Kva grunna dei på? Framtida?
Under den tankevekkande og vakre teaterframsyninga på museumsplassen på Bygland torsdag 8. august 2024, greip eg meg i undast: Kva grunna jentene eigentleg på? Det var fire unge kvinner i «Bevegelsesteaterkompaniet» som framførte stykket Bevegelse og natur. Dei var Anne Lise Urdahl, Birgitte Maaike Feddersen, Josefine Kiara Astrup og Solveig Johansen. Eg har skrive litt […]
Hovassåna – Skrikarjuvet
Trass i det litt «brutale» namnet, finst det små idyllar overalt i Skrikarjuvet! Skrikarjuvet er eit smalt og djupt juv som Hovassåna renn gjennom før ho munnar ut i Åraksfjorden. Juvet er fullt av kjempestore, mosegrodde steinar, nedramla tre og busk og kratt, og helst litt tungvindt å ta seg fram i. Men her blei […]
Stemmen til Åmdal sag
Det står att ein gamal stem i Klepslandsåna i Evje, i Åmdalen rett nedom Rassevete. Stemmen samla vatn til Åmdal sag, som må ha stått under den vesle fossen her. Olav Raudstøl eigde saga. «Ei tid gjekk 2–3 hestar jamnt med plank frå dette bruket. Saga sveiv på sitt beste i åra før fyrste verdskrigen», […]
Otra – Straume
Otra forbi Straume i Hylestad er både mektig og ein liten idyll! Eg synest landskapet er veldig fint forbi Hedde og Straume i Hylestad. Ofte har eg hatt det mektige Straumsfjødd som siktemål når eg har fotografert i det området. Fjellet som stig så stupbratt opp frå dalbotnen er verkeleg eit spennande motiv. Men ein […]
Vestre Hodne i Hornnes
Garden ligg ved breidda av Otra, og er nabogard til Austre Hodne i Iveland. Biletet er teke frå Austre Hodne. Me ser i nord-vestleg retning over Otra mot Brotet og Hodnemoen (bakerst). Vestre Hodne er gnr. 25 i Evje og Hornnes kommune. Garden ligg altså heilt sør i kommunen, langs vestbreidda av Otra sør for Moisund, i det som iallfall […]
Linbekk bru – Øvrebø
Linbekk bru ligg på Reiersdal i Øvrebø, og var ein del av den gamle setesdalsvegen. Brua er ei steinkvelvbru, bygd i 1861. Ho var i bruk til 1887 (eller 1884). Då blei vegen lagt om i Lintjønnkleiva, og kom meir i det området Riksveg 9 ligg i dag. Dei gamle bruene er fantastisk fine fotomotiv! […]
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Denne vesle furua står og trossar vér og vind på ein liten odde som stikk ut lengst sør på Eikjåknodden, på Bø på vestsida av Byglandsfjorden. Eg fotograferte den same furua 2. desember 2018. Ho har ikkje vekse så mykje. Ho står vel på litt skrint næringsgrunnlag. Eikjåknodden er regulert til hyttefelt. Eg håpar treet […]
Rygnestadlåven
Låven i Rygnestadtunet i Valle kjem nok ofte litt i skuggen av dei meir berømte bygningane, som Rygnestadloftet, «Trihågloptet» og stogehuset. Men låven er også ein solid trebygning. Han skal vere oppført på 1800-talet, i følge artikkelen på Wikipedia om Rygnestadtunet. Like etter 1900 blei han bygd på i høgda, det kom låvebru og stallen […]
Bjønnebua – Mjåland
Bjønnebua på Mjåland er eit prioritert kulturminne i Åseral. Bua står altså på Mjåland, langs Fylkesveg 455 mellom Sveindal og Kylland. At det er eit prioritert kulturminne betyr at det har stor lokal verdi, men ligg utanfor dei prioriterte kulturmiljøa, heiter det i kommunen sin kulturminneplan 2020–2025. Bua skal vere frå 1700-talet. Ho fortel «…om […]
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Ein del av hovudbygningen i friluftsmuseet Tveitetunet i Valle har vore under restaurering sidan 2017. Sommaren 2023 blei den restaurerte delen setta opp igjen. Målet er å kunne få til ei opning i 2025, seier Setesdal bygningsvern- senter. Eg var og kikka meg rundt i Tveitetunet 2. juledag, 26. desember. Det var verkeleg stas å sjå […]
Kveld over den gamle husmannsplassen
Den gamle husmannsplassen Hagen på Lauvdal i Bygland er eit populært fotomotiv. Her er eit sjeldan bilete av husmannsstoga i kveldsmørkret. Eg gav ut eit heilt lite hefte med bilete frå dette «berømte» og sjeldne kulturminnet i Setesdal for ei tid sidan. Der er det med eit bilete tatt i skumringa. Men ingen heilt i […]
Helleren – Åseral
Helleren ved Juvatn i Åseral er ein av mange gardar i landet vårt som måtte flyttast frå då framsteget kravde sitt. Helleren – eller Hedderen som åsdølane seier – ligg på vestsida av Juvatn, nord-aust for Bortelid, heilt nord i Åseral. Om du held fram nokre kilometer nordover til vegs ende, kjem du til heiegarden […]
Storstraumen frå ein annan ståstad
Storstraumen er eit av dei finaste og best kjende kulturminna i Bygland. Biletet her er frå ein annan vinkel enn dei mest vanlege. Dei fleste går nok ikkje inn under den vakre steinkvelvbrua frå 1915 for å fotografere. Men eg har vore forbi Storstraumen mange gonger for å kikke etter fine motiv. Då er det […]
Klepp – Evje
Klepp ligg på austsida av Otra, tvers over elva for Moisund. Garden ligg lengst sør i tidlegare Evje kommune. I sør grensar han såleis til Austre Hodne i Iveland. Klepp var skrivargard i eldre tider. Men sommaren 1957 blei kontoret flytta til Kristiansand. Det var fergesamband mellom Moi og Klepp til Moisund bru kom over […]
Bykil – Botsvatn
Frå Jarekollen rett ovafor Bykle kyrkjebygd får me eit fantastisk utsyn mot Bykil og Botsvatn i Bykle. På Jarekollen ligg dagsturhytta i Bykle, Jarebu. I artikkelen vår om Jarebu er vegen opp til toppen nærare forklart. Bykil Bykil som ligg til venstre på biletet er ei utviding i Otra. Det vesle vatnet er demt opp […]
Den gamle steinvegen i Flårenden
I Flårenden, på austsida av Otra, kan me framleis sjå den gamle steinvegen/brygga frå elva opp til Postvegen. Den første brua over Otra i Flårenden blei bygd i 1866–1868, over Sogejuvet. Før det måtte dei farande ferjast eller bli rodde over Otra. Ferjing Flårenden–Sandnes til rundt 1845 Før Postvegen, den første ordentlege køyrevegen oppover i […]
Lognavatn – Åseral
Lognavatn ligg ved Åknes nord–aust i Åseral. Mange meiner Lognavatn er det vakraste partiet i heile Åseral. På austsida av vatnet ligg gardane Austegard og Espelid. På vestsida ligg Nordgard og Åknes. Her ligg også Åknes kapell og den særmerkte private vesle stavkyrkja som kunstnaren Håkon Torsland sette opp. Fylkesveg 351 til Bortelid går forbi Lognavatn. Her går også Fylkesveg 359 (Austegardsvegen) på nordsida av vatnet til Austegard og Espelid. Frå Espelid går det ein skogsbilveg […]
Flygargravene på Bygland kyrkjegard
Per Ardua Ad Astra – Gjennom vanskar til stjernene. Det står øvst på alle gravsteinane på flygargravene på kyrkjegarden. Sju unge menneske – heile mannskapet på B-17C bombeflyet frå RAF med kjenneteikn AN 525 – mista livet då flyet deira vart skote ned av tyskje jagarfly og styrta i Songedalslia, rett nord for Melejuvet i […]
Stavenes kulturlandskap
Stavenes er gnr. 16 og ei lita grend i Bykle. Ho ligg på austsida av Otra, om lag tre kilometer aust for Bykle kyrkjebygd. Stavenesvegen går over Dam Sarvsfoss til grenda frå hausten 2015. Aanund Olsnes skriv i Heimar og folk i Bykle at garden truleg er mellom dei eldre i Bykle. Han kan vere […]
Flårenden i Valle
Flårenden er garden som ligg lengst sør i Valle sokn, ved søndre enden av Flåni i Otra. Nabogarden i sør er Uppstad i Hylestad. Mot nord ligg Bø. I dag kryssar Riksveg 9 Otra i Flårenden. Brua er bygd i samband med ei vegomlegging i 2004. Me ser ho litt til venstre i biletet. Ho avløyste ei sprengverksbru av stål, sett […]
Setesdalsbautaen på Hornnes
Dette er den stor bautasteinen som står rett ved Riksveg 9, nær Hornnes kyrkje, i Evje og Hornnes kommune. Setesdalsbautaen er sett opp av Setesdal Regionråd. Setesdalslogoen er teikna av Ove Kjetså. Pynt og form ved Bjørgulv Bjørgum. Det står også slike bautaer på Hedde i Valle, på Reiseodden i Bygland og på Lundane nord for Hovden i Bykle. I tillegg er det sett opp ein bauta på fergeterminalen i Hirtshals. Meininga […]
Austegard i Åseral
Austegard ligg vakkert til ved nord-austre breidda av Lognavatn i Åseral. Mange meiner nok at Lognavatn er det finaste partiet i heile Åseral. Eg er ikkje så godt kjend, og har ikkje vore overalt. Men at det er nydeleg rundt Lognavatn kan eg såvisst skrive under på. «Knut Skraddar» Det har ganske sikkert budd folk på Austegard frå før […]
Setesdalsbautaen på Hedde
Dette er den store bautasteinen som står rett ved Riksveg 9 på Hedde i Hylestad i Valle. Setesdalsbautaen er sett opp av Setesdal Regionråd. Setesdalslogoen på steinen er teikna av Ove Kjetså. Pynt og form er ved Bjørgulv Bjørgum. Riksveg 9 forbi Hedde blei oppgradert i 2020–2021. Bautaen fekk då nytt fundament, og ei litt endra plassering. Det står òg […]
Setesdalsbautaen på Reiseodden
Dette er den store bautasteinen som står ved Riksveg 9, på Reiseodden, rett sør for Bygland sentrum. Steinen er sett opp av Setesdal Regionråd. Setesdalslogoen på steinen er teikna av Ove Kjetså. Pynt og form ved Bjørgulv Bjørgum. Det står òg slike bautaer på Hedde i Valle, i Hornnes og på Lundane nord for Hovden. I tillegg står det ein bauta på fergeterminalen i Hirtshals. Meininga er å […]
Setesdalsbautaen på Lundane
Dette er den store bautasteinen som står tett ved Riksveg 9 på Lundane, nord for Hovden, i Bykle. Steinen er sett opp av Setesdal Regionråd. Setesdalskrullen på steinen er teikna av Ove Kjetså. Pynt og form er ved Bjørgulv Bjørgum. Det står òg slike bautaer på Helle i Valle, i Hornnes og på Reiseodden i Bygland. I tillegg er det ein bauta på fergeterminalen i Hirtshals. Meininga er […]
Bertesknapen – Evje
Bertesknapen er det høgaste fjellet i gamle Evje kommune. Fjellet er 652 meter høgt, og ligg nord-aust i Evje. Toppen er lett å sjå frå Riksveg 9. Det er fjellet med ein kvit flyradar – ein «fotball» – på toppen. Frå toppen kan du mellom anna sjå Årdalsknapen sør i Bygland kommune, Svåbassen og Hillestadheia i Åmli, og Befjell i Froland. Eit gjerde […]