Dagsturhytta i Evje og Hornnes på plass!

Dagsturhytta i Evje og Hornnes er sett opp denne veka. HL-Bygg frå Grimstad har gjort jobben. Hytta har ei verkeleg fin plassering, ved Nygruva i gruveområdet på Flåt, med majestetisk utsikt nedover mot Evje og Otradalen. Bommen på gruvevegen er flytta frå området ved Flatebygd skianlegg opp til sjølve gruva. Alle kan nå køyre heilt […]
Bratt Friluftsliv – Valle

Bratt tilbyr friske opplevingar utandørs til einskildpersonar og grupper i Valle i Setesdal. Ulike klatreopplevingar, fosserappelering, utleige av el-terrengsyklar og vinteropplevingar der du blir frakta på snøscooter til «setesdalsalpene» for skisport er bare noko av det selskapet tilbyr. Hovudkvarteret er i Brattløa omtrent midt i Valle sentrum. Sommaren 2023 er også Turistinformasjonen her. Stykket held […]
Jarebu – Bykle

Jarebu er dagsturhytta i Bykle. Ho ligg på Jarekollen med eit fantastisk utsyn utover fjellheimen i Bykle. Hytta blei offisielt opna 17. juni 2023. Bykle kommune er eigar. Bykle IL har inngått drifts-/tilsynsavtale med kommunen. Bygget er teikna av Feste Landskap/Arkitektur og bygd av HL Bygg. Bygget er varma opp innvendig, og har eit lite bibliotek. Når me plussar på med […]
Åknes – Lognavatn

I Åknes ved Lognavatn finn du ein av dei beste badeplassane i Åseral. Her er det nydeleg, sørvendt sandstrand, benkar og bord, grillplass, sandvolleyballbane og toalettanlegg. Rett ved ligg det vesle, vakre Åknes kapell. Ikkje langt unna, på Kyrkjevodden, var det reist kyrkje alt rundt år 1200. Det er mange spennande kulturminne og andre attraksjonar […]
Rakkenes – Byglandsfjorden

Dette er ei veldig populær og solrik badestrand, mellom Grendi og Longerak. Det krystallklare vatnet i Byglandsfjorden innbyr verkeleg til bading. Det er bare å hoppe uti og nyte stunda! Det er sandstrand både mot sør, nord og vest. Så du kan i tillegg til friske bad nyte sola til langt på kveld. Det er […]
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden

Dette er ei verkeleg fin, familievenleg og sørvendt badestrand på Dale på vestsida av Byglandsfjorden. Daleviki – som dei lokale meiner skal heite Dalskilen og Evje-folk gjerne kallar Dalebukta – er ein veldig populær bade- og rasteplass. Det er god atkomst til staden, og greitt å parkere. Men det er ikkje offentleg toalett her. Så […]
Sines badestrand – Byglandsfjorden

Denne nydelege staden er på vestsida av Byglandsfjorden, mellom Bø og Dale. Det er ei sandstrand – eigentleg fleire – der det er veldig fint å bade og raste ein slik «smeigedag» som det er så mange av rundt fjorden om sommaren. Parkeringstilhøva ved Sines er ikkje dei beste, og det manglar offentleg toalett på […]
Brokkestøylen glaskafé og glamping

Staden byr på overnatting, mat og drikke med lokale spesialitetar og ulike spennande kurs og aktivitetar ute i naturen. Måltida på Brokkestøylen blir serverte i den vesle støylen frå 1850-talet, eller i det spesielle glashuset. Om natta søv du i eco-luksus domar rett ved bekken som renn forbi. Brokkestøylen ligg på Furestøyl, rundt fem kilometer […]
Galleri Systog Dale

Kunstgalleriet er på Systog Dale, den eldgamle slektsgarden Margit Dale driv saman med mannen Frode Verpe i Oveinang i Valle. Galleri Systog Dale samarbeider med nokre av dei mest rennomerte kunstnarane i Norge. Dei syner 2–3 separatutstillingar kvart år. Kvar sommar og jul har dei utstillingar med kunst frå ei rekke ulike kunstnarar. Dei har […]
Neset Camping

Campingplassen ligg ved Riksveg 9 mellom Byglandsfjord og Grendi i Bygland. Han er ein roleg 4-stjerners campingplass, i eineståande vakre omgivnader på eit nes som stikk ut i Byglandsfjorden. Svært mange stamgjestar har campingvogn ståande på Neset Camping heile året. År om anna har campingplassen 30.000–40.000 gjestedøgn. Sommaren 2021 var det rekordbesøk. Då var det somme døgn i slutten av juli godt […]
Støylen Camping – Ose

Campingplassen ligg naturskjønt til ved Åraksfjorden, rett sør for Ose. Her er plass til både bubilar, campingvogner og telt. Staden har sanitæranlegg med dusj, WC, vaskemaskin og nokre enkle kjøkkenfasilitetar. Det er også stramuttak ved sanitæranlegget. Utsikten utover fjorden og sørover mot Åraksbø på andre sida er fantastisk. Ein sommarmorgon her, med blikk stille fjord, er […]
Bykle Hotell

Hotellet ligg sentralt plassert, rett ved Riksveg 9, i Bykle kyrkjebygd. Det er kort avstand, bare 26 km, til Hovden med badeland, alpinsenter, kafear, shopping, jernvinnemuseum og andre spennande aktivitetar. Bykle Hotell har 100 sengeplasser fordelt på 17 rom, to suitar og seks leilegheiter. Alle einingar har flatskjerm, WiFi og fint bad. Det er gode fasilitetar for […]
Syrtveit rasteplass – Evje

Rasteplassen ligg i naturskjøne omgjevnadar langsmed Riksveg 9 ved Syrtveitsfossen om lag 6 km nord for Evje. Syrtveit rasteplass har høg standard og stor kapasitet. Det er bord og benkar å sitte ned ved, og toalett og søppelanlegg. Rasteplassen er også ein grei stoppestad om du har planar om å fiske i elva. Rett ved rasteplassen ligg altså den svære […]
Evje Klatrepark

Dette er den gøye og utfordrande klatreparken til TrollAktiv på Syrtveit i Evje. Evje Klatrepark har to ruter, 120 cm og 140 cm, i totalt fem ulike løyper. Han er bygd med eit topp moderne sikringssystem som krev påklikking bare ein gong ved starten av løypa. Høgdeskilnaden er mellom 1 og 10 meter. Klatreparken ligg inne […]
Gloppefossen – Valle

Gloppefossen er ein rundt 280 meter høg foss i Valle kommune. Han er ein av dei høgaste fossane i Setesdal. Nå skal det i rettferdas namn seiast at høgda på fossen er mykje diskutert. I nokre kjelder er ho sagt å vere 230 meter, i andre 280 meter. Atter andre meiner høgda er sterkt overdriven, og at ho […]
Brokke-Suleskarvegen

Brokke-Suleskarvegen er den 42 km lange vinterstengte vegen som går frå Nomeland i Hylestad i Valle gjennom Setesdal vesthei til Suleskar i Sirdal. Vegen vart opna i 1990, og er normalt open frå 20. mai til 1. november kvart år. Han går gjennom eit spektakulært høgfjellsterreng, med høgaste punkt 1050 meter over havet. Strekninga byd på […]
Ose Turistheim

Turistheimen er bygd i 1909. Han er den eldste turiststasjonen i Setesdal som framleis er i drift. Ose Turistheim er eit intimt lite hotell med 6 gjesterom og 14 senger. Både innvendig og utvendig har turistheimen behalde sin originale karakter. Her får du også servering av heimelaga tradisjonsmat. Ose var eit travelt sentrum i Setesdal tilbake i tid. […]
Tangen friluftsområde – Bygland

