Bispestolane – spennande kulturminne og fint turmål

Segn eller sanning? Bispestolane er eit freda kulturminne, tre oppmura steinstolar, på Tellaugheia mellom gardane Espetveit og Kalland sør-vest i Evje og Hornnes. Korleis kome dit Frå Rv-9 på Moisund går Fv-301 (Abusdalsvegen) om lag 8 km vestover til Leiteskaret før Bispestolane hyttefelt. Du kan følge skogsbilvegen Bispevegen (over) ca 1,2 km sørover fram til Bispestolane. Dei ligg nær ein […]
Dalemannsteinen – Fennefoss

Dalemannsteinen er ei svær steinblokk ved breidda av Otra rett under Fennefossen på Fennefoss i Hornnes. Han er eit minne etter båtferdsla på Kilefjorden. Når folk på veg frå Kristiansand til Setesdal i eldre tider brukte båt på Kilefjorden, måtte dei gå i land nedanfor Fennefossen. Herfrå måtte dei gå eller ri for å kome vidare oppover dalen til Gullsmedmoen. Der dei gjekk i land, ved […]
Rygnestadloftet

Rygnestadloftet er eit særmerkt loft (stabbur) i Rygnestadtunet på Rygnestad i Valle. Loftet er bygd av Vonde-Åsmund Rygnestad (1540–1596) ca. 1590, på garden hans Nordigard Rygnestad. Det er verdsett for sine fine proporsjonar, svært gode handverk og materialbruk. Laftet har særleg store dimensjonar. Forsvarsbygg? Loftet blei ifølge tradisjonen brukt til forsvar. Der er ei lita luke som fører til ein underjordisk gang som endte […]
Ljosland kapell

Ljosland kapell er ei kyrkje på Ljosland i Åseral, bygd i 1959. Kyrkja er rektangulær og bygd i tre. Arkitekt var A. Erikstad. Kyrkja har 95 plassar. Altertavla er «Jesus på korset» av Ottar Helge Johannessen (1959) og eit kors i tre med glassmosaikk. Preikestolen er i tre og laga av Tveitestøl og Roland i 1959. Også døypefonten er i […]
Bygland kyrkje

Bygland kyrkje er ei korskyrkje bygd i 1838 av Anders Torson Syrtveit etter teikning av arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow. Ho ligg på austsida av Riksveg 9 i Bygland sentrum. Kyrkja har 250 plassar og galleri. Ho vart vigsla 18. november 1838 av prost Ole Berg frå Evje. Kjelder Rett i nærleiken
Årdal kyrkje

Årdal kyrkje ligg vest for Riksveg 9 i Grendi i Bygland. På vestsida av kyrkja ligg Byglandsfjorden. Ho er soknekyrkje for Årdal sokn i Bygland. Den åttekanta, tømra kyrkja vart bygd på Lande sin grunn i 1827-1828 av Anders Torson Syrtveit (og kjend som «Anders kyrkjebyggjar»). I 1988 fekk ho nytt våpenhus. Kyrkja har plass til 200 personar. Kyrkjegarden Den eldste delen av kyrkjegarden er rundt kyrkja. Eit nytt […]
Hovden kraftstasjon

Kraftstasjonen på Hovden blei bygd til det første Hovden Høyfjellshotell, som opna sommaren 1937. Det nye hotellet var eit luksushotell, det største i landet for si tid, og måtte sjølvsagt ha innlagt straum. Det blei difor bygd eit lite kraftverk i Otra, like vest for hotellet. Stasjonen leverte likestraum. Hotellet hadde med det elektrisitet heile […]
Trøskjeskjolet – Åmland

Trøskjeskjolet ligg på Åmland i Åseral. Det er eit karakteristisk, åttekanta bygg med stor verd. Frå gamalt av var det eit stort hjul i midten av bygget som sveiv på ein loddrett aksel. Hest vart brukt til å dreie hjulet rundt for å treske kornet. Kulturlandskapet på Åmland – Åmland har eit godt skjøtta kulturlandskap, heiter det […]
Åseral kyrkje

Åseral kyrkje er ei krosskyrkje med tre galleri og 300 sitteplassar frå 1822 i Åseral kyrkjebygd. Kyrkja vart bygd av Olav O. Åsland og Olav Bakken. Ho er bygd i laft og panelt utvendig. Truleg var det også Åsland og Bakken som laga altertavla og døypefonten. Over inngangsdøra står det «Til Guds Ære og Folkets Gavn er denne Kirke oppført […]
Gjerden – Bykle

Gjerden er ein gard (gnr. 15) i Kyrkjebygda i Bykle. Han er ein av dei tre gamle gardane der. Dei to andre er Byklum og Mosdøl. Dei gamle bygningane i garden er særs godt tekne vare på. Det er tre hovudbruk; Attistog, Nordstog og Der inne. I nyare tid har mykje areal gått ut frå […]
Sandnes kyrkje – Åraksbø

Sandnes kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1844 i Åraksbø i Bygland. Ho har opphaveleg stått på Sandnes. Kyrkja er lafta i tre, og panelt utvendig. Ho har rundt 200 sitteplassar. Bygd på Sandnes Kyrkja er altså bygd på Sandnes i 1844. Byggmeisteren var Anders Torson Syrtveit, «Kyrkjebyggaren». Flytta til Åraksbø Frå 1884 kom det […]
Nørstevoddburet – Bygland

Nørstevoddburet er eit bur (loft) på gardsbruket Nørstevodd (gnr. 34 bnr. 2), bruket som ligg lengst nord på Skomedal i Bygland. Det er eit tradisjonelt stort bur av tre, laftebygd av stort tømmer og tekt med torv. Første etasje var til mat, andre etasje til klede. I Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, vert det […]
Mølletrappa ved Fennefossen

Mølletrappa er i dag mest det einaste som er igjen å sjå etter den svære næringsverksemda som ein gong var ved Mylla, på vestsida av Fennefossen, i Hornnes. I 1803 kom Hans Nielsen Hauge til Setesdal og etter kvart til Fennefoss i Hornnes. Her såg haugianarane mogelegheitar i utnytting av vasskreftene i Fennefossen. Dei skaffa seg fallrettane i fossen i […]
Skraddarburet – Åseral

Skraddarburet er eit bur frå mellomalderen i Austegard ved Lognavatn i Åseral. Buret er den eldste profane (ikkje-religiøse) trebygninga i Vest-Agder. Den eldste delen av bygget er den nedste høgda. Ho er åreringdatert til ca 1520–1530. Den andre høgda kom til seinare, ein gong på 1600-talet. Riksantikvaren gav i 2015 og 2016 tilskot til restaurering av bygningen, etter at taket hadde blåse […]
Espelidburet – Åseral

Espelidburet er eit stabbur frå mellomalderen på gardsbruket Der Nord i Espelid i Åseral. Buret skal vere frå 1600-talet, 1. kvartal. Garden høyrer i dag til etterkomarar etter professor og statsråd Knut Liestøl, son til Sigrid og Olav K. Liestøl. Korleis kjem du dit Køyr til Lognavatn. Der tek du til høgre over brua til Åknes. Følg vegen vidare over ei […]
Austad kyrkje

Austad kyrkje ligg på Tveit, nord i Bygland. Kyrkja ligg om lag 200 meter austafor riksveg 9, og er omgjeven av ein kyrkjegard. Arkitekten var byggmeister og ingeniør Oskar Fabricius frå Oslo Bygd i 1880 Kyrkja er ei langkyrkje i tre frå 1880, med galleri og 250 plassar. Vigslinga fant stad 7. juli 1880. Ho vart forretta av biskop Jørgen Moe. Låg […]
Heddessteinen

Heddessteinen ligg like oppom Riksveg 9 på Helle. Han er ein kjempesvær stein, stor som eit lite hus, og så stor at han har sitt eige namn, akkurat som Goddokksteinen som låg like i nærleiken. Segna fortel at dette var den eine av to steinar som Skjoldmøyane heiv etter Heilag Olav då han var i Setesdal. Ei steinpil i vegkanten litt lenger nord på Helle […]
Kjeddingsteinen – Åseral

