Steinskjermen på Nomeland 4. juli 2024. Foto: Geir Daasvatn

Nomeland – flotingsmur

Langs Otra, på Nomeland på vestsida av elva litt sør for hovudkvarteret til Otra Kraft, ligg ein gamal flotingsmur og minnar om den 400 år lange flotingshistoria på elva.

Tømmerflotinga på Otra blei driven frå sist på 1500-talet til kring 1980. Floting var den gamle måten å frakte tømmer på. Gjennom hundrevis av år bar elva tømmerstokkane på sin veg frå Bykle til Kristiansand. Men frå rundt 1930, og spesielt etter 2. verdskrigen, kom lastebilane og tok gradvis over transporten.

Eg går ikkje nærare inn på denne svære verksemda her. Ho er grundig fortald mellom anna i Andreas Vevstad si bok Fosskarane og Åna, som Fellesfløtningen i Otra gav ut i 1999. I kulturminneplanen for Valle kommune 2020–2032 s. 26 er det sagt litt om tømmerflotinga i Valle spesielt. Eg vil heller tid om anna vise nokre bilete av anlegga som står att etter flotinga. Eg samlar dei under stikkordet «Floting». Så er dei lette å finne att her på Setesdalssida.no for den som måtte interessere seg for slikt.

Langs heile Otravassdraget ligg det altså framleis att svære steinmurar eller tømmerskjermar til minne om flotinga. Dei var meint å lette flotinga, ved å styre tømmerstokkane slik at dei ikkje la seg inn på land i viker og kilar.

Muren ved Mone

Muren og elva i retning sørover. Foto: Geir Daasvatn

Fleire av desse murane ligg ved breidda av Otra på Nomeland på vestsida og Tveitbakk på austsida av elva. Muren på vestsida, som det er bilete av her, ligg litt sør for hovudkvarteret til Otra Kraft og sør for den popukære badeplassen Marhyl.

Nøyaktig når muren er bygde veit eg ikkje. Men i Vevstad si bok (s. 142) er det nemnd tre stemmar for Nomelandsøyra, bygde 1901, 1903 og 1905 og fleire andre arbeid i elva 1901–1906. Eg vil tru steinskjermen ved Mone er bygd på den same tida.

Kart over området

Sjå også

Fleire kulturminne

Birkåsen – Hornnes
Postvegen – Moen gamle bru
I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Postvegen Uppstad–Flårenden
I fotspora til setesdølane: Helveteskleiva ved Langevatn
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Fosslid
Gamle setesdalsvegen – Moen
I fotspora til setesdølane – Eljannskleivan på Hægeland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Heddessteinen
Postvegen – Moi