Tangen er eit friluftsområde på Prestneset, rett nord for Bygland museum, i Bygland kyrkjebygd. Her er småbåtplassar, Tuftepark, sandvolleyballbanar, offentleg badeplass med nydeleg sandstrand og stupetårn ute i vatnet og mykje anna spennande. Kvar sommar arrangerer Bygland Luftsportsklubb Gamaveka Extreme i området. Den vedfyrte dampbåten Bjoren legg ikkje så sjeldan til ved brygga rett ved. På Prestneset ligg også Bygland […]
Stoga – Bygland

Stoga er ein kulturkafé på Prestneset i Bygland. Turistinformasjonen i Bygland er også her. Det er kafé med enkel servering og skjenkeløyve, kulturarrangement, møte, konsertar, revy, teater, guiding, folkemusikk og dans og mykje anna. I tillegg ivaretek Stoga på vegne av kommunen funksjonen som Turistinformasjon. Stoga disponerer óg nokre museusmbygningar i Bygland museum rett ved, […]
Heisfossen – Bygland

Heisfossen (Heistadfossen) er eit svært fossefall i Heisåni på Heistad, nord-aust i Bygland. Heisvatn, som Heisåni renn ut frå, er noko regulert. Om lag 44 % av vassføringa i Heisvassdraget blir overført til Hovatn kraftverk. Men uttaket frå Heisvatn ligg så høgt at Heisfossen aldri blir heilt tørrlagt. I flaumtider med mykje nedbør og vatn er det stor vassføring i elva, […]
Hornnestangen – bygdas Copacabana!

Hornnestangen er ei nydelig og veldig populær badestrand ved Breiflå, i tilknytning til Hornnes Camping. Størstedelen av den 700 meter lange og innbydende sandstranda ligger vendt mot sør, med sol fra morgen til kveld. I den varme, kvite sanden kan du ligge og bare steike deg i sola. Husk solkrem – høy faktor! Eller du […]
Sølvgarden – Rysstad

Sølvgarden Hotell og Feriesenter er det spennande «eventyrslottet» langsmed Riksveg 9 på Rysstad. Hotellet er klassifisert til 4 stjerner, og campingen har 5 stjerner. Hotellet ligg rett ved Otra. Over på andre sida av elva stig Andenapen majestetisk mest rett opp. I elva kan du fiske, bade eller padle. Du kan leige både kano, båt/sykkelbåt […]
Hornnes hjelpefengsel

Hornnes hjelpefengsel i Dåsnes i Hornnes er oppført i 1862 som rettslokale og distriktsfengsel for Råbyggelaget. Det hadde denne funksjonen til etter 2. verdenskrig. Bygget står i dag omtrent slik det var bygd i 1862. Det er det eneste igjen av fire slike i hele landet. Eksteriør og interiør er godt bevart. Særlig har den autentiske fengselsfløyen med cellene stor verneverdi. Bygningen […]
Storetjønn – Nordbygdi

Storetjønn er ein idyllisk badeplass langs vegen innover mot Botsvatn og Norbygdi i Bykle. Badeplassen ligg like ved innfallsporten til Setesdal Vesthei/Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Det er ei informasjonstavle om verneområdet her. Rett i nærleiken
Evje Aktivitetspark – masse muligheter for gøye aktiviteter!

Evje Aktivitetspark ligger i enden av Alfred Uglands veg, bare noen få hundre meter fra Evje sentrum. I Evje Aktivitetspark er det kunstgressbane og gressbane for fotball, tuftepark med tøffe apparater for styrketrening og klatring, et svært hoppanlegg med fem hoppbakker fra 5 til 50 meter, skiband og akebakke, sandvolleyballbaner, sykkelløyper for både barn og litt […]
GoKart-banen Evje – fart og spenning i trygge former

GoKart-banen Evje byr på spennende kjøreopplevelser i den unike over 1 000 meter lange banen. Evje og Hornnes «Motorland» ligger på Hestvåg i Hornnes, like ved Riksveg 9, ca. 5 km sør for Evje og 55 km nord for Kristiansand. Banen er godkjent etter de nye regler av Det Norske Veritas. Anlegget er barnevennlig, og har aktiviteter […]