Gravfeltet på Moi – Bygland

Gravfeltet på Moi inne i skogen 8. juni 2024. Foto.

På den lange Moisletta i Bygland, på austsida av Riksveg 9, i skiljet mellom inn- og utmarka, ligg eit gravfelt med sju rundhaugar. Feltet er rett bak (nord for) den gamle løa på Moi bnr. 4. Haugane er tydelege og klart markerte. Dei har diameter på ca. 9–13 meter og høgder på kring 1–1,5 meter. […]

Bygdeborga på Slottbakkfjell

Bygdeborga på Slottbakkfjell 3. juni 2024. Oversiktsfoto.

På Slottbakkfjell ved Birketveittjønna nær kommunesenteret Birketveit i Iveland ligg restane etter svære borgmurar i ei bygdeborg. Ekspertane trur bygdeborgene var forsvarsanlegg. Slottbakkfjell er bratt og tildels stupbratt mot nord-nord/vest og aust-sør/aust. På dei andre sidene er hellinga svakare. Borgmurane blei difor sett opp der. Mellom to mindre kollar mot nord-vest er det eit trongt […]

Flatelandsmoen – Gjøvdal

Oversiktsbilde av gardsanlegget på Flatelandsmoen 14. april 2017. Foto.

På Flatelandsmoen på Jørundland i Gjøvdal ligg eit godt bevart gardsanlegg frå folkevandringstida. Her er hustufter, gravrøyser og rydningsrøyser. Det skal vere eitt av dei mest komplette gardsanlegga i Sør-Norge. Garden blei truleg rydda i folkevandringstida (400–600 e.Kr.). Folka livnærte seg av åkerbruk og husdyrhald. I utmarka var jakt og fiske viktig. Det budde folk […]

Ekra gravfelt – Eikjåknodden

Oversiktsbilde Eikjåknodden med gravfeltet. Byglandsfjorden i bakgrunnen. Foto.

Ved Eikjåknodden, på garden Bø sin grunn, på vestsida av Byglandsfjorden, ligg Ekra gravfelt med minst fem gravrøyser frå jernalderen. Røysene ligg på oversida (vestsida) av vegen mellom Senum og Frøyrak. Fire av røysene ligg som på rekke og rad oppe på ein terrasse over vegen. Den femte ligg i skråningen litt nærare vegen, og […]

Skollhaugan gravfelt – Skreros

Skollhaugane gravfelt 26. desember 2015. Foto.

Skollhaugan er ein gravplass frå eldre jernalder, frå 400-talet e.Kr., på garden Skreros i Vegusdal i Birkenes kommune. Det er funne 12 gravhaugar. Dei ligg på ei slette nede på flata ved Skrerosåna, eit område som tidlegare var ei øy der elva renn ut i Ogge. Gravfeltet blei «gjenoppdaga» i 1912 under uttak av grus i området. I 1917 blei fem av […]

Kleveknuten bygdeborg – Hornnes

Utsikten sørover frå Kleveknuten 16. april 2010. Foto.

Kleveknuten (Klevekrullen) er ein liten fjelltopp (292 moh.) rett vest for Riksveg 9 ved Hannås nord for Moisund i Evje og Hornnes. På toppen er det ei større røys av stein som i si tid må ha vore frakta dit. Steinrøysa kan vere eit nedramla steinalter nytta som offerstad. Truleg er Kleveknuten også nytta som forsvarsborg og kanskje signalstasjon. Inne i fjellet, i fleire svære […]

Knutsbakk – Bygland

Knutsbakk med fire store gravhaugar og minnestøtta etter 2. verdskrigen. Foto.

Dette er staden i Bygland for kransenedlegging til minne om dei som fall under 2. verdskrigen. Her ligg og fleire gravhaugar frå vikingtida. Knutsbakk var tilhaldsstad og ekserserplass for militære i dansketida, er det fortalt. Staden ligg om lag 175 meter sør for Bygland kyrkje. Minnestøtta Minnestøtta (t. h.) vart avduka 17. mai 1947 av fylkesmann Nils Hjelmtveit. […]

Langeidsverdet

Langeidsverdet. Foto.

Langeidsverdet er eit vikingsverd funne på Langeid i Bygland sommaren 2011, under utgravingar i samband med utbygging av Riksveg 9. Det stod i bakken ved sida av ei grav med fire stolpehol. Funnet var så oppsiktsvekkjande at det vart halde hemmeleg heilt til det var trygt plassert i laboratoriet til Kulturhistorisk Museum i Oslo. Sverdet har gull i skjeftet og magiske […]

Fallossteinane på Bygland kyrkjegard

Falleosstein på Bygland kyrkjegard. Foto.

Nær kyrkjegardsmuren, på nord-vestsida av kyrkja, står det to «fallossteinar». Ein av steinane, steinen på biletet her, er intakt. Han er ca. 50 cm høg. Ein meter mot nord står ein annan fallos, men utan hovud. Her er det ein inskripsjon, med eit namn som ikkje går å tyde og årstalet 1798. Det er ikkje […]

Lundarhalsen – heidensk offerstad på Frøysnes?

Lundarhalsen stikk ut i Åraksfjorden på Frøysnes. Foto.

Lundarhalsen er eit nes som stikk ut i Åraksfjorden, på gardsbruket Oppigard på Frøysnes i Bygland. På neset fann frøysnesfolk langt tilbake i tid ei flat helle som var «bygd opp». Over denne hella låg ei stor, flat helle. Det var også svart jord der; det såg ut til at det hadde vore brent på plassen. Dateringa av funnstaden […]

Sordal nordre gravfelt med Haugeteddan

Sordal gravfelt med eitt av dei store furutrea i framgrunnen. Foto.

Sordal nordre gravfelt ligg på Sordal, på austsida av Otra, nord i Bygland. Feltet er om lag 175 meter langt og 70 meter breitt. I alt ligg det 20 rundhaugar og fire langhaugar i feltet. Den største rundhaugen har ei vidde på 17,5 meter og er ein meter høg. Største langhaugen er på 15 x 11 meter og noko […]

Nesodden gravrøys

Gravrøysa på Gullsand i Bygland. Foto.

På den søre spissen av Nesodden i Bygland, i vestre enden av den mykje brukte badestranda Gullsand, ligg ei godt synleg gravrøys bygd av kampestein. Nesodden stikk ut i Byglandsfjorden frå aust, ved Lislestraumen vest for Nesmoen eit par kilometer nord for Bygland sentrum. På vestre sida av fjorden stikk det også ut to små nes. Det er såleis bare eit smalt sund som […]

Hanehaug – Bygland

Hanehaug. Gravhaug. Foto.

Hanehaug er ein stor gravhaug og midtpunktet i eit svært fornminneområde med gravfunn frå steinalder, jernalder, bronsealder, folkevandringstid og vikingtid på Nese i Bygland. Haugen er 16 meter i diameter, og han er to meter høg. Området ligg rett ved Riksveg 9, nokre hundre meter etter at du har passert Bygland sentrum på veg nordover. Staden er […]

Flatelandsmoen gravfelt – Valle

Flatelandsmoen gravelt. Foto.

Flatelandsmoen gravfelt på garden Flateland i Valle er det nordlegaste av dei store gravfelta i Setesdal. Det er om lag 40 haugar bygde av sand i feltet. Den største, Koshaug, er omkring 35 m i tverrmål og er ein verkeleg storhaug. Tradisjonen fortel at det var ein som heitte Kos som rydda opp Flateland. Koshaug skal vