Dyktige instruktørar tar deg med heilt til topps! Foto: Bratt Friluftsliv

Bratt Friluftsliv – Valle

Bratt tilbyr friske opplevingar utandørs til einskildpersonar og grupper i Valle i Setesdal.

Ulike klatreopplevingar, fosserappelering, utleige av el-terrengsyklar og vinteropplevingar der du blir frakta på snøscooter til «setesdalsalpene» for skisport er bare noko av det selskapet tilbyr.

Hovudkvarteret er i Brattløa omtrent midt i Valle sentrum. Sommaren 2023 er også Turistinformasjonen her.

Stykket held fram under biletet

Brattløa i Valle sentrum. Foto.
Brattløa i Valle sentrum. Her driv Bratt også Turistinformasjonen sommaren 2023. Foto: Geir Daasvatn

Via Ferrata

Selskapet tilbyr klatring i tre Via Ferrataer i Valle:

  • Nomelandsfjellet, som seiast å vere Nord-Europas mest spektakulære Via Ferrata på sva
  • Straumsfjell, Nord-Europas lengste og mest spektakulære Via Ferrata-rute
  • Løefjell/Brokke, der du kan ta med heile familien på ei unik oppleving

Fleire aktivitetar

Det er også kurs i klatring og rappellering, utleige av el-sykkel så du kan oppleve Setesdal frå sykkelsetet og tilrettelagte turar av alle mogelege slag. I Brattløa i Valle sentrum er det spennande klatrehall.

Kvar sommar arrangerer Bratt Friluftsliv «Barnas Fjellsommar».

Du finn mykje meir informasjon på Facebooksida og heimesida til Bratt.

Lenker

Rett i nærleiken

Attraksjonar i Setesdal

Fleire attraksjonar

Vatnedalsdammen
Reiårsfossen
Bykle Hotell
Høgås skianlegg – Evje
Hegni friluftsområde
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Flåt nikkelgruve
Dammane ved Skjerkevatn
Fjellestad/Tveit skiløyper – Hornnes
Bossvassdammen
Honnevje raste- og badeplass
Kvennevassdammen – Ljosland