå dei veglause gardane på vestsida av Byglandsfjorden fram til juletider i 1957. Den siste offisielle turen med Bjoren var 27. desember 1957.

Det er opplyst i fleire kjelder at det alt-i-alt var 14 brygger langs Byglandsfjorden. Heilt bokstavleg bør me nok ikkje ta det talet. Det kan vere litt fleire eller litt færre, alt etter korleis me reknar.

Kjelder

  • Artikkelen om Skjevrak brygge på Kulturminnesok.no
  • Torgeir Moseid, Frå kveg til cruise. DS Bjoren 150 år, Setesdalsmuseet, 2017
  • Jansen, Haugen, Røysland og Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 54

Skjevrak brygge 11. april 2024. Utsikten er sør-austover Byglandsfjorden mot Lauvdalsodden (t.v.) og Nånesodden (t.h.).

Fleire kulturminne

Postvegen – Kroni til Moen
I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Gamle setesdalsvegen – Moen
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Gamle setesdalsvegen – Svåa
Auglandskleiva bru – Torridal
Postvegen – Kristiansand
Postvegen – Vennesla
Postvegen Kristiansand–Bykle
Postvegen – Evje og Hornnes