Fjellskarbrua 25. oktober 2017. Foto: Geir Daasvatn

Fjellskarbrua – Rysstad

Fjellskarbrua er ei bru på ein tidlegare parsell av Setesdalsvegen, ved Fjellskardevja, rett sør for Rysstad i Hylestad.

Ho er ei stålbjelkebru, med brukar av hoggen stein, bygd i 1919. Det var den tredje brua på staden.

Brua var for svak for dei tunge transportane då Brokke kraftverk blei bygd på 1960-talet, skriv Reidar Tveito i den glimrande boka si om Riksveg 9 og bruer og særtrekk langs vegen. Difor fekk dei fire stålbjelkane ei ekstra understøtting av tømmer.

Det er usikkert nøyaktig når den første brua over Fjellskarevja blei bygd. Men truleg var det i tida rundt 1840 eller litt etter, då Postvegen blei bygd oppetter Setesdal. Den andre brua kom i 1890, og var ei trebru.

I 1969 blei Fjellskarbrua avløyst av dagens fyllingsbru på Riksveg 9. Brua fungerer i dag i staden som gang- og sykkelbru.

I Kulturminneplanen til Valle kommune er dette gamle vegstykket på Setesdalsvegen, med Fjellskar bru, peika på som ein parsell med spesiell interesse.

Fjellskardevja – Rysstadmo på Norgeskart.no

Kjelder

Rett i nærleiken

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle