I fotspora til setesdølane – Lintjønnkleiva i Øvrebø

Lintjønnkleiva var ein bakke på den gamle setesdalsvegen, rett sør for Reiersdalskleiva, i Øvrebø i Vennesla. Denne gamle, bevarte vegstubben ligg på vestsida av Riksveg 9, mellom Lintjønn og riksvegen, når du køyrer oppover bakkane etter å ha passert krysset der det går veg innover mot Reiersdal og Tjomsås. Køyrevegen (kjerrevegen) i kleiva her blei […]
I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland

Kiledalskleiva var ein bratt bakke på Postvegen, den første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal, mellom Kiledal i Hægeland og Vestre Hodne i Hornnes. Spesielt vinterstid kunne kleiva vere glatt og vanskeleg å forsere. Om lag midt i kleiva ligg framleis den spesielle Kiledalskleiva bru. Riksveg 9 går forbi rett under kleiva. Eg har omtalt Kiledalskleiva, og har med fleire bilete, i det trykte heftet mitt om Postvegen […]
I fotspora til setesdølane – Reiersdalskleiva i Øvrebø

Reiersdalskleiva er eit vegstykke på den gamle Setesdalsvegen på Reiersdal i Øvrebø i Vennesla. Den første traseen her blei bygd 1829–1833. Han var i bruk til 1884 («Gamle Reiersdalskleiva»). Då kom det ein ny trase litt høgare oppe i terrenget («Nye Reiersdalskleiva»). Denne nye kleiva var i bruk til 1965, då vegen blei flytta litt austover til der Riksveg 9 går […]
I fotspora til setesdølane – Myrbotnkleiva

Myrbotnkleiva var ein lang bakke på den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand, rett ved Riksveg 9, mellom Vehus og Homstean i Øvrebø. Vegen i kleiva ned til Knutsmyr blei bygd i 1829–1832. I dag finn du han lett rett sør for krysset mellom Riksveg 9 og Fylkesveg 3948 (Utsognvegen) mot Stokkeland. Nokre få hundre meter […]
I fotspora til setesdølane – Knutskleiva ved Homstean

Rett sør for Homstean i Øvrebø i Vennesla, på nedsida (vestsida) av Riksveg 9, står mest heile Knutskleiva igjen etter den aller første kjerrevegen nordover frå Kristiansand. Vegen i kleiva blei bygd i 1832. Dette var lenge før Postvegen kom gjennom Setesdal. Men seinast då Postvegen var køyrbar med hest og kjerre først på 1840-talet, […]
I fotspora til setesdølane – Eljannskleivan på Hægeland

Den gamle setesdalsvegen gjennom Hægeland gjekk forbi Hægeland kyrkje og ned Eljannskleivan før han passerte over Eldjansåna på bru. Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Eldjannskleivan, blei bygd i 1835. Vegen ligg noko aust for dagens Riksveg 9. Det er lagt […]
I fotspora til setesdølane – Espelandskleiva

Espelandskleiva mellom Frivoll og Espeland i Hægeland var ein del av den første køyrevegen mellom Mosby og Kile. Vegen kom i åra 1829–1835. Espelandskleiva blei bygd rundt 1833. Køyreveg mellom Kile og Dåsnes kom i 1839–1843. Køyreveg heilt opp til Valle stod først ferdig i 1846. I Setesdal er denne første køyrevegen mykje blitt kalla […]
«Setesdalsvegen» forbi Troåsen i Hægeland

Frå rundt 1835 til 1884 gjekk den første køyrbare «Setesdalsvegen» i Tromyrkleiva på Eikeland, noko vest for dagens Riksveg 9, rett sør for Hægelandskrossen. Vegen forbi Tromyrkleiva blei bygd 1829–1835 heiter det på Kulturminnesok.no, og utvida 1845–1847. Han var i bruk til 1884. Då blei det bygd ny trasé på austsida av Spelarfjellet, meir der […]