Hotellet ligg sentralt plassert, rett ved Riksveg 9, i Bykle kyrkjebygd.
Det er kort avstand, bare 26 km, til Hovden med badeland, alpinsenter, kafear, shopping, jernvinnemuseum og andre spennande aktivitetar.
Bykle Hotell har 100 sengeplasser fordelt på 17 rom, to suitar og seks leilegheiter. Alle einingar har flatskjerm, WiFi og fint bad.
Det er gode fasilitetar for kurs og konferansar. Største lokalet har plass til 100 personar. Her er også restaurant med variert à la carte-meny med fokus på lokale råvarer.
Les mykje meir om det flotte hotellet på heimesida deira
Historie
Bykle Hotell vart bygd i 1992 av Bykle kommune. Kommunen leigde hotellet ut til ulike vertskap som dreiv det under namnet Bykle Gjestegard.
I 2003 overtok Hanna og Bjørn Erling Auestad hotellet. Dei tok tilbake det gamle namnet, og utvida og renoverte heile bygget.
Kjelder
Rett i nærleiken
Bykle Hotell og Bykle kyrkjebygd er verkeleg verdt eit besøk! Her er noko av det du kan oppleve omtrent rett utanfor hotelldøra:
- Holsloftet
- Huldreheimen
- Lislestog
- Bykle gamle kyrkje
- Dam Sarvsfoss
- Gardstunet i Gjerden
- Storetjønn badeplass
- Bossvassdammen
- Bunkersen ved Lisletjønn
- Bykle gamle bru
- Byklestigen