Systog Trydal-loftet

Loftet i Systog Trydal. Foto.

På gardsbruket Systog i Trydal i Bykle står eit gamalt loft med årstalsinnskrifta 1528. Etter tradisjonen skal loftet vere sett opp av dei same tømrarane som bygde Rygnestadloftet for Vond-Åsmund Rygnestad. Om loftet i Trydal er oppført rundt 1528, stemmer det ikkje særleg godt med byggeåret for Rygnestadloftet. Det er truleg oppført mykje seinare, kanskje […]

Postvegen – Bjørnaråkleiva

Steinmurar etter den gamle vegen i skogen på Bjørnarå. Foto.

I skogen på Bjørnarå finn me framleis spor etter den første ordentlege køyrevegen mellom Valle og Bykle. Den første køyrevegen oppover i Setesdal, mellom Kile og Valle, blei bygd først på 1840-talet. Sør for Kile, frå Kristiansand og nordover, var det kome køyrbar veg litt før, i fleire etappar, på første halvdel av 1830-talet. I […]

Stavenes kulturlandskap – Bykle

Gamle hus på bruket Nybu 3. oktober 2018. Foto.

Stavenes er gnr. 16 og ei lita grend i Bykle. Ho ligg på austsida av Otra, om lag tre kilometer aust for Bykle kyrkjebygd. Stavenesvegen går over Dam Sarvsfoss til grenda frå hausten 2015. Aanund Olsnes skriv i Heimar og folk i Bykle at garden truleg er mellom dei eldre i Bykle. Han kan vere busett i før-kristen tid […]

Byklestøylane

Byklestøylane i vinterdrakt. Foto.

Byklestøylane ligg om lag fire kilometer nord for Bykle kyrkjebygd, langs Riksveg 9 på vestsida av Otra, på veg mot Hovden. Her hadde gardane Byklum og Gjerden bortestøylane sine i tidlegare tider. Nå held Byklestøylane Camping til her. I Bykle kultursoge heiter det at Åsmund Jåro tok til å bygge småhytter her i 1950-åra. Før det, i 1938–1939, hadde han sett opp ei […]

Hovden kraftstasjon

Elva Otra og ruinar etter gamalt kraftverk på Hovden. Foto.

Kraftstasjonen på Hovden blei bygd til det første Hovden Høyfjellshotell, som opna sommaren 1937. Det nye hotellet var eit luksushotell, det største i landet for si tid, og måtte sjølvsagt ha innlagt straum. Det blei difor bygd eit lite kraftverk i Otra, like vest for hotellet. Stasjonen leverte likestraum. Hotellet hadde med det elektrisitet heile […]

Fjellgardane kyrkje

Fjellgardane kyrkje. Foto.

Fjellgardane kyrkje, tidlegare kalla Hovden kapell, er ei langkyrkje bygd i tre i 1957. Kyrkja ligg sentralt på Hovden i Bykle. Arkitekt var Torjus Bjåen. Else Marie Jakobsen har laga eit antependium på 70 x 200 cm til kyrkja med tittel «Skal dei verta som den kvite ull». Hovden kapell blei vigsla av biskop i Agder bispedøme, Johannes Smidt, den fine haustdagen […]

Vegbrakka – Geiskeli

Gamal vegbrakke ved Geiskeli. Foto.

Den gamle vegbrakka som står ved innkøyringa til Geiskeli blei brukt under vegarbeidet i Bykle på 1920-talet. Opphaveleg var bua sett opp av dei to skogspekulantane Berke og Foss, for dei store tømmerdriftene i Berdalsskogane. Då stod bua lenger sør, ved Berdalsbru. Helleik Sigbjørnsson Glidbjørg (f. 1876, d. 1974) skal ha flytta frå garden og […]

Gjerden – Bykle

Gamle bygningar i Gjerden, Bykle. Foto.

Gjerden er ein gard (gnr. 15) i Kyrkjebygda i Bykle. Han er ein av dei tre gamle gardane der. Dei to andre er Byklum og Mosdøl. Dei gamle bygningane i garden er særs godt tekne vare på. Det er tre hovudbruk; Attistog, Nordstog og Der inne. I nyare tid har mykje areal gått ut frå […]

Bykle gamle bru

Brukara etter Bykle gamle bru. Foto.

Den gamle brua over Sveigefossen i Otra, sør-vest for Bykle kyrkjebygd, var i bruk frå 1879 til 1940, då norske motstandsfolk sprengte brua. Ei norsk hæravdeling låg i Vinjesvingen i Telemark, og ytte motstand mot den tyske framrykninga lenge etter at avdelingane i Setesdal hadde lagt ned våpena. Dei sprengte då Byklebrua og Berdalsbrua lenger nord, for å hindre åtak […]

Holsloftet

Holsloftet i Bykle. Stabburd. Foto.

Holsloftet er eit loft (stabbur) som i dag står på Tveitevollmyra, rett bak Bykle Hotell, i Bykle kyrkjebygd. Loftet stod opphaveleg på bruket Myri i Holen i Nordbygdi. Men då Botsvatn blei oppdemd i 1976, og Holen måtte fråflyttast, kjøpte kommunen loftet og flytta det til Nedre Sarv og seinare Tveitevollmyra. Holsloftet skal vere bygd rundt år 1700. I Heimar og folk i Bykle er det sagt at […]

Tverrå gamle bru – Bykle

Tverrå steinkvelvbru i Bykle. Foto.

Tverrå gamle bru er ei steinkvelvbru over Tverråi på den gamle køyrevegen mellom Berdalsbru og Hovden. Brua er ifølge Kulturminnesok.no bygd i 1915. Først var ho ein del av den planerte ridevegen som blei avlevert i 1915. Seinare inngjekk ho i køyrevegen som blei bygd her i 1924. Vegen heilt opp til Hovden var offisielt […]

Gamlevegen ved Berdalsbru

Otra forbi dei gamle brukara etter Berdalsbrua. Foto.

Den første brua over Otra ved Berdalsbru blei bygt i 1912–1913. Det var ei nydeleg steinkvelvbru, har eg sett på gamle bilete. Den gamle vegen følger elvekanten på austsida, til høgre på biletet, og møter Riksveg 9 like nord for der brua kjem over i dag. Sprengt av norske motstandsfolk Steinkvelvbrua blei sprengt i stykker […]

Auvervassåi gamle bru – Bykle

Den gamle steinkvelvbrua over Auvervassåi. Foto.

Auvervassåi gamle bru er ei vakker steinkvelvbru på «gamlevegen» mellom Bykle kyrkjebygd og Hovden. Brua er bygd i 1911 i følge opplysningar på Kulturminnesok.no. Først inngjekk ho i den halvannan meter breie planerte ridevegen som vart grovt ferdig i 1905 og avlevert i 1915. Så inngjekk brua i den endelege køyrevegen som vart grovt ferdig […]

Høybua på Skarsmo

Høyby, Skarsmo, Bykle. Foto.

Eg er veldig fengsla av den gamle høybua rett i nærleiken av rasteplassen på Skarsmo, litt nord for Byklestøylane, i Bykle. Fargane på landskapet – og bua – skiftar så fint etter årstidene. Eg kjenner meg alltid litt spent når eg nærmar meg denne staden. «Korleis ser bua ut i dag, tru?» Eg har fått […]

Hoslemo gamle bru

Hoslemo steinkvelvbru, Bykle. Foto.

Hoslemo gamle bru er ei steinkvelvbru over Hoslemobekken, på den gamle riksvegen mellom Bykle og Hovden. Det blei bygd rideveg med breidde to meter frå Bykle kyrkje til Hoslemo som stod ferdig i 1895. Få år seinare søkte ein om utviding av ridevegen til køyreveg, altså veg for hest og kjerre.  Denne utvida vegen kunne takast i bruk i 1904. Truleg blei den gamle […]

Huldreheimen – Bykle

Huldreheimen, Bykle. Foto.

Huldreheimen er eit bygdetun og friluftsmuseum i Kyrkjebygda i Bykle. Det er ei avdeling under Setesdalsmuseet. Her kan du oppleve gamle setesdalshus, ei huldreaktig stemning og eit fantastisk utsyn! Huldreheimen ligg slik til at det er ein flott tur å gå opp, vandre mellom dei gamle bygningane og ha eit storlått utsyn over heile kyrkjebygda i Bykle. Anlegget er ikkje […]

Lislestog – Bykle

Flatelandsstoga, Lislestog, Setesdalsmuseet. Foto.

Lislestog (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under Setesdalsmuseet. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd. I samlinga er det elleve tømmerbygningar og mange gjenstandar etter kunstmålaren Morten Henriksen. Henriksen var frå Oslo, men budde i Bykle om sommaren med kona si. Husa er ikkje sette opp som eit tradisjonelt rekketun som har vore vanleg i Setesdal, […]

Bykle gamle kyrkje – unikt kulturminne i Setesdal

Bykle gamle kirke. Foto.

Bykle gamle kyrkje er  ei av dei minste soknekyrkjene i Norge, og den mest særmerkte i Setesdal. Kyrkja er open 22. juni–13. august dagleg kl. 11-17. Gratis inngang. Kyrkja skal vere bygt i 1620, og kunne såleis feire stort 400-årsjubileum i 2020. Men før 1620 må det også ha stått ei kyrkje i Bykle, truleg ei stavkyrkje. […]

Bunkersen ved Lisletjønn i Bykle

Tysk bunkers fra 2. verdenskrig, Lisletjønn, Byle. Foto.

Ved Lisletjønn, på veg innover mot Bossvatn i Bykle, er det ein ganske intakt bunkers og maskingeværstilling som tyskerane bygde under 2. verdskrigen. Stillinga var truleg meint å skulle sikre den nord-vestre flanken til hovudstillinga, som var ved Byklestigen. I ein rapport om tyske forsvarsverk i Bykle kommune heiter det: Korleis kjem du dit Frå Riksveg […]

Gjetarhytta på Bjåen

Gjetarhytta på Bjåen var i bruk i samband med tamreindrifta i Bykle. Tamreindrifta tok slutt i 1978. Her budde dei siste reinsdyrgjetarane. Hytta er i sinklaft. Ho står enno ved nordre enden av Breidvatn, på veg inn mot busetnaden på Bjåen. Ho blei først sett opp i Breive, austafor gardsbruket Flaten. Tidleg på 1950-talet blei ho flytt til Bjåen. Ei […]