Kjeddingsteinen er ei svær steinblokk langs vegen til Juvassdammen i Åseral. Steinen har tydeleg ikkje ramla ned frå fjellet. Det har gitt opphav til ei segn om at det var ei trollkjerring som kom berande med steinen og sette han ned der i år 1000. Så skulle ho kome att i år 2000 for å hente han. Dette tala folk i Lognevassbygda om […]
Husmannsplassen Hagen

Husmannsplassen Hagen ligg lengst nord på Lauvdal i Bygland. Hagen var husmannsplass under Nedre Nordgarden, og høyrde til bruket Nordli. Det gjekk eit svært ras frå Ørnenapen eingong rundt 1792–1794. Mykje av den dyrka jorda i Nordgarden blei øydelagt av raset. Men den lille jordflekken som blei til Hagen, blei liggande igjen midt i ura. I nokre kjelder heiter […]
Hauganloftet

Hauganloftet står på gardsbruket Haugan (gnr. 70 bnr. 6) på Hedde i Hylestad. Haugan ligg lengst sør på Hedde, rett på oversida (vestsida) av Riksveg 9. Eigar er Egil Åmlid. På gardsbruket står eit gamalt loft. Om det har eit offisielt namn veit eg ikkje. Så eg kallar det bare «Hauganloftet» etter bruket det høyrer […]
Holsloftet

Holsloftet er eit loft (stabbur) som i dag står på Tveitevollmyra, rett bak Bykle Hotell, i Bykle kyrkjebygd. Loftet stod opphaveleg på bruket Myri i Holen i Nordbygdi. Men då Botsvatn blei oppdemd i 1976, og Holen måtte fråflyttast, kjøpte kommunen loftet og flytta det til Nedre Sarv og seinare Tveitevollmyra. Holsloftet skal vere bygd rundt år 1700. I Heimar og folk i Bykle er det sagt at […]
Evje kyrkje

Evje kyrkje er ei langkyrkje i tre. Ho er eit staseleg kulturminne ved innkøyringa til Evje frå nord. Kyrkja vart bygt av Ludvik Karlsen i 1890–1891, og vigsla 16. desember 1891. Det er plass til 450 personar, og kyrkja har galleri. Døypefont og preikestol er og bygt i 1891, og er i tre. Altertavla frå 1891 er […]
Hylestad kyrkje

Hylestad kyrkje er ei åttekanta kyrkje i lafta tømmer frå 1839, bygt av Anders Thorson Syrtveit, «Kyrkjebyggaren». Han bygde dei fleste kyrkjene i Setesdal. Kyrkja har 200 sitteplassar og to galleri. I våpenhuset er det kopiar av Hylestadportalane, med motiv frå heltesagaen om Sigurd Fåvnesbane. Desse portalane kom frå stavkyrkja som stod i området Hovet/Bjørgum, […]
Bøgruva – Valle

Bøgruva er ei gamal kopargruve i Valle, i dalsida på vestsida av Otra, på garden Bø sin grunn. Det er ikkje kjent nøyaktig når denne malmførekomsten blei funnen, men i alle fall før 1826. Gruva ligg vel ein halv kilometer i luftline nord-vest for busetnaden i Bø. I 1984 blei det bygt ein skogsbilveg frå […]
Tårnet – Longerak

Langs vegen oppover mot Longerak kraftstasjon står dette spesielle huset. Det skal ha ei rørande historie, som Reidar Tveito har fortald i den framifrå boka si om bruer og særtrekk langs riksveg 9. Reidar seier at han igjen har historia frå Sigrid Nersten Lunden og Magnhild Rygg. Det hadde seg slik at Ingebjørg Langerak hadde levd under trange kår. […]
Høybua på Skarsmo

Eg er veldig fengsla av den gamle høybua rett i nærleiken av rasteplassen på Skarsmo, litt nord for Byklestøylane, i Bykle. Fargane på landskapet – og bua – skiftar så fint etter årstidene. Eg kjenner meg alltid litt spent når eg nærmar meg denne staden. «Korleis ser bua ut i dag, tru?» Eg har fått […]