Lintjønnkleiva var ein bakke på den gamle setesdalsvegen, rett sør for Reiersdalskleiva, i Øvrebø i Vennesla.
Denne gamle, bevarte vegstubben ligg på vestsida av Riksveg 9, mellom Lintjønn og riksvegen, når du køyrer oppover bakkane etter å ha passert krysset der det går veg innover mot Reiersdal og Tjomsås.
Køyrevegen (kjerrevegen) i kleiva her blei bygd i 1833. Han passerte forbi ein husmannsplass ved Lintjønn. Her blei ein av dei største felemakarane i Norge, Gunnar Andersen Raustad, fødd i 1874. Plassen var ikkje stor. I 1865 var det ein familie her, med ei ku og tre sauer.
Stykket held fram under biletet
Vegen var i bruk til 1884. Han blei noko øydelagt under ei maskinell skogsdrift rundt 2020.
Over Linbekken gjekk Linbekk bru. Den første brua var ei trebjelkebru. Trebrua blei erstatta av steinkvelvbrua i 1861.
Vegen i Lintjønnkleiva var i bruk som setesdalsveg til 1884. Då blei han flytta litt austover, til om lag der Riksveg 9 går i dag.
Setesdølane i Lintjønnkleiva
Før det kom køyreveg oppover i Setesdal på byrjinga av 1840-talet, brukte setesdølane mykje å fare langs Fjellmannsvegen (Dalevegen) når dei var på bytur. Det var ein veg for gåande og kløvhestar, og kanskje hest med slede om det var mogeleg. Denne eldre kløvvegen gjekk litt lenger vest i terrenget i dette området, bortover mot Tjomsås. Eg vil tru at dei fleste dølane forlot Fjellmannsvegen, og heldt fram turen på den nye kjerrevegen, etter kvart som han stod ferdig oppover frå Kristiansand mot Kile.
Stykket held fram under biletet
Kjelder
- Artikkelen om Lintjønnkleiva på Kulturminnesok.no
- Reidar Tveito, Riksveg 9. Bruer og særtrekk langs vegen, Byglandsfjord 2014, s. 38–39
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen Vest-Agder, 2000, s. 186
Du vil kanskje også lese
- Postvegen i Hornnes
- I fotspora til setesdølane: Eljannskleivan i Hægeland
- Gamle Setesdalsvegen forbi Troåsen i Hægeland
- I fotspora til setesdølane: Espelandskleiva i Hægeland
- I fotspora til setesdølane: Reiersdalskleiva i Øvrebø
- I fotspora til setesdølane: Med Kleiva i Øvrebø
- I fotspora til setesdølane: Almkleiv i Øvrebø
- I fotspora til setesdølane: Myrbotnkleiva i Øvrebø
- I fotspora til setesdølane: Knutskleiva ved Homstean
- I fotspora til setesdølane: Moldkleiv på Mosby