Gamal vegmur på Skomemoen. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen

Mellom Storstraumen og Skomåne, på Skomemoen, ser me ein fin steinmur etter Postvegen på oppsida av Riksveg 9.

Postvegen var den første ordentlege køyrevegen for hest og vogn i Setesdal. Han kom forbi Skomemoen rundt 1842.

Den som truleg kjenner historia bak Postvegen aller best, Leonhard Jansen, meiner det var her den berykta Hestekleiva låg. Om lastebilane hadde for tungt lass, eller vegbanen var blaut og glatt, kom dei ikkje opp her. Dei måtte lessa av halve lasset, køyre bilen opp til toppen av kleiva og bere resten på ryggen.

Vegen er mykje attgrodd, og vanskeleg å sjå frå riksvegen. Men om me gir oss tid til å rote litt rundt i busk og kratt, ligg det att fleire hundre meter med gamal Postveg her. Han ligg liksom på toppen av skråningen ned mot Riksveg 9 størstedelen av strekket.

Eg er ikkje sikker på kor lenge vegen var i bruk. På Kulturminnesok.no er det sagt 1926 med eit spørsmålsteikn bak. Andre opplysningar kan tyde på at Hestekleiva var i bruk iallfall til ut på 1930-talet. Men gamlevegen blei omsider avløyst av ei ny sløyfe på andre sida av Riksveg 9. I dag går såleis Setesdalsvegen midt mellom dei to gamle vegane.

Kjelder

Det er mange små og litt større spor etter den gamle vegen. Dette må vel vere ei stikkrenne. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle