Flatelandsstova i Lislestog. Foto: Geir Daasvatn

Lislestog – Bykle

Lislestog (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under Setesdalsmuseet. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd, rett attmed Riksveg 9.

I samlinga er det elleve tømmerbygningar og mange gjenstandar samla av kunstmålaren Morten Henriksen. Han var frå Oslo, men budde i Bykle om sommaren med kona si. Husa er ikkje sette opp som eit tradisjonelt rekketun som har vore vanleg i Setesdal, men er plasserte etter som det høvde på tunet i løpet av 1960- og 1970-talet.

Det vart skipa ei stifting som overtok samlinga for å gjere ho tilgjengeleg for allmenta. Seinare vart det også flytta hit eit nytt tømra hus som var bygd i samband med OL på Lillehammer. Dette er brukt til kursverksemd for husflid og handverk. I tunet er ellers stoge, lopt, støylsbu, stolpehus, badstoge, kvernhus, mjølkehus og smie som er samla frå ulike gardstun og støylar i Bykle og Valle. Bygningane er frå 1600-talet og seinare.

Geir Daasvatn sine bilete frå Lislestog på Flickr

Stykket held fram under biletet

Kvernhuset i Lislestog. Det kjem frå Holen i Nordbygdi i Bykle. Foto
Kvernhuset i Lislestog. Det kjem frå Holen i Nordbygdi i Bykle. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du dit

Når du køyrer gjennom Bykle kyrkjebygd på Riksveg 9, ligg Lislestog rett på andre sida av vegen for den gamle kyrkja i Bykle. Museet er ope for publikum i sommarsesongen, i 2025 kvar dag 24. juni–10. august kl. 10–16. Gratis inngang.

Kart

Kjelder

Meir om Setesdal

Fleire attraksjonar

Dam Sarvsfoss – Bykle
Setesdalsmuseet – Rysstad
Brokke-Suleskarvegen
Ose Turistheim
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Syrtveit rasteplass – Evje
TrollAktiv – Evje
Evje Aktivitetspark – masse muligheter for gøye aktiviteter!
Jarebu – Bykle
Langevatn – Åseral
Byklestigen
Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.