Kiledalskleiva bru, rett før Postvegen kjem inn i Evje og Hornnes sørfrå. Bare nokre få hundre meter frå Riksveg 9 ligg dette kunstverket gøymt i skogen, framleis ukjent for mange. Brua er særmerkt, fordi ho ligg i ei bratt kleiv. Vegen mellom Kile og Hornnes blei bygt rundt 1839–1841, og byggeåret til brua er sagt å vere 1840 på Kulturminnesok.no. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland

Kiledalskleiva var ein bratt bakke på Postvegen, den første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal, mellom Kiledal i Hægeland og Vestre Hodne i Hornnes.

Spesielt vinterstid kunne kleiva vere glatt og vanskeleg å forsere.

Om lag midt i kleiva ligg framleis den spesielle Kiledalskleiva bru

Riksveg 9 går forbi rett under kleiva.

Eg har omtalt Kiledalskleiva, og har med fleire bilete, i det trykte heftet mitt om Postvegen i Hornnes. Strekninga frå Kiledalskleiva nordover til Slettefet rett sør for Moisund er ei nydeleg turløype.

Stykket held fram under biletet

Kleiva sett frå brua nedover mot Rv- 9. Me kan skimte riksvegen over brua litt til venstre og bak i biletet. Foto: Geir Daasvatn

Litt historie

Det kom køyreveg (kjerreveg) frå Kristiansand fram til Kile i Hægeland rundt 1835.

Ved kongeleg resolusjon 23. april 1839 gjorde regjeringa vedtak om å bygge veg frå Kristiansand til Valle kyrkje, og løyvde 58 000 speciedalar av statskassa til føremålet. Vegen var meint å skulle vere eit «spleiselag» mellom staten og oppsittarane langs vegen. Det offentlege skulle opparbeide dei vanskelegaste og farlegaste strekningane.

Arbeidet kom raskt i gang, og den nye vegen kom gjennom Kiledalen i Hægeland, opp Kiledalskleiva og fram til Hodne og Moi i Hornnes 1839–1841.  

Før Postvegen kom i Kiledalskleiva, rodde setesdølane på bytur mykje strekninga mellom Fennefoss i Hornnes og Kile i Hægeland. Når det ikkje var mogeleg å ro på Otra (Kilefjorden) gjekk det som eit alternativ ein kløv- og rideveg over Lauvåsheia til Hægeland. Lauvåsheia ligg noko vest for Kiledalskleiva.

Setesdalsvegen gjekk i kleiva til 1884. Då kom det ny veg nede langs Hornskilen, i området der Rv-9 går i dag. No (2025/2026) er eit nytt, svært vegarbeid i gang i området. Rv-9 skal leggjast i ei svær fjellskjering mellom dagens veg og Kiledalskleiva. Det er sagt at den vakre steinkvelvbrua ikkje blir berørt av arbeidet. Tommelen opp for det!

Kart over området

Kjelder

  • Artikkelen om Kiledalskleiva på Setesdalswiki
  • Reidar Tveito, Riksveg 9. Bruer og særtrekk langs vegen, Byglandsfjord 2014, s. 55
  • Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018
  • Artikkelen om Gamle Kiledalskleiva bru på Kulturminnesok.no

Du vil kanskje også sjå

Annonse

Fleire kulturminne

Nyestog – Rygnestadtunet
Åknes kapell
Sørstemmen – Jordalsvatn
Kallefossbrua – Valle
Kvinnebekken på Dale
Gamlestog – Rygnestadtunet
Setesdalsbanen – Dammen, Vassend
Nordstemmen – Bygland
Bjønnespranget – Åseral
Postvegen – Rakkenesbakken
Sandbekk jernbanebru – Sandbekkbrua på Rv-9
Riksveg 400 – Skomemoen

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.