Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Verksmuren – Setesdalens Koparverk

Verksmuren, 2017. Foto.

Langs Bryggjevegen i Åraksbø, like ved Grendehuset, står det att ein svær steinmur etter Setesdalens Koparverk som var i drift i bygda kring 1845–1850. Oppå flata over muren, som bygdefolket kallar Kolbotnen, stod kolhuset og malmhuset til koparverket. Det var svære bygningar! Malmhuset var ein tømra bygning, 13 m lang og 6 m brei. Kolhuset […]

Nordstemmen – Bygland

Nordstemmen i haustfargar 30. september 2024. Foto.

Nordstemmen er ein smal, men ganske lang steinstem som blei sett opp i Nordåna (Skrelandsåna) ved Tangen i Bygland, truleg i 1905. Nordåna var flotingselv frå Skrelandsbrua og sørover , og åna blei demd opp for å skaffe vatn til tømmerflotinga. Utbygginga av kraftverk i Setesdal, og den tilhøyrande vassdragsreguleringa, gjorde slutt på flotinga av […]

Sandnes skulehus

Skulestoga på Sandnes 27. oktober 2017. Foto

Sandnes skulehus er den vesle, gule bygningen som ligg langs bygdevegen når du kjem til Sandnes i Bygland sørfrå. På første halvdel av 1800-talet var det ikkje faste skulehus, slik det blei seinare. Det var såkalla «omgangsskule», der skulen blei halden på dei ulike gardane etter tur. Med tida steig rimelegvis krava. Omgangsskulen var upraktisk. […]

Skomedal skulehus – Bygland

Skulehuset på Skomedal 25. oktober 2016. Foto.

Det gamle skulehuset på Skomedal ligg rett på oppsida av den gamle riksvegen gjennom grenda. Det er bygd i 1888. På første halvdel av 1800-talet var det ikkje faste skulehus, slik det blei seinare. Det var såkalla «omgangsskule», der skulen blei halden på dei ulike gardane etter tur. Med tida steig rimelegvis krava. Omgangsskulen var […]

Ekron – Nordre Haugetveit

Ekron 2. november 2024. Oversiktsbilde.

Ekron er ein gardpart nord for Haugetveit i Åraksbø som i dag høyrer til alle tre hovudbruka på Søndre Sandnes i Bygland.   Arealet er om lag 12 000 mål. I mellomalderen var Ekron eigen gard, truleg med busetnad, kalla Nordre Haugetveit. Åkerreiner fleire stader syner at her var dyrka mark. Haugetveit blei altså delt ein gong langt tilbake i tida. Korleis gjekk det til? […]

Vassrenna til «Det Sæthersdalske Kobberværk»

Vassrenna til koparverket i Åraksbø. Foto.

Den gamle vassrenna står att på verkstomta i Åraksbø. Ho minnar oss om dei hektiske åra rundt 1845, då det var eit svært koparverk i drift i Åraksbø. «Det Sæthersdalske Kobberværk» var eit hektisk, men kort industriprosjekt med gruvedrift etter kopar ved Straumsfjorden og Bø i Valle og smeltehytte for koparrmalmen i Åraksbø. Bakgrunn Drifta gjekk i hovudsak føre seg i åra […]

Gamle vegmurar – Nesetsvingen nord

Gamle vegmurar i Nesvika 4. oktober 2024. Foto:

Rett etter den krappe svingen på Riksveg 9 før Neset Camping, når me kjem sørfrå, står det framleis att svære murar etter eldre utgåver av Setesdalsvegen. Her er restar av stablemurar som synest å vere etter Postvegen, den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Han kom forbi Neset først på 1840-talet. Her er også andre […]

Postvegen – Nesetsvingen sør

Dei gamle vegmurane i Nesetsvingen 4. oktober 2024. Foto.

I Nesvika, rett før du på veg nordover tek til på den krappe svingen på Riksveg 9 sør for Neset Camping, står det framleis att nokre svære murar etter Postvegen. Postvegen, ja det var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Mange stader i heile dalføret kan me framleis finne gamle vegstubbar og andre minne etter […]

Postvegen – Heimåtsvingen

Heimåtsvingen 15. mars 2024. Postvegen gjekk rundt odden der bjørka nå står. Foto.

Nord for Andre Odde, på veg mot Neset Camping frå Byglandsfjord, ligg Heimåtsvingen. Der står det framleis att nokre svære murar etter Postvegen. Postvegen, ja det var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Mellom Salbergmoen – dette var lenge før Byglandsfjord kom til – og Neset var det mange små bukter og oddar. Dette førte […]

Træletveit gravfelt – Åraksbø

Gravfeltet på Træletveit 17. oktober 2024. Foto

Gravfeltet ligg på grunnen til Gausi (gnr. 31 bnr. 3) på Træletveit i Åraksbø. I feltet er det registrert sju gravrøyser av ulik storleik. Tre av røysene er svært tydelege og klart definerte. Dei andre fire er noko mindre og ikkje like openbare. Feltet har vore kjent i Bygland, men blei først i oktober 2024 undersøkt av fagfolk og […]

Frøyrak gamle brygge

Frøyrak gamle brygge 8. oktober 2024. Foto.

Frå 1867 til 1905 var det dampbåtbrygge på Mørkenesodden på Frøyrak. Brygga var ei steinfylt tømmerkiste, og Mørkenesodden (Odden) var landfast. Ho vart brukt av damprutebåten Dølen frå 1867 og av både Dølen og Bjoren frå 1897 til fjorden vart stemd opp i 1905. Brygga står som oftast under vatn. Men nå i byrjinga av […]

Postvegen Kristiansand–Bykle

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Artikkelen her er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtalar Postvegen. Det er meininga – eller kanskje meir realistisk sagt draumen – at artiklane til slutt skal dekke heile vegstykket frå starten i Kristiansand […]

Postvegen – Bygland

Fånekleiva på Postvegen i Bygland. Foto.

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Artikkelen her er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Bygland. Spora etter vegen i dag Det er spora etter vegen i dag eg vil syne fram. Stykka er i grunnen ei […]

Åraksbø kraftverk

Dammen til kraftverket. Foto.

Åraksbø kraftverk var eit privat føretak, eit lutlag med eit styre, ved Hovassåna i Skrikarjuvet frå 1922 til 1939. Kraftverket skaffa straum til gardar og hus i Åraksbø og på Sandnes. Det blei bygd ein stor betongdam i Hovassåna, nokså rett aust for husa på Nordenå. Frå dammen gjekk det ei røyrgate ned til vassturbinen […]

Gravfeltet på Moi – Bygland

Gravfeltet på Moi inne i skogen 8. juni 2024. Foto.

På den lange Moisletta i Bygland, på austsida av Riksveg 9, i skiljet mellom inn- og utmarka, ligg eit gravfelt med sju rundhaugar. Feltet er rett bak (nord for) den gamle løa på Moi bnr. 4. Haugane er tydelege og klart markerte. Dei har diameter på ca. 9–13 meter og høgder på kring 1–1,5 meter. […]

Heddeviki – ein gamal husmannsplass

Det gamle uthuset og steinmurar inne i skogen i Hddeviki. Foto.

Heddeviki var ein husmannsplass litt opp i den bratte i lia rett aust for Heddeneset tunnel, nord for Åraksbø i Bygland. Det er ein av dei eldste husmannsplassane ein kjenner til i Bygland, med busetjing frå tida rundt 1720. Frå først av skal buplassen ha vore nede ved Åraksfjorden. Då det kom folk på staden […]

Skore – gamlevegen

Den gamle vegen i jordet oppover mot Tveitan. Foto

Den gamle gardsvegen opp til Skore i Bygland finn me framleis i lia mellom fjorden og Tveitan, den store sletta eit lite stykke nedanfor husa på garden. Det gjekk, iallfall frå 1700-talet, ein «Allmannaveg» eller «Daleveg» (ein rideveg) forbi Skorsura nede ved fjorden. Den gamle gardsvegen frå fjorden opp til Skore må vere framhald av […]

Futevegen – Kalveskinnsupsa

Futevegen gjennom skogen i høgda over Kalveskinnsupsa med Riksveg 9 langt under. Foto.

Ein gamal Daleveg, av mange kalla Futevegen, kom frå Evje forbi Syrtveitgardane og gjekk høgt oppe i lia ved Kalveskinnsupsa før han svinga ned til husa i Vassend. Vegen var ein ride- og kløvveg, som etter kvart blei opparbeidd til sledeveg. At han ofte er kalla «Fute-vegen», kjem av at han var administrasjonsveg og blei […]

Skjevrak brygge – Bygland

Brygga på Skevrak 11. april 2024. Me ser nord-austover mot Bygland kyrkebygd. Foto.

Brygga er sagt å vere bygd i 1915. Det var tidlegare andre brygger på staden. Skjevrakbrygga blei brukt av damprutebåtane Dølen og Bjoren, som gjekk i rutetrafikk på Byglandsfjorden og Åraksfjorden frå 1867 (Dølen) og 1897 (Bjoren). Bjoren gjekk først, frå 1867, på Kilefjorden. Dampbåtane vart utkonkurrerte av rutebiltrafikken på Setesdalsvegen rundt 1930. Men med […]

Postvegen/Riksveg 400 – Staven

Oversiktsbilde av vegen forbi Staven. Foto.

Staven mellom Skomedal og Frøysnes var eit smalt og vanskeleg stykke då den første køyrevegen oppover i Setesdal blei bygd først på 1840-talet. Postvegen blei den første køyrevegen for hjulkøyretøy kalla i Setesdal. Altså veg for hest og vogn/kjerre. Ved Staven går fjellet mest stupbratt rett ned til fjorden. Det var vanskeleg å finne plass […]

Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen

Gamal vegmur på Skomemoen. Foto.

Mellom Storstraumen og Skomåne, på Skomemoen, ser me ein fin steinmur etter Postvegen på oppsida av Riksveg 9. Postvegen var den første ordentlege køyrevegen for hest og vogn i Setesdal. Han kom forbi Skomemoen rundt 1842. Den som truleg kjenner historia bak Postvegen aller best, Leonhard Jansen, meiner det var her den berykta Hestekleiva låg. […]

Postvegen – Moi

Gamlevegen på Moismoan. Foto.

På Moi i Bygland kan me følge den gamle Postvegen i fleire kilometer gjennom skogen. «Postvegen» blei han kalla, den første ordentlege køyrevegen i Setesdal. Han var køyrbar med hest og vogn fram til Valle i 1844, og heilt ferdig i 1846. Han blei formelt avlevert i 1847. Vegane før dette var for gåande og […]

Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale

Brygga ved Hesteberget på Frøyrak 18. mars 2017. Foto.

Brygga på Hesteberget blei bygd som felles dampbåtbrygge for dei to gardane Frøyrak og Dale etter oppdemminga av Byglandsfjorden. Då dampbåttrafikken på fjorden tok til i 1867 var brygga på Frøyrak i følge opplysningar på Kulturminnesok.no på Mørkenesodden, nokre hundre meter sør-aust for husa på Frøyrak. Etter oppdemminga av fjorden frå 1905 blei odden meir som ei øy […]

Riksveg 400 – Skomemoen

Starten på den gamle setesdalsvegen med Riksveg 9 til venstre. Foto.

Om lag midt mellom Storstraumen og Skomedal, på Skomemoen, ligg ei sløyfe av den gamle Setesdalsvegen lenger ut mot fjorden enn Riksveg 9 gjer i dag. Eg har ikkje klart for meg nøyaktig kva det heiter her. Skomemoen er jo svær. Men eg lurer på om det er ein eller annan stad i dette området […]

Frutti Frøyrak si grav

Steinen som markerer gravplassen til Frutti Frøyrak. Husa på Frøyrak i bakgrunnen. Foto.

Frutti Frøyrak er etter segna rudkallen på Frøyrak i Bygland. På Sikkomodden rett sør for tuna låg ein gravhaug som vart utjamna litt etter århundreskiftet. Dette var – også etter segna – grava til Frutti. Han blei gravlagd her så han kunne sjå heim til garden, er det sagt. Vasstanden i Byglandsfjorden er høgare i […]

Setesdalsbanen – Dammen, Vassend

Den gamle jernbanelinja i skjeringa rett nord for Byglandsfjord dam. Foto.

Ved dammen i Vassend gjekk Setesdalsbanen gjennom ei fjellskjering heilt ute på kanten mot elvelaupet. Rett nord for skjeringa står det også igjen ein fin mur av nøyaktig tilhoggen stein. Etter at banen var nedlagt, blei det bygt «kompensasjonsveg» frå Mosby til Byglandsfjord. Ein del stader følgde vegen den gamle jernbanelinja. Akkurat her ved skjeringa […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.