Huldreheimen med Bykil langt nede i dalbotnen. Foto: Geir Daasvatn

Huldreheimen – Bykle

Huldreheimen er eit bygdetun og friluftsmuseum i Kyrkjebygda i Bykle. Det er ei avdeling under Setesdalsmuseet. Her kan du oppleve gamle setesdalshus, ei huldreaktig stemning og eit fantastisk utsyn!

Huldreheimen ligg slik til at det er ein flott tur å gå opp, vandre mellom dei gamle bygningane og ha eit storlått utsyn over heile kyrkjebygda i Bykle. Anlegget er ikkje betjent om sommaren, men det er laga til slik at dørene står oppe og det er muleg å sjå inn i bygningane.

Korleis kom det i stand?

Bygningane vart samla av dr. Anton Raabe og skodespelarinne Tore Segelcke. Alle husa er flytte til staden. Av seks bygningar er tre frå Bykle og tre frå Valle/Hylestad. I borgarleg nasjonalromantisk ånd skapte Raabe og Segelcke seg eit ferieparadis slik dei sjølve sa det, og ynskte samstundes å ta vare på gamal setesdalskultur som var i ferd med å forsvinne. Tunet er slik sett ikkje eit gardstun, men ei samling av enkeltbygningar og -gjenstandar.

Bygningane

Om du tek deg tid til ein liten stopp i Bykle, og spaserer dei få meterane opp til Huldreheimen, blir du belønna med denne utsikten! Foto: Geir Daasvatn

Huldreheimen består av ei årestoge (ca 1500) frå Tveiten i Valle, ei støylsbu frå Heddestøyl i FinndalenMargitsloptet (ca 1600) frå Gjerden i Bykle, eit stolpehus (ca 1600) frå Uppstad, eit loft, Ryningsloptet, (truleg 1300-1400) og eit kvernhus (ca 1700) frå Nesland i Bykle.

Huldreheimen vart gitt i gåve til Bykle kommune i 1948. Familien Raabe/Segelcke hadde rett til å bruke tunet, og Tore Segelcke var på årlege sommarbesøk heilt til midten av 1970-talet. Då gjekk ho rundt i setesdalsstakkar, og var som ei av bygdas eigne kvinner.

Bykle kommune har vedlikehalde samlinga, men ingenting har vorte endra. Huldreheimen står som tunet gjorde då Raabe og Segelcke brukte det.

Korleis du kjem dit

Frå Rv-9 tek du opp Sarvsvegen ved Bykle Hotell. Etter nokre få hundre meter svingar du til venstre og inn i Jarevegen. Du følger vegen mest til endes, der det er parkeringsplass. Derfrå går det ein fin gangveg det korte stykket oppover bakken til Huldreheimen. På veg oppover kan du beundre dei mange vakre, gamle bygningane i Gjerden.

Kart over området

Kjelder

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle