Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral

Surtedalskleiva var ein bratt bakke på den gamle hovudvegen mellom Kyrkjebygd og Kristiansand. Byvegen over Bygdeheia blei bygd som køyreveg (for hest og kjerre) i 1830-åra. Men etter kvart forfall han til ride- og sledeveg. Vegen var i bruk som hovudveg til Kristiansand til 1879. Då kom den nye mandalsvegen fram til Åseral. Det innleidde […]

Smia på Koland

Smia på Koland 11. november 2015. Foto.

På Koland ved Gyvatn i Åseral står ei gamal smie. Smia er eit kulturminne med stor lokal verdi, men som ligg utanfor dei prioriterte kulturmiljøa i Åseral kommune sin kulturminneplan for 2020–2025. Koland Eg har skrive noko meir om garden Koland i eit anna stykke her på Setesdalssida. Kjelder Du vil kanskje også sjå

Kirkebygdens elektriske Anlæg – Åseral

Ruinar etter kraftverket. Foto:

Dette var eit kraftverk i Monn i Rjukanliæ, ein kilometers veg nord for Kyrkjebygd. Kirkebygdens elektriske Anlæg blei bygd alt i 1914. Planane var utarbeidde av ingeniør Chr. Larsen. Det blei bygd tilsaman ei halv mil med luftledning. Kraftverket gav straum til 348 glødelamper. I 1919 ville eigarane selge kraftverket og fallrettane til kommunen for […]

Blodsteinen – Åseral

Blodsteinen. Foto.

Blodsteinen ligg like i vegkanten på Løkjen, på veg frå Kyrkjebygd til Ljosland i Åseral. Steinen har ei dramatisk historie knytt til seg. I eldre tider var det nokre få menn som slo under seg all den jorda som fantest i Åseral. Valter Austru slo til seg alt på austsida, på heia og heime. Han […]

Åknes kapell

Åknes kapell. Kirke. Foto.

Åknes kapell er ei langkyrkje på Åknes ved idylliske Lognavatn i Åseral med 150 plassar og galleri. Ho er bygd i 1873. Byggherrane var Tobias Flottorp og Gard Ekså, som og laga døypefonten. Kyrkjeklokka kom frå Oslo og vart køyrd med hest til Dåsvatn og sidan boren på ryggen av Torgeir Helleren til Lognavatn. Altertavla er akantusranker og treskurd av Lars Svenson Juvasstøl. Ho høyrer […]

Mjølkerampa på Torsland

Den restaurerte mjølkerampa. Foto.

I Torslandskrysset i Åseral står ei lita trebu i vegkanten. Det er ei gamal mjølkerampe som truleg er oppført like etter 2. verdskrigen. Her sette ein mjølkespann som skulle sendast vidare til Bjelland meieri. Rampa blei også brukt for eksempel til postlevering. I dag er mjølkerampa på Torsland den einaste av sitt slag i Åseral, […]

Ljosland kapell

Ljosland kapell utvendig. Foto.

Ljosland kapell er ei kyrkje på Ljosland i Åseral, bygd i 1959. Kyrkja er rektangulær og bygd i tre. Arkitekt var A. Erikstad. Kyrkja har 95 plassar. Altertavla er «Jesus på korset» av Ottar Helge Johannessen (1959) og eit kors i tre med glassmosaikk. Preikestolen er i tre og laga av Tveitestøl og Roland i 1959. Også døypefonten er i […]

Bjønnespranget – Åseral

Bjønnespranget i Heddefossen i Ma ndalselva. Ei djup kløft med jettegryter. Foto.

Bjønnespranget er ein stad i Heddefossen mellom Mjåland og Åmland. Spreke karar greidde å hoppe over kløfta. Det er kjent for å vere eit svært hopp. Namnet kjem av ei gamal segn om ein mann som var elta av ein bjønn, er det forklart i kulturminneplanen for Åseral. Elva ligg her i ei djup kløft. […]

Trøskjeskjolet – Åmland

Trøskjeskjolet på Åmland. Bygning. Foto.

Trøskjeskjolet ligg på Åmland i Åseral. Det er eit karakteristisk, åttekanta bygg med stor verd. Frå gamalt av var det eit stort hjul i midten av bygget som sveiv på ein loddrett aksel. Hest vart brukt til å dreie hjulet rundt for å treske kornet. Kulturlandskapet på Åmland – Åmland har eit godt skjøtta kulturlandskap, heiter det […]

Åseral kyrkje

Åseral kyrkje. Foto.

Åseral kyrkje er ei krosskyrkje med tre galleri og 300 sitteplassar frå 1822 i Åseral kyrkjebygd. Kyrkja vart bygd av Olav O. Åsland og Olav Bakken. Ho er bygd i laft og panelt utvendig. Truleg var det også Åsland og Bakken som laga altertavla og døypefonten. Over inngangsdøra står det «Til Guds Ære og Folkets Gavn er denne Kirke oppført […]

Skraddarburet – Åseral

Skraddarburet. Stabbur. Foto.

Skraddarburet er eit bur frå mellomalderen i Austegard ved Lognavatn i Åseral. Buret er den eldste profane (ikkje-religiøse) trebygninga i Vest-Agder. Den eldste delen av bygget er den nedste høgda. Ho er åreringdatert til ca 1520–1530. Den andre høgda kom til seinare, ein gong på 1600-talet. Riksantikvaren gav i 2015 og 2016 tilskot til restaurering av bygningen, etter at taket hadde blåse […]

Espelidburet – Åseral

Espelidburet, stabbur, Åseral. Foto.

Espelidburet er eit stabbur frå mellomalderen på gardsbruket Der Nord i Espelid i Åseral. Buret skal vere frå 1600-talet, 1. kvartal. Garden høyrer i dag til etterkomarar etter professor og statsråd Knut Liestøl, son til Sigrid og Olav K. Liestøl. Korleis kjem du dit Køyr til Lognavatn. Der tek du til høgre over brua til Åknes. Følg vegen vidare over ei […]

Kjeddingsteinen – Åseral

Kjeddingsteinen. Enorm stein. Foto.

Kjeddingsteinen er ei svær steinblokk langs vegen til Juvassdammen i Åseral. Steinen har tydeleg ikkje ramla ned frå fjellet. Det har gitt opphav til ei segn om at det var ei trollkjerring som kom berande med steinen og sette han ned der i år 1000. Så skulle ho kome att i år 2000 for å hente han. Dette tala folk i Lognevassbygda om […]

Minne kultursenter – Åseral

Minne kultursenter, Åseral. Foto.

Minne kultursenter ligg i Kyrkjebygd i Åseral. Det er bare ein køyretur på 45 minutt frå Evje. Her kan du lære meir om den rike kulturhistoria til dei gode naboane våre. Her er Turistinformasjonen, lokalhistorie i form av utstillingar og dokumentarfilmar, kunstutstillingar, folkebibliotek, gåvebutikk og ein liten kafé. Gjennom året er det faste og skiftande utstillingar […]

Sosteli – Åseral

Sosteli jernaldergard, Åseral. Foto.

Sosteli jernaldergard er eit gardssamfunn frå eldre jernalder som ligg om lag 400 moh., to km vest for Kyrkjebygd sentrum i Åseral. Her finn vi tuftene etter busetnader frå kring Kristi fødsel framover mot 1000-talet. Det er eitt av Nordens best bevarte slike anlegg, og kanske det mest spennande og verdifulle kulturminnet i Åseral i dag. Gardsanlegget består av […]

Buret på Kyrkjevodden

Kyrkjevoddenburet er eit mellomalderbur på Kyrkjevodden under Åknes ved nordre enden av Lognavatn i Åseral. Buret er tidfesta til 1600-talet, 1. kvartal (1620). Grunneigar er Trond Egil Åknes. Bygningskulturen i Åseral skil seg frå den ein finn i andre kommunar i Vest-Agder, heiter det i Kulturminneplanen. Det er særs mange bur som framleis eksisterer. Skraddarburet i Austegard er det mest sagnomsuste, […]