Gamle setesdalsvegen ved Skorpetveit 26. nov. 2018. Riksveg 9 til høgre. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Skorpetveit

Køyreveg frå Valle til Bykle kom først på 1870-talet. Ved Skorpetveit nord i Valle kan me framleis sjå ei lang sløyfe av gamlevegen.

Postvegen – den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre – stod ferdig fram til Valle kyrkje i 1846. Vidare nordover til Bykle var det framleis ikkje køyrbar veg. Først i 1865 blei det litt fart i planane om køyreveg til Bykle. Arbeidet kom i gang på byrjinga av 1870-talet. I 1879 stod vegen endeleg ferdig fram til Bykle kyrkje.

Skorpetveit

Under Skorpetveitfjellet, mellom Vormeviki og Reimarmoen heilt nord i Valle, blei vegen bygd rundt 1873. Han var i bruk til 1922.

Gamlevegen ligg framleis godt synleg i landskapet, rett på austsida av Riksveg 9. Delar av vegstykket er skjult bak ein svær rasvoll som er bygd i nyare tid.

Treng du ein liten pause på køyreturen? Då er dette ein fin stad å stanse bilen og trekke litt frisk luft, medan du spaserer ein kort tur «paa gjengrodde stier».

Skorpetveit på Norgeskart.no

Kjelder

Du vil kanskje også sjå

Detalj frå gamlevegen. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Postvegen – Bjørnarå
Postvegen – Kroni til Moen
Byklestøylane
Systog Trydal-loftet
Flåt nikkelgruve
Haugefjellet feltspatgruve – Evje
I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva
Riksveg 400 forbi Kalveskinnsuppsa
Hauganloftet
Reiårsfossen gamle bru – eit vakkert vegminne
Riksveg 400 – Syrtveit til Døletorv
Hengebrua over Otra på Ørnefjell

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.