Bygland brygge med Bjoren til kai. Foto: Geir Daasvatn

Bygland brygge

Dette er den gamle steinbrygga på Prestneset i Bygland kyrkjebygd. Her legg dampbåten Bjoren til når han vitjar Bygland sentrum.

Ved Bygland brygge ligg serveringsstaden Bjoren Brygge. I same området finn du også Bygland museum, Tangen friluftsområde og kulturkafeen Stoga.

Litt historie

Brygga skal vere bygd i 1912. Presten i Bygland fekk då laga seg ein avtale om at dersom brygga blei flytta frå nabogarden Nese på andre sida av bukta til stranda ved prestegarden, skulle båtselskapet få gratis tomt om han og huslyden fekk reise gratis med båtane så lenge dei ville.

Same året blei varehuset «Kveldsro» bygd ved brygga. Kveldsro er bygningen som i dag er utestaden Brygga.

Kjelder

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Røysland gravfelt i Valle
Håvorstad sagbruk – Åseral
Fånefjell vegmiljø
Riksveg 400 – Syrtveit til Døletorv
Nordstog Dale-loftet
Postvegen – Brennevinskleiva
Lunnenburet – Hornnes
Postvegen – Flateland bru
Hauganloftet
Bjoren – Eventyrbåten på Byglandsfjorden
Frøyrak gamle brygge
Futevegen – Kalveskinnsupsa

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.