Vikingvegen – Hovden
Vikingvegen er ein stig på Hovden, ein om lag tre kilometer lang grusveg, som går frå Hegni friluftsområde opp turvegen til det tidlegare høgfjellshotellet. Eit tips er å starte turen ute på moloen med den høge skulpturen. Det er Bykle kommune sin tusenårsstad. Her kan du sjå eit svært interessant funn frå jernutvinninga. Langs stigen vidare er det skilt som […]
Kvennevassdammen – Ljosland
Kvennevassdammen demmer opp Kvennevatnet på Ljosland i Åseral til magasin for Skjerka kraftverk og kraftverka nedanfor i Mandalselva. Det er to store dammar i austre enden av vatnet, ein kvelvdam og ein platedam. Reguleringshøgda er 26 meter og dammane er tilsvarande noko høgare. Vatnet blir ført inn på den rundt 13 km lange tunnelen mellom Langevatn og Nåvatn, og derfrå vidare ned […]
Ljosland fjellhage – unik botanisk oppleving i Åseral!
Ljosland fjellhage ligg 530 meter over havet, på Ljosland nord-vest i Åseral. Her finst over 100 ulike fjellplantar frå heile landet. Fjellhagen ligg idyllisk til, ned mot elva, bak Ljosland Fjellstove. Du går på ein fint oppmura grusstig. Heile vegen er det informasjonsskilt og plakatar som fortel kva du ser. Heile turen kan vel vere […]
Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!
I Hovden jernvinnemuseum får du på ein svært livaktig måte oppleve korleis vikingane laga jern. Museet er ei avdeling/utstilling under Setesdalsmuseet. Det ligg i det idylliske Hegni friluftsområde ved Hartevatn, rett sør for Hovden sentrum. Fjellgardane øvst i Setesdal har vore gjennom omfattande utbyggingar i dei fire tiåra etter at Hovden etablerte seg som eit gigantisk vintersportsområde sist […]
SetesdalBox Sauna – Honnevje
På den fantastisk fine rasteplassen langs Riksveg 9 nord for Valle sentrum kan du kombinere ein tur i badstua med ein oppfriskande dukkert i Otra. Setesdalbox Sauna ligg på Honnevje rasteplass, som er sagt å vere ein av dei aller finaste i Norge. Han ligg rett ved elva, i eit særs naturskjønt område. Om sommaren […]
Bratt Friluftsliv – Valle
Bratt tilbyr friske opplevingar utandørs til einskildpersonar og grupper i Valle i Setesdal. Ulike klatreopplevingar, fosserappelering, utleige av el-terrengsyklar og vinteropplevingar der du blir frakta på snøscooter til «setesdalsalpene» for skisport er bare noko av det selskapet tilbyr. Hovudkvarteret er i Brattløa omtrent midt i Valle sentrum. Sommaren 2023 er også Turistinformasjonen her. Stykket held […]
Jarebu – Bykle
Jarebu er dagsturhytta i Bykle. Ho ligg på Jarekollen med eit fantastisk utsyn utover fjellheimen i Bykle. Hytta blei offisielt opna 17. juni 2023. Bykle kommune er eigar. Bykle IL har inngått drifts-/tilsynsavtale med kommunen. Bygget er teikna av Feste Landskap/Arkitektur og bygd av HL Bygg. Bygget er varma opp innvendig, og har eit lite bibliotek. Når me plussar på med […]
Åknes – Lognavatn
I Åknes ved Lognavatn finn du ein av dei beste badeplassane i Åseral. Her er det nydeleg, sørvendt sandstrand, benkar og bord, grillplass, sandvolleyballbane og toalettanlegg. Rett ved ligg det vesle, vakre Åknes kapell. Ikkje langt unna, på Kyrkjevodden, var det reist kyrkje alt rundt år 1200. Det er mange spennande kulturminne og andre attraksjonar […]
Rakkenes – Byglandsfjorden
Dette er ei veldig populær og solrik badestrand, mellom Grendi og Longerak. Det krystallklare vatnet i Byglandsfjorden innbyr verkeleg til bading. Det er bare å hoppe uti og nyte stunda! Det er sandstrand både mot sør, nord og vest. Så du kan i tillegg til friske bad nyte sola til langt på kveld. Det er […]
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Dette er ei verkeleg fin, familievenleg og sørvendt badestrand på Dale på vestsida av Byglandsfjorden. Daleviki – som dei lokale meiner skal heite Dalskilen og Evje-folk gjerne kallar Dalebukta – er ein veldig populær bade- og rasteplass. Det er god atkomst til staden, og greitt å parkere. Men det er ikkje offentleg toalett her. Så […]
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Denne nydelege staden er på vestsida av Byglandsfjorden, mellom Bø og Dale. Det er ei sandstrand – eigentleg fleire – der det er veldig fint å bade og raste ein slik «smeigedag» som det er så mange av rundt fjorden om sommaren. Parkeringstilhøva ved Sines er ikkje dei beste, og det manglar offentleg toalett på […]
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Staden byr på overnatting, mat og drikke med lokale spesialitetar og ulike spennande kurs og aktivitetar ute i naturen. Måltida på Brokkestøylen blir serverte i den vesle støylen frå 1850-talet, eller i det spesielle glashuset. Om natta søv du i eco-luksus domar rett ved bekken som renn forbi. Brokkestøylen ligg på Furestøyl, rundt fem kilometer […]
Galleri Systog Dale
Kunstgalleriet er på Systog Dale, den eldgamle slektsgarden Margit Dale driv saman med mannen Frode Verpe i Oveinang i Valle. Galleri Systog Dale samarbeider med nokre av dei mest rennomerte kunstnarane i Norge. Dei syner 2–3 separatutstillingar kvart år. Kvar sommar og jul har dei utstillingar med kunst frå ei rekke ulike kunstnarar. Dei har […]
Neset Camping
Campingplassen ligg ved Riksveg 9 mellom Byglandsfjord og Grendi i Bygland. Han er ein roleg 4-stjerners campingplass, i eineståande vakre omgivnader på eit nes som stikk ut i Byglandsfjorden. Svært mange stamgjestar har campingvogn ståande på Neset Camping heile året. År om anna har campingplassen 30.000–40.000 gjestedøgn. Sommaren 2021 var det rekordbesøk. Då var det somme døgn i slutten av juli godt […]
Støylen Camping – Ose
Campingplassen ligg naturskjønt til ved Åraksfjorden, rett sør for Ose. Her er plass til både bubilar, campingvogner og telt. Staden har sanitæranlegg med dusj, WC, vaskemaskin og nokre enkle kjøkkenfasilitetar. Det er også stramuttak ved sanitæranlegget. Utsikten utover fjorden og sørover mot Åraksbø på andre sida er fantastisk. Ein sommarmorgon her, med blikk stille fjord, er […]
Bykle Hotell
Hotellet ligg sentralt plassert, rett ved Riksveg 9, i Bykle kyrkjebygd. Det er kort avstand, bare 26 km, til Hovden med badeland, alpinsenter, kafear, shopping, jernvinnemuseum og andre spennande aktivitetar. Bykle Hotell har 100 sengeplasser fordelt på 17 rom, to suitar og seks leilegheiter. Alle einingar har flatskjerm, WiFi og fint bad. Det er gode fasilitetar for […]
Fjellestad/Tveit skiløyper – Hornnes
I området Fjellestad/Tveit i Hornnes, nærmere bestemt i traktene rundt Abusdalsknuten, er det flotte oppkjørte skiløyper i nydelig heieterreng. Det er alt i alt rundt 20 km med oppkjørte løyper i anlegget. Det er to hovedløyper på 8–9 km hver, samt tilførselsveier. Området ligger 400–500 meter over havet, og er normalt veldig snøsikkert. Grunneigerene i […]
Syrtveit rasteplass – Evje
Rasteplassen ligg i naturskjøne omgjevnadar langsmed Riksveg 9 ved Syrtveitsfossen om lag 6 km nord for Evje. Syrtveit rasteplass har høg standard og stor kapasitet. Det er bord og benkar å sitte ned ved, og toalett og søppelanlegg. Rasteplassen er også ein grei stoppestad om du har planar om å fiske i elva. Rett ved rasteplassen ligg altså den svære […]
Evje Klatrepark
Dette er den gøye og utfordrande klatreparken til TrollAktiv på Syrtveit i Evje. Evje Klatrepark har to ruter, 120 cm og 140 cm, i totalt fem ulike løyper. Han er bygd med eit topp moderne sikringssystem som krev påklikking bare ein gong ved starten av løypa. Høgdeskilnaden er mellom 1 og 10 meter. Klatreparken ligg inne […]
Gloppefossen – Valle
Gloppefossen er ein rundt 280 meter høg foss i Valle kommune. Han er ein av dei høgaste fossane i Setesdal. Nå skal det i rettferdas namn seiast at høgda på fossen er mykje diskutert. I nokre kjelder er ho sagt å vere 230 meter, i andre 280 meter. Atter andre meiner høgda er sterkt overdriven, og at ho […]
Brokke-Suleskarvegen
Brokke-Suleskarvegen er den 42 km lange vinterstengte vegen som går frå Nomeland i Hylestad i Valle gjennom Setesdal vesthei til Suleskar i Sirdal. Vegen vart opna i 1990, og er normalt open frå 20. mai til 1. november kvart år. Han går gjennom eit spektakulært høgfjellsterreng, med høgaste punkt 1050 meter over havet. Strekninga byd på […]
Ose Turistheim
Turistheimen er bygd i 1909. Han er den eldste turiststasjonen i Setesdal som framleis er i drift. Ose Turistheim er eit intimt lite hotell med 6 gjesterom og 14 senger. Både innvendig og utvendig har turistheimen behalde sin originale karakter. Her får du også servering av heimelaga tradisjonsmat. Ose var eit travelt sentrum i Setesdal tilbake i tid. […]
Tangen – Bygland
Tangen er eit friluftsområde på Prestneset, rett nord for Bygland museum, i Bygland kyrkjebygd. På Tangen er småbåtplassar, Tuftepark, sandvolleyballbanar, offentleg badeplass med nydeleg sandstrand og stupetårn ute i vatnet og mykje anna spennande. Våren 2024 (frå ca. 17. mai) kom også Prestneset Bobilcamp på plass, med rundt 12 oppstillingsplassar. Kvar sommar arrangerer Bygland Luftsportsklubb Gamaveka Extreme i området. Den […]
Stoga – Bygland
Stoga er ein kulturkafé på Prestneset i Bygland. Turistinformasjonen i Bygland er også her. Det er kafé med enkel servering og skjenkeløyve, kulturarrangement, møte, konsertar, revy, teater, guiding, folkemusikk og dans og mykje anna. I tillegg ivaretek Stoga på vegne av kommunen funksjonen som Turistinformasjon. Stoga disponerer óg nokre museusmbygningar i Bygland museum rett ved, […]
Heisfossen – Bygland
Heisfossen (Heistadfossen) er eit svært fossefall i Heisåni på Heistad, nord-aust i Bygland. Heisvatn, som Heisåni renn ut frå, er noko regulert. Om lag 44 % av vassføringa i Heisvassdraget blir overført til Hovatn kraftverk. Men uttaket frå Heisvatn ligg så høgt at Heisfossen aldri blir heilt tørrlagt. I flaumtider med mykje nedbør og vatn er det stor vassføring i elva, […]
Hornnestangen – bygdas Copacabana!
Hornnestangen er ei nydelig og veldig populær badestrand ved Breiflå, i tilknytning til Hornnes Camping. Størstedelen av den 700 meter lange og innbydende sandstranda ligger vendt mot sør, med sol fra morgen til kveld. I den varme, kvite sanden kan du ligge og bare steike deg i sola. Husk solkrem – høy faktor! Eller du […]