Gamlevegen i skogen på Bjørnarå. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Bykle

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei).

Sida her er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtalar Postvegen i Bykle. Vegen her kunne nok like gjerne kallast «gamle setesdalsvegen», for Postvegen stogga ved Valle kyrkje. Det gjekk mest 100 år før vegen var køyrande heilt til Hovden. Men det er praktisk å bruke same namnet på den første køyrevegen på heile strekninga.

Spora etter vegen i dag

Det er spora etter vegen i dag eg vil syne fram. Stykka er i grunnen ei digital biletbok. Historia til vegen inkludert historiske bilete er glimrande fortald av Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen i Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 (Bokbyen Forlag, 2018).

Eg har laga eit trykt hefte om Postvegen gjennom Evje og Hornnes. Det kan du få kjøpt hos meg.

Eg håpar du finn mykje spennande å lese og sjå!

Lenker

Fleire kulturminne

Postvegen – Heddessteinen
Austad kyrkje
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen – Reimarmoen
Straumsfjordstemmen
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
I fotspora til setesdølane – Reiersdalskleiva i Øvrebø
Gjerden – Bykle
Postvegen – Rakkenesbakken
Hornnes jernbanebru
Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland
Bispestolane – spennande kulturminne og fint turmål

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.