Moi gravfelt

Moi gravfelt ligg på garden Moi sin grunn, på Moisund sør i Evje og Hornnes. Feltet ligg ved Moibekken, i skogen om lag 200 meter vest for den gamle Skrivargarden. Det er registrert 26 haugar, 18 rundhaugar og åtte langhaugar. Feltet ligg tett inntil dyrka mark, så det er ikkje urimeleg å rekne med at nokon fleire haugar kan […]
Gravrøysa på Nånesodden

På Nånesodden, på vestsida av Byglandsfjorden, ligg det ei gravrøys. Ho høyrer til den spesielle typen gravminne som vert kalla åsrøys. På Kulturminnesøk.no heiter det at ho er frå jernalderen. I ei undersøking sommaren 2012 i samband med erosjonssikring fann dei brentebein frå menneske og ein pinsett frå yngre bronsealder, noko som var ei stor […]
Tverrå gamle bru – Bykle

Tverrå gamle bru er ei steinkvelvbru over Tverråi på den gamle køyrevegen mellom Berdalsbru og Hovden. Brua er ifølge Kulturminnesok.no bygd i 1915. Først var ho ein del av den planerte ridevegen som blei avlevert i 1915. Seinare inngjekk ho i køyrevegen som blei bygd her i 1924. Vegen heilt opp til Hovden var offisielt […]
Evje kyrkje

Evje kyrkje er ei langkyrkje i tre. Ho er eit staseleg kulturminne ved innkøyringa til Evje frå nord. Kyrkja vart bygt av Ludvik Karlsen i 1890–1891, og vigsla 16. desember 1891. Det er plass til 450 personar, og kyrkja har galleri. Døypefont og preikestol er og bygt i 1891, og er i tre. Altertavla frå 1891 er […]
Gamlevegen ved Berdalsbru

Den første brua over Otra ved Berdalsbru blei bygt i 1912–1913. Det var ei nydeleg steinkvelvbru, har eg sett på gamle bilete. Den gamle vegen følger elvekanten på austsida, til høgre på biletet, og møter Riksveg 9 like nord for der brua kjem over i dag. Sprengt av norske motstandsfolk Steinkvelvbrua blei sprengt i stykker […]
Auvervassåi gamle bru – Bykle

Auvervassåi gamle bru er ei vakker steinkvelvbru på «gamlevegen» mellom Bykle kyrkjebygd og Hovden. Brua er bygd i 1911 i følge opplysningar på Kulturminnesok.no. Først inngjekk ho i den halvannan meter breie planerte ridevegen som vart grovt ferdig i 1905 og avlevert i 1915. Så inngjekk brua i den endelege køyrevegen som vart grovt ferdig […]
Valle kyrkje

Valle kyrkje er ei korskyrkje i lafta tømmer frå 1844. Kyrkja har om lag 400 plassar, og kyrkjegarden ligg rundt kyrkja. Ho ligg på Vaddarhaugen, like ved den gamle riksvegen gjennom bygda. Anders «Kyrkjebyggar» Kyrkja er bygt av «Kyrkjebyggaren» Anders Torson Syrtveit. Valle-bøndene ytte mykje for å få reist kyrkja. Dei gav tømmer, og gjorde […]
Hylestad kyrkje

Hylestad kyrkje er ei åttekanta kyrkje i lafta tømmer frå 1839, bygt av Anders Thorson Syrtveit, «Kyrkjebyggaren». Han bygde dei fleste kyrkjene i Setesdal. Kyrkja har 200 sitteplassar og to galleri. I våpenhuset er det kopiar av Hylestadportalane, med motiv frå heltesagaen om Sigurd Fåvnesbane. Desse portalane kom frå stavkyrkja som stod i området Hovet/Bjørgum, […]
Bøgruva – Valle

Bøgruva er ei gamal kopargruve i Valle, i dalsida på vestsida av Otra, på garden Bø sin grunn. Det er ikkje kjent nøyaktig når denne malmførekomsten blei funnen, men i alle fall før 1826. Gruva ligg vel ein halv kilometer i luftline nord-vest for busetnaden i Bø. I 1984 blei det bygt ein skogsbilveg frå […]
Tårnet – Longerak

Langs vegen oppover mot Longerak kraftstasjon står dette spesielle huset. Det skal ha ei rørande historie, som Reidar Tveito har fortald i den framifrå boka si om bruer og særtrekk langs riksveg 9. Reidar seier at han igjen har historia frå Sigrid Nersten Lunden og Magnhild Rygg. Det hadde seg slik at Ingebjørg Langerak hadde levd under trange kår. […]
Høybua på Skarsmo

Eg er veldig fengsla av den gamle høybua rett i nærleiken av rasteplassen på Skarsmo, litt nord for Byklestøylane, i Bykle. Fargane på landskapet – og bua – skiftar så fint etter årstidene. Eg kjenner meg alltid litt spent når eg nærmar meg denne staden. «Korleis ser bua ut i dag, tru?» Eg har fått […]
Hoslemo gamle bru

Hoslemo gamle bru er ei steinkvelvbru over Hoslemobekken, på den gamle riksvegen mellom Bykle og Hovden. Det blei bygd rideveg med breidde to meter frå Bykle kyrkje til Hoslemo som stod ferdig i 1895. Få år seinare søkte ein om utviding av ridevegen til køyreveg, altså veg for hest og kjerre. Denne utvida vegen kunne takast i bruk i 1904. Truleg blei den gamle […]
Rygnestad og Flateland kulturlandskap – av nasjonal interesse!

Rygnestad og Flateland i Valle er frå 2021 med i det nasjonale registeret over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA). Frå før (2009) inngår området i satsinga «Utvalde kulturlandskap i jordbruket». Anten du er interessert i historie, kulturminne, kulturlandskap eller «bare» synest ei god, gammaldags blomstereng er det finaste som finst, vil eit besøk her vere […]
Galtelandsteinen – historisk sus ved Fennefossen

Galtelandsteinen er en berømt runestein som stod på Listeinsmoen på Evje i 700 år, fra ca 1016–ca 1750. En etterligning er satt opp på samme sted man tror runesteinen stod. I dag kaller vi Listeinsmoen for Verksmoen. Enten du bor på Evje, er gjest på en av campingplassene i bygda eller bare er på gjennomreise, gir […]
Rygnestadtunet – det mest særmerkte i Setesdal

Om du er på ferie i Evje-området, og har tilhald til dømes på ein av dei fine campingplassane i nedre Setesdal, eller kanskje på ærverdige Dølen Hotel, eller for den saks skuld kosar deg med sommarferie på hytta di, kan ein dagstur oppover i Setesdal til Valle og Rygnestadtunet vere ei stor oppleving. Ja, eg vil påstå at endå om […]
Minne kultursenter – Åseral

Minne kultursenter ligg i Kyrkjebygd i Åseral. Det er bare ein køyretur på 45 minutt frå Evje. Her kan du lære meir om den rike kulturhistoria til dei gode naboane våre. Her er Turistinformasjonen, lokalhistorie i form av utstillingar og dokumentarfilmar, kunstutstillingar, folkebibliotek, gåvebutikk og ein liten kafé. Gjennom året er det faste og skiftande utstillingar […]
Bjoren – Eventyrbåten på Byglandsfjorden

D/B «Bjoren» er den vedfyrte dampbåten som trafikkerer strekningen Byglandsfjord-Bygland og Bygland-Ose søndager og noen onsdager i sommersesongen. Ved som drivstoff var – og er – et naturlig valg siden det er rikelig, lokal tilgang på dette. Vedfyringen bidrar sterkt til å gjøre Bjoren til en unik kulturskatt og et flytende, teknisk museum. Båten er […]
Flåt nikkelgruve

Flåt nikkelgruve er ei nedlagd nikkelgruve i Mykleåsen i Flot mark i Flatebygd i Evje og Hornnes. Ho var ein gong Nord-Europas største nikkelgruve! Sjølve gruva er stengt og plombert. Men det er mykje spennande å sjå oppe på overflata også. Gruveområdet er difor ein ypparleg stad for eit besøk for deg som er interessert i gamal gruvehistorie. Frå hausten 2023 ligg Gruveblikk, dagsturhytta i […]
Huldreheimen – Bykle

Huldreheimen er eit bygdetun og friluftsmuseum i Kyrkjebygda i Bykle. Det er ei avdeling under Setesdalsmuseet. Her kan du oppleve gamle setesdalshus, ei huldreaktig stemning og eit fantastisk utsyn! Huldreheimen ligg slik til at det er ein flott tur å gå opp, vandre mellom dei gamle bygningane og ha eit storlått utsyn over heile kyrkjebygda i Bykle. Anlegget er ikkje […]
Hornnes jernbanebru

Hornnes jernbanebru går over Otra rett før elva renn ut i den vesle innsjøen Breiflå. Brua blei bygd i 1895–1896, før opninga av Setesdalsbanen i 1896. Brua er 140 meter lang, og oppført i ein stålkonstruksjon som kviler på seks brukar av lokal gneis. Steinen er fint hogd til av tilreisande rallarar. Det er sagt at det mykje var […]
Sosteli – Åseral

Sosteli jernaldergard er eit gardssamfunn frå eldre jernalder som ligg om lag 400 moh., to km vest for Kyrkjebygd sentrum i Åseral. Her finn vi tuftene etter busetnader frå kring Kristi fødsel framover mot 1000-talet. Det er eitt av Nordens best bevarte slike anlegg, og kanske det mest spennande og verdifulle kulturminnet i Åseral i dag. Gardsanlegget består av […]
Deknehola ved Storstraumen

Deknehola er ei grop eller eit djupt søkk i moreneryggen på austsida av Fuglekilen, rett aust for Storstraumen, i Bygland. Hola er eit synleg minne om eit mislukka kanaliseringsprosjekt som prominente menn i Bygland sette i gang rundt 1740. Før det kom køyreveg (kjerreveg) oppover i Setesdal, blei mykje gods frakta etter Byglandsfjorden på nokre […]
Lislestog – Bykle

Lislestog (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under Setesdalsmuseet. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd. I samlinga er det elleve tømmerbygningar og mange gjenstandar etter kunstmålaren Morten Henriksen. Henriksen var frå Oslo, men budde i Bykle om sommaren med kona si. Husa er ikkje sette opp som eit tradisjonelt rekketun som har vore vanleg i Setesdal, […]
Røysland gravfelt i Valle

Røysland gravfelt ligg på Røysland heilt sør på Straume i Hylestad i Valle. Her kan du stille vandre mellom spor frå fortida! Feltet ligg langs Birkelandsvegen, rett sør for Åraksøyne. Det er registrert minst 19 røyser i feltet. Det er både langrøyser og rundrøyser. Dei er bygde opp av stein. Nokre av røysene er rydningsrøyser. Røysene ligg rundt ei hustuft. Busettinga i gardsanlegget er ikkje […]
Langerak kraftverk

Langerak kraftverk er eit vasskraftverk i grenda Longerak i Bygland. Det spesielle kraftverksbygget er vel verdt eit besøk i seg sjølv. Er du i området likevel, til dømes for å gå i turløypa opp til Snipa, har du ein ekstra god grunn til å studere praktbygget litt nærare. Det ligg i skogen, rett på oversida av Riksveg 9. Kraftverket […]
Landeeika – eitt av Norges eldste tre!

Landeeika er eit eldgamalt, kanskje 1000 år gamalt, tre i Grendi i Bygland. Det veks like attmed riksveg 9, eit par hundre meter sør for Årdal kyrkje. Landeeika skrivast óg som Landeeiki. I fylgje forfattar Nystad så var dette eit heilagt tre. Diameteren i rota skulle vera 3,5 meter. Alderen er noko uviss, men fagfolk meiner han ligg mellom 800 […]