Volefossen – flotingsmurar

Fire steinskjermar på vestsida av Volefossen i Otra i Evje og Hornnes står att som minne etter den svære flotinga av tømmer som ein gong var på elva. Tømmerflotinga på Otra blei driven frå sist på 1500-talet til kring 1980. Floting var den gamle måten å frakte tømmer på. Gjennom hundrevis av år bar elva […]
Flyvarslingsposten på Tårnhaugen i Bykle

Under andre verdskrigen etablerte tyskerane ein flyvarslingspost på Tårnhaugen i Bykle kyrkjebygd. «Før utviklingen av radarkontrollerte luftrom mot slutten av krigen var luftvarslingsposter en av få muligheter til å varsle om innkomne fly», skriv Tormod Christiansen i ein omfattande artikkel om tyske krigsminne i Bykle, Valle og Bygland i årsskriftet til Setesdal sogelag, Setesdal og […]
«Tyskarvegen» på Langeid

Den såkalla «Tyskarvegen» på Langeid skulle vere ein del av det påtenkte, indre vegsambandet frå Telemark via Setesdal til Rogaland. Det var norske planar frå tidleg på 1900-talet og framover som okkupasjonsmakta tok opp att under andre verdskrigen. Den formelle avgjerda om at «Langeidlinja» skulle vere traseen for høgfjellsvegen Rogaland–Setesdal–Telemark blei teken av Arbeidsdepartementet i […]
Dalevegen – Øyreviki

Den gamle ridevegen mellom Bykle og Valle gjekk nede langs Otra forbi Øyreviki nord for dagens Bykle bru. Etter å ha passert vika heldt han fram ganske bratt opp ei kleiv, på nedsida av der Riksveg 9 er no. «Rideveg» tyder her ein veg for gåande og kløvhestar. Kulturberaren Folke Nesland kallar den gamle «hovudvegen» […]
Riksveg 400 rundt Toptenes

Svingen på den gamle setesdalsvegen rundt Toptenes var så brå at bakparten på bussen kom utforbi vegmuren når han svinga! Toptenes stikk ut i Åraksfjorden like sør for Frøysnes i Bygland. Her er spor etter tre generasjonar veg. Postvegen gjekk rett fram over fjellknausen (ca. 1842 til 1920-talet). Riksveg 400 – den gamle setesdalsvegen – […]
Postvegen i Toptenesbakken

Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal. Over Toptenes like sør for Frøysnes blei vegen bygd rundt 1842. Alt i 1833 la vegmeister Georg Daniel Barth Johnsen fram den fyrste planen om veg oppover i Setesdal. I 1839 løyvde Stortinget pengar til vegen. «Arbeidet gjekk etter måten […]
Heggjesletta – heimen til Vise-Taddei

Husmannsplassen Heggjesletta i Bykle kyrkjebygd var heimen til den sjølvlærte og synske «bygdedoktoren» Tellef Osmundson Byklum (f. 1836, d. 1916). «Vise-Taddeiv var ein mann utom det vanlege», skriv Knut Gjerden i Bykle kultursoge (1993). Han var mest kjend for lækjarkunsten og den synske evna, forklarar Gjerden. Men han var allsidig og hadde mange talent. Han […]
Steinmuren ved Landeeika

Eg har ofte undra meg på historia bak den vakre steinmuren langs elva ved Landeeika. Nå har Eystein Greibrokk hjulpe meg ut av uvita! Planlegginga av Landeskogen tuberkulosesanatorium i Grendi tok til tidleg på 1900-talet. Eit ledd i planane var å bygge kraftstasjon som skulle forsyne anlegget med straum. Kraftverksplanane Tanken var då å utnytte […]
Dammen i Nordåna – Grendi

I Nordåna i Grendi er det ein forseggjort dam av tilhogde stein frå tida då Landeskogen var tuberkulosesanatorium. Planar om kraftstasjon i Grendi Då planlegginga av sanatoriet tok til var tanken å bygge kraftverk i Nordåna. Staten kjøpte difor vassrettane i elva, både fallrettane og rett til vatn til bruk på Landeskogen. Planen om kraftverk […]
Longerak brygge

Longerak brygge ligg langs Byglandsfjorden, nedst i innmarka til gardsbruket Innistog, på Longerak i Bygland. På Kulturminnesok.no heiter det at brygga er bygd i 1867. Det er det året dampbåttrafikken på Byglandsfjorden tok til. Ho var i bruk av damprutebåten «Dølen» frå 1867 til 1931. «Bjoren» brukte brygga frå 1897, etter at båten var flytta […]
Frøysnes brygge

Frøysnes brygge ligg langs Åraksfjorden, sør på Frøysnes, noko før det første huset på garden. Brygga blei bygd i 1869. Ho er bygd av grovt tømmer og stein. Det var dampbåtane Dølen og seinare Bjoren (frå 1897) som nytta brygga. Les også: Bjoren – eventyrbåten på Byglandsfjorden Den første brygga blei utbetra rundt 1905, som følge av oppdemminga av Byglandsfjorden. Det […]
Dalevegen – Lauvåsheia

Før Postvegen si tid, før 1840-talet, fór setesdølane langs gamle gang-, kløv- og ridevegar når dei hadde ærend i Kristiansand. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen frå Kristiansand nordover gjennom Setesdal, stod ferdig til Valle kyrkje kring 1846. Men han var farande eit par år før, i 1844. Med «køyreveg» talar me då om ein veg […]
Drenkadøl – Rygnestad

Drenkadøl var ein husmannsplass øvst oppe i jordet på Rygnestad, mot Rygnestadåne. I høgmellomalderen var staden truleg eigen gard. Yngste sonen til Vonde-Åsmund Rygnestad, Dreng, skal ha fått garden i arv etter faren. Knut Torleivsson Rygnestad (f. 1769, d. 1846) og kona Gunhild Vigleiksdotter Rygnestad (f. 1778, d. 1857) er dei første me kjenner til som sat i Drenkadøl i nyare […]
Straumsfjordstemmen

Straumsfjordstemmen er ein flotingsstem i søre enden av Straumsfjorden i Setesdal austhei. Straumsfjorden er den øvste delen av Tovdalsvassdraget. Størstedelen av den svære innsjøen, som er kring 11 km lang, ligg i Valle kommune (Straume, Hylestad). Sørenden ligg i marka til Nordre Heistad i Bygland. Frå utlaupet renn Tovdalselva sørover gjennom ei lang rekke vatn […]
Koparverksdammen – Hovatn

Koparverksdammen var ein stem Sæthersdalens Kobberværk sette opp i Hovatn i Bygland rundt 1845. Sætherdalens Kobberværk var ei svær industriverksemd som var i drift bare nokre få år på slutten av 1840-talet. Det var gruvedrift etter kopar ved Straumsfjorden og i Bøgruva i Valle og smeltehytte i Åraksbø. Tiltaket enda i dundrande konkurs. Dammen Damstaden […]
I fotspora til setesdølane – Grimsbrua i Kristiansand

Grimsbrua er den eldste steinkvelvbrua i tidlegare Vest-Agder. Oppover i Setesdal kom det som me veit køyreveg for hest og kjerre – Postvegen som han seinare er kalla – først i 1840-åra. Men frå Kristiansand og nordover var det køyreveg mange tiår tidlegare. Frå Kristiansand sentrum, om lag frå øvre enden av Markensgate, gjekk den […]
Langerak kraftverk – røyrgata

Langerak kraftverk får vatnet sitt gjennom ei røyrgate som er 1200 meter lang frå inntaksdammen i Longeraksåna bratt ned dalsida til stasjonen. Kraftverket på Longerak er berømt, og eit verdfullt kulturminne. Røyrgata som fører vatnet ned til vassturbinen er mindre påakta. Men ho er eit imponerande kunstverk i seg sjølv. Heldigvis har Kathe Merete Kjetså […]
Stampen i Homsåne

I Homsåne (Kvinnåne) i Homme i Valle står det att ein vassdriven tøystamp. Her kunne folk få stampa vevane sine, altså få tøvt dei til ferdig vadmål. Eg har lese at det var tøystampar rundt om i både Bykle, Valle, Hylestad og Bygland. Då var det sikkert slike i min eigen heimkommune Evje og Hornnes […]
Dalevegen – Kveste til Tveiten

Før Postvegen si tid, før 1840-talet, gjekk ein gamal rideveg i Valle frå Kveste gjennom Andaskar til Tveiten. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen frå Kristiansand nordover gjennom Setesdal, stod ferdig til Valle kyrkje kring 1846. Men han var farande eit par år før, i 1844. Med «køyreveg» talar me då om ein veg det var […]
Ramselia – Øvre Dåsvatn

Ramselia var ein husmannsplass ved Storebekk på Øvre Dåsvatn i Hornnes. Staden er rett ovanfor der Storebekk kraftverk står i dag. Traktorvegen frå kraftverket opp til inntaksdammen går gjennom husmannsplassen. Ca. 200 meter ovanfor kraftverket er det ein snuplass eller velteplass på nedsida av vegen. På oversida, oppover i bakken, ligg størstedelen av husmannsplassen. Rydda 1855 Ramselia blei rydda og bygsla kring 1855. Asbjørn […]
Nordstemmen – Bygland

Nordstemmen er ein smal, men ganske lang steinstem som blei sett opp i Nordåna (Skrelandsåna) ved Tangen i Bygland, truleg i 1905. Nordåna var flotingselv frå Skrelandsbrua og sørover , og åna blei demd opp for å skaffe vatn til tømmerflotinga. Utbygginga av kraftverk i Setesdal, og den tilhøyrande vassdragsreguleringa, gjorde slutt på flotinga av […]
Årdal gamle brygge

Ved oppstarten av dampbåttrafikken på Byglandsfjorden i 1867, låg brygga i Grendi noko lenger ute i fjorden enn ho gjer i dag. Denne første Årdal-brygga – som ligg kanskje 50–100 meter rett vest for spissen av Odden – må vel vere bygd i 1867. Ho blei brukt av damprutebåtane Dølen og (frå 1897) Bjoren. Båtane […]
Homme skulehus – Valle

Homme skule låg i Neset på Hommehaugen, og var skule for borna frå Homme og Tveitebø i Valle i tida 1876 til 1952. Konfirmasjonen blei innført i Noreg i 1736. Det førte med seg eit krav om undervising av dei unge. Det var bakgrunnen for at skulestellet etter kvart måtte kome inn i fastare former. Lenge var det bare tale om «omgangsskule». […]
Sandnes skulehus

Sandnes skulehus er den vesle, gule bygningen som ligg langs bygdevegen når du kjem til Sandnes i Bygland sørfrå. På første halvdel av 1800-talet var det ikkje faste skulehus, slik det blei seinare. Det var såkalla «omgangsskule», der skulen blei halden på dei ulike gardane etter tur. Med tida steig rimelegvis krava. Omgangsskulen var upraktisk. […]
Skomedal skulehus – Bygland

Det gamle skulehuset på Skomedal ligg rett på oppsida av den gamle riksvegen gjennom grenda. Det er bygd i 1888. På første halvdel av 1800-talet var det ikkje faste skulehus, slik det blei seinare. Det var såkalla «omgangsskule», der skulen blei halden på dei ulike gardane etter tur. Med tida steig rimelegvis krava. Omgangsskulen var […]
I fotspora til setesdølane – Hallbakken på Mosby

I Hallbakken, rett sør for Høie Fabrikker på Mosby, kan me framleis sjå spor etter den første køyrevegen nordover frå Kristiansand. Med «køyreveg» forstår me då ein veg det var mogeleg å køyre med hest og kjerre på. Hallbakken er staden kalla. Vegen ligg på nedsida av den svære fyllinga som Riksveg 9 ligg på, […]