Åraksbø kraftverk

Dammen til kraftverket. Foto.

Åraksbø kraftverk var eit privat føretak, eit lutlag med eit styre, ved Hovassåna i Skrikarjuvet frå 1922 til 1939. Kraftverket skaffa straum til gardar og hus i Åraksbø og på Sandnes. Det blei bygd ein stor betongdam i Hovassåna, nokså rett aust for husa på Nordenå. Frå dammen gjekk det ei røyrgate ned til vassturbinen […]

Gravfeltet på Moi – Bygland

Gravfeltet på Moi inne i skogen 8. juni 2024. Foto.

På den lange Moisletta i Bygland, på austsida av Riksveg 9, i skiljet mellom inn- og utmarka, ligg eit gravfelt med sju rundhaugar. Feltet er rett bak (nord for) den gamle løa på Moi bnr. 4. Haugane er tydelege og klart markerte. Dei har diameter på ca. 9–13 meter og høgder på kring 1–1,5 meter. […]

Heddeviki – ein gamal husmannsplass

Det gamle uthuset og steinmurar inne i skogen i Hddeviki. Foto.

Heddeviki var ein husmannsplass litt opp i den bratte i lia rett aust for Heddeneset tunnel, nord for Åraksbø i Bygland. Det er ein av dei eldste husmannsplassane ein kjenner til i Bygland, med busetjing frå tida rundt 1720. Frå først av skal buplassen ha vore nede ved Åraksfjorden. Då det kom folk på staden […]

Skore – gamlevegen

Den gamle vegen i jordet oppover mot Tveitan. Foto

Den gamle gardsvegen opp til Skore i Bygland finn me framleis i lia mellom fjorden og Tveitan, den store sletta eit lite stykke nedanfor husa på garden. Det gjekk, iallfall frå 1700-talet, ein «Allmannaveg» eller «Daleveg» (ein rideveg) forbi Skorsura nede ved fjorden. Den gamle gardsvegen frå fjorden opp til Skore må vere framhald av […]

Futevegen – Kalveskinnsupsa

Futevegen gjennom skogen i høgda over Kalveskinnsupsa med Riksveg 9 langt under. Foto.

Ein gamal Daleveg, av mange kalla Futevegen, kom frå Evje forbi Syrtveitgardane og gjekk høgt oppe i lia ved Kalveskinnsupsa før han svinga ned til husa i Vassend. Vegen var ein ride- og kløvveg, som etter kvart blei opparbeidd til sledeveg. At han ofte er kalla «Fute-vegen», kjem av at han var administrasjonsveg og blei […]

Skjevrak brygge – Bygland

Brygga på Skevrak 11. april 2024. Me ser nord-austover mot Bygland kyrkebygd. Foto.

Brygga er sagt å vere bygd i 1915. Det var tidlegare andre brygger på staden. Skjevrakbrygga blei brukt av damprutebåtane Dølen og Bjoren, som gjekk i rutetrafikk på Byglandsfjorden og Åraksfjorden frå 1867 (Dølen) og 1897 (Bjoren). Bjoren gjekk først, frå 1867, på Kilefjorden. Dampbåtane vart utkonkurrerte av rutebiltrafikken på Setesdalsvegen rundt 1930. Men med […]

Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen

Gamal vegmur på Skomemoen. Foto.

Mellom Storstraumen og Skomåne, på Skomemoen, ser me ein fin steinmur etter Postvegen på oppsida av Riksveg 9. Postvegen var den første ordentlege køyrevegen for hest og vogn i Setesdal. Han kom forbi Skomemoen rundt 1842. Den som truleg kjenner historia bak Postvegen aller best, Leonhard Jansen, meiner det var her den berykta Hestekleiva låg. […]

Postvegen – Moi

Gamlevegen på Moismoan. Foto.

På Moi i Bygland kan me følge den gamle Postvegen i fleire kilometer gjennom skogen. «Postvegen» blei han kalla, den første ordentlege køyrevegen i Setesdal. Han var køyrbar med hest og vogn fram til Valle i 1844, og heilt ferdig i 1846. Han blei formelt avlevert i 1847. Vegane før dette var for gåande og […]

Riksveg 400 – Skomemoen

Starten på den gamle setesdalsvegen med Riksveg 9 til venstre. Foto.

Om lag midt mellom Storstraumen og Skomedal, på Skomemoen, ligg ei sløyfe av den gamle Setesdalsvegen lenger ut mot fjorden enn Riksveg 9 gjer i dag. Eg har ikkje klart for meg nøyaktig kva det heiter her. Skomemoen er jo svær. Men eg lurer på om det er ein eller annan stad i dette området […]

Frutti Frøyrak si grav

Steinen som markerer gravplassen til Frutti Frøyrak. Husa på Frøyrak i bakgrunnen. Foto.

Frutti Frøyrak er etter segna rudkallen på Frøyrak i Bygland. På Sikkomodden rett sør for tuna låg ein gravhaug som vart utjamna litt etter århundreskiftet. Dette var – også etter segna – grava til Frutti. Han blei gravlagd her så han kunne sjå heim til garden, er det sagt. Vasstanden i Byglandsfjorden er høgare i […]

Setesdalsbanen – Dammen, Vassend

Den gamle jernbanelinja i skjeringa rett nord for Byglandsfjord dam. Foto.

Ved dammen i Vassend gjekk Setesdalsbanen gjennom ei fjellskjering heilt ute på kanten mot elvelaupet. Rett nord for skjeringa står det også igjen ein fin mur av nøyaktig tilhoggen stein. Etter at banen var nedlagt, blei det bygt «kompensasjonsveg» frå Mosby til Byglandsfjord. Ein del stader følgde vegen den gamle jernbanelinja. Akkurat her ved skjeringa […]

Straumen – husmannsplassen til ferjemannen

Dei gamle husmurane på Straumen 23. mars 2024. Me ser nordover mot Skomedal

Husmannsplassen Straumen kom til i samband med at Postvegen kom opp gjennom Setesdal. Då var det viktig å få til ein ordna overfart over Storstraumen. Plassen ligg 100–200 meter nord for Storstraumen, på austsida av fjorden. Det er på garden Nedre Kvåle sin grunn. Ferjemannen Det blei oppretta ei stilling som ferjemann. Han måtte ha […]

Ekra gravfelt – Eikjåknodden

Oversiktsbilde Eikjåknodden med gravfeltet. Byglandsfjorden i bakgrunnen. Foto.

Ved Eikjåknodden, på garden Bø sin grunn, på vestsida av Byglandsfjorden, ligg Ekra gravfelt med minst fem gravrøyser frå jernalderen. Røysene ligg på oversida (vestsida) av vegen mellom Senum og Frøyrak. Fire av røysene ligg som på rekke og rad oppe på ein terrasse over vegen. Den femte ligg i skråningen litt nærare vegen, og […]

Gamle Fånekleiva – Bygland

Når du tek til på spaserturen i Fånekleiva frå parkeringsplassen i sør, ser du ganske tydeleg restane etter den første kleiva frå 1842 rett på oversida av den nye vegen frå 1870. Foto.

Fånekleiva – turløypa som me er så glade i – er bygd i 1842. Etter eit svært steinras i 1870 blei den nedste delen øydelagt, og kleiva her lagt om. Fånekleiva var eitt av dei vanskelegaste partia på Postvegen, kjerrevegen som blei bygd oppover i Setesdal først på 1840-talet. «Det franske prinsipp» På den tida […]

Stigemo, Skomedal

Gamalt hus på Stigemo 22. oktober 2016. Foto.

Stigemo var ein husmannsplass under Nordre Skomedal i Bygland. Staden ligg på vestsida av Byglandsfjorden, 600–700 meter sør-vest for Storstraumen. Her var det to husmannsplassar under Nordre Skomedal. Dei som rydda her, truleg rundt 1804, var Tellef Olavson Frøysnes og kona Gyro Osmundsdotter Huset. Tellef og Gyro har ei stor etterslekt. Stigemoætta har greiner utover store delar av landet og i […]

Austad gamle kyrkjegard

Austad gamle kyrkjegard 7. august 2022. Foto.

Austad gamle kyrkjegard er den gamle kyrkjegarden frå tida då Austad kyrkje stod på Austad. I 1880 stod ny kyrkje for Austad sokn ferdig på Tveit, over på andre sida av Otra. Då søkte oppsitjarane på Austad om å få nytte den gamle kyrkjegarden. Søknaden blei ikkje imøtekomen. Først i 1911 vart kyrkjegarden teken i bruk att. Same året kom oppsitjarane […]

Skore i Bygland

Bygningane på Skore i april. Foto.

Skore er ein fråflytta gard høgt oppe i lia aust for Ose, på austsida av Otra, nord i Bygland. Garden grensar til Austad i nord og Åraksbø i sør. Grensa mot Åraksfjorden (Otra) i vest er ca to km. Historie Skore må i si tid ha gått ut frå Austad. Når dette skjedde veit me ikkje. Men garden har blitt lagt øyde i tida etter Svartedauden, etter 1350. […]

Riksveg 400 – Odden, Lauvdal

Gamlevegen ved Odden 19. oktober 2023. Foto:

Ved Odden sør på Lauvdal gjekk den gamle Riksveg 400 i ei sløyfe rundt fjellknausen på staden, nærare fjorden enn Riksveg 9 som går rett fram. Det blei bygd ny veg rundt Lisle Fånefjell i 1923. Då måtte også vegen vidare nordover mot Lauvdal leggjast om. Før dette gjekk vegen, den såkalla Postvegen, som kjend […]

Postvegen – Lauvdalsodden

Riksveg 9 i Lauvdalssvingen, med Postvegen til venstre oppover i skogen. Foto.

På Lauvdalsodden i Bygland gjekk Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen i Setesdal, på oversida av dagens Riksveg 9. Det er framleis godt synlege spor etter den gamle vegen. Det var rundt 1842 Postvegen kom hit. Men før dette hadde folk sjølvsagt også kontakt med kvarandre mellom gardane. Av gamle kart går det fram at det […]

Postvegen – Fosslid

Vegen forbi Fosslid 24. august 2023. Foto.

Like etter Reiårsfossen på veg nordover, ved rasteplassen på Riksveg 9, svingar den gamle Postvegen seg av mot venstre, går opp Kleivi og forbi Fosslid. Postvegen var den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. I dag er Fosslid fritidseigedom. På 1800-talet var han husmannsplass. Først i 1923 blei eigedomen skyldsett med eige bruksnummer. Her stod […]

Nautedalsåni bru – Riksveg 400

Nautedalsåni bru 27. november 2022. Foto.

Nautedalsåni bru står igjen etter den gamle Riksveg 400 mellom Fånefjellstunnelen og Lauvdal i Bygland. Det blei bygd ny veg rundt Lisle Fånefjell i 1923. Då måtte også vegen vidare nordover mot Lauvdal leggjast om. Før dette gjekk vegen, den såkalla Postvegen, som kjend opp Fånekleiva og fram til Lauvdal høgare oppe i lia. Ein […]

Riksveg 400 – Lauvdalsodden

Gamle Setesdalsvegen gjennom skogen med dagens Riksveg 9 til høgre. Foto.

I skogen ved Lauvdalsodden i Bygland, rett på nedsida av Riksveg 9, ligg framleis att ei sløyfe av den gamle Riksveg 400. Lauvdalsodden er der Rv-9 gjer den lange høgresvingen mot Bygland, om lag ein kilometer nord for Lauvdal. Her er det mange spor etter tidlegare vegbyggingar. Den første køyrevegen her, den såkalla Postvegen, blei […]

Postvegen – Ose nord

Den gamle Postvegen i skogen ovanfor Riksveg 9 med Ose sentrum bak i biletet. Foto.

Rett nord for butikken på Ose, godt gøymt i skogen ovanfor Riksveg 9, er det framleis tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. Etter å ha kome forbi Storstoga svinga Postvegen opp det som i dag er starten på skogsbilvegen oppover mot Reiårsvatn. Ved den første skarpe svingen, om lag der […]

Postvegen – Storstraumen

Gamle postvegmurar ved STraumen, på austsida av Storstraumen. Foto:

Me kan sjå tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal, på både austsida og vestsida av Storstraumen i Bygland. Postvegen blei bygd oppover i dalen først på 1840-talet. Det var den første vegen der ein kunne kome fram med vogn eller kjerre med hjul. Etter å ha passert Urdviki, og krysset […]

Postvegen – Vrongevje

Gamal steinmur etter Postvegen ved Vrongeve. Foto.

Ved Vrongevje, på grensa mellom Moi og Tveit i Bygland, er det framleis tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. Forbi Moi gjekk Postvegen heile tida på nedsida (nærare Otra) av der Riksveg 9 ligg i dag. Då vegen nærma seg Vrongevje, svinga han seg opp mot dagens veg for å […]

Sørstemmen – Jordalsvatn

Den gamle steintemmen ved utlaupet av Jordalsvatn . Foto.

Sørstemmen er ein stor, mura steinstem som blei sett opp i vestre enden av Jordalsvatn i Bygland heilt på byrjinga av 1900-talet.  Steinstemmen erstatta ein endå mykje eldre stem på staden som var rotna i stykker. Jordalsåna, som i dag er kalla Søråni, var flotingselv. Vatnet blei demd opp for å skaffe vatn til flotinga. Jordalsåna (Søråni) renn saman med Nordåna […]