Galtelandsteinen – historisk sus ved Fennefossen

Galtelandsteinen er en berømt runestein som stod på Listeinsmoen på Evje i 700 år, fra ca 1016–ca 1750. En etterligning er satt opp på samme sted man tror runesteinen stod. I dag kaller vi Listeinsmoen for Verksmoen. Enten du bor på Evje, er gjest på en av campingplassene i bygda eller bare er på gjennomreise, gir […]
Bjoren – Eventyrbåten på Byglandsfjorden

D/B «Bjoren» er den vedfyrte dampbåten som trafikkerer strekningen Byglandsfjord-Bygland og Bygland-Ose søndager og noen onsdager i sommersesongen. Ved som drivstoff var – og er – et naturlig valg siden det er rikelig, lokal tilgang på dette. Vedfyringen bidrar sterkt til å gjøre Bjoren til en unik kulturskatt og et flytende, teknisk museum. Båten er […]
Flåt nikkelgruve

Flåt nikkelgruve er ei nedlagd nikkelgruve i Mykleåsen i Flot mark i Flatebygd i Evje og Hornnes. Ho var ein gong Nord-Europas største nikkelgruve! Sjølve gruva er stengt og plombert. Men det er mykje spennande å sjå oppe på overflata også. Gruveområdet er difor ein ypparleg stad for eit besøk for deg som er interessert i gamal gruvehistorie. Frå hausten 2023 ligg Gruveblikk, dagsturhytta i […]
Deknehola ved Storstraumen

Deknehola er ei grop eller eit djupt søkk i moreneryggen på austsida av Fuglekilen, rett aust for Storstraumen, i Bygland. Hola er eit synleg minne om eit mislukka kanaliseringsprosjekt som prominente menn i Bygland sette i gang rundt 1740. Før det kom køyreveg (kjerreveg) oppover i Setesdal, blei mykje gods frakta etter Byglandsfjorden på nokre […]
Langerak kraftverk

Langerak kraftverk er eit vasskraftverk i grenda Longerak i Bygland. Det spesielle kraftverksbygget er vel verdt eit besøk i seg sjølv. Er du i området likevel, til dømes for å gå i turløypa opp til Snipa, har du ein ekstra god grunn til å studere praktbygget litt nærare. Det ligg i skogen, rett på oversida av Riksveg 9. Kraftverket […]
Landeeika – eitt av Norges eldste tre!

Landeeika er eit eldgamalt, kanskje 1000 år gamalt, tre i Grendi i Bygland. Det veks like attmed riksveg 9, eit par hundre meter sør for Årdal kyrkje. Landeeika skrivast óg som Landeeiki. I fylgje forfattar Nystad så var dette eit heilagt tre. Diameteren i rota skulle vera 3,5 meter. Alderen er noko uviss, men fagfolk meiner han ligg mellom 800 […]
Vakre Hornnes kyrkje frå 1828

Hornnes kyrkje er ei vakker, åttekanta kyrkje frå 1828 på Hornnes i Evje og Hornnes. Kyrkja vart vigsla av prost Paul Brodahl Larsen 22. juni 1828. Byggmeister var Leg Askildson Hallingskaar frå Laudal i Vest-Agder. Arbeidet var ikkje heilt vellukka, og tårnet var skeivt. Noko seinare vart det difor bygd nytt tårn. Dette arbeidet blei utført av Anders Torson Syrtveit («Anders kyrkjebyggar»). Kyrkja er lafta og har 300 […]
Loftet på Nomeland Der oppe

Loftet er eit eldgamalt «lopt» på gardsbruket Der oppe (bnr. 5) på Nomeland i Hylestad i Valle. Det ligg rett ved Riksveg 9, på vestsida av vegen, og er lett å sjå når du er forbi der. Ut frå lafteteknikken som er brukt i underhøgda (findalslaft), kan ein med stor grad av sikkerheit seie at […]
Bykle gamle kyrkje – unikt kulturminne i Setesdal

Bykle gamle kyrkje er ei av dei minste soknekyrkjene i Norge, og den mest særmerkte i Setesdal. Kyrkja er i 2026 open kvar dag 23. juni–16. august kl. 10-16. Gratis inngang. Kyrkja skal vere bygt i 1620, og kunne såleis feire stort 400-årsjubileum i 2020. Men før 1620 må det også ha stått ei kyrkje i Bykle, […]
Haugenloftet – ein unik kulturskatt

Haugenloftet, eller Haugeburet som det vel kallast lokalt i Bygland, vart bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Med unntak for kyrkjebygg, skal loftet vere den nest-eldste trebygningen i Noreg, etter Vindlausloftet i Tokke i Telemark. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i vikingtida, rundt […]
Landeeika gjennom nok eit år!

Om bare to dagar kan Landeeika feire endå eit årsskifte. Nøyaktig kor mange det har vore, veit vel ingen. Men kanskje 600, 800 eller 1000?! Eg kom forbi Grendi i dag. Eg blei litt uroa, for Landeeika såg endå litt skakkare ut enn sist eg såg henne. Truleg var det bare synet – eller husken […]
Buret på Kyrkjevodden

Kyrkjevoddenburet er eit mellomalderbur på Kyrkjevodden under Åknes ved nordre enden av Lognavatn i Åseral. Buret er tidfesta til 1600-talet, 1. kvartal (1620). Grunneigar er Trond Egil Åknes. Bygningskulturen i Åseral skil seg frå den ein finn i andre kommunar i Vest-Agder, heiter det i Kulturminneplanen. Det er særs mange bur som framleis eksisterer. Skraddarburet i Austegard er det mest sagnomsuste, […]
Gjetarhytta på Bjåen

Gjetarhytta på Bjåen var i bruk i samband med tamreindrifta i Bykle. Tamreindrifta tok slutt i 1978. Her budde dei siste reinsdyrgjetarane. Hytta er i sinklaft. Ho står enno ved nordre enden av Breidvatn, på veg inn mot busetnaden på Bjåen. Ho blei først sett opp i Breive, austafor gardsbruket Flaten. Tidleg på 1950-talet blei ho flytt til Bjåen. Ei […]