Den største flotingsmuren på austsida av elva, rett ved Syrtveit rasteplass. Vasstanden i elva var i periodar senka noko ved bygginga av Fennefoss kraftverk lenger nede 2020–2023. Då kom heile muren til syne. Me ser tydeleg kor mykje breiare elveløpet ville ha vore utan steinskjermen. Foto: Geir Daasvatn

Syrtveitsfossen – flotingsmurar

På begge sider av den svære Syrtveitsfossen i Otra i Evje og Hornnes ligg det framleis att store steinskjermar etter tømmerflotinga på elva.

Syrtveitsfossen var brei og urein. Difor blei det sett opp tre svære steinskjermar for å gjere fossen smalare og «styre» tømmeret. I dag står desse gamle flotingsmurane framleis på staden, og minnar oss om den store verksemda tømmerflotinga på elva ein gong var.

Eg veit ikkje nøyaktig kva tid dei tre murane i Syrtveitsfossen blei sett opp. I ei utgreiing frå 1875 nemner ingeniør G. Sætren at Syrtveitsfossen bør gjerast smalare med skjermar. Men bare ein liten del av dei arbeida Sæthren tilrådde den gong blei utført. Ein steinskjerm ved Syrtveitsfossen skal vere bygd i 1906. Ut frå samanhengen vil eg tru det er den største, på austsida. Ein skjerm på Kvennhusskjæret i fossen stod ferdig i 1915. Det må truleg vere den andre skjermen på austsida. Den tredje, på vestsida, har eg ikkje funne opplysningar om så langt. På Kulturminnesok.no er alle tre bare daterte til 1900-talet.

Den mest «besøkte» av desse steinmurane, den største, ligg på austsida av elva, bare nokre få meter frå den populære rasteplassen langs Riksveg 9 på Syrtveit. Veldig mange tek ein tur ut på denne muren for å sjå den mektige fossen på nært hald. Eller for å få eit glimt av raftingflåtane til TrollAktiv som ofte suser forbi.

Stykket held fram under biletet

Den andre steinskjermen på austsida av elva. Han skulle nok hindre at tømmeret ussa seg innover i den vesle vika som er her. Foto: Geir Daasvatn

Steinskjermane i Syrtveitsfossen og andre stader mellom Byglandsfjorden og Kilefjorden er alle temmeleg låge. Elva er breiare på dette strekket enn lenger nede. Ved flom (før dei store vassdragsreguleringane) steig vasstanden difor mindre her enn i det nedre og trongare løpet. Då kunne steinskjermane også byggjast lågare.

Stykket held fram under biletet

Syrtveitsfossen 9. oktober 2013. Me ser tydeleg korleis murane er setta opp for å leie tømmerstokkane gjennom fossen. Oppe til venstre i biletet, på vestsida av elva, ser me den tredje muren. Foto: Geir Daasvatn

Syrtveitsfossen på Norgeskart.no

Kjelder

Du vil kanskje også sjå

Mykje vatn i Syrtveitsfossen 9. september 2017. Seinare den hausten, i byrjinga av oktober, var det endå meir vatn. Eg har personleg aldri sett at vatnet har gått over steinskjermen. Men eg vil tru det har skjedd? Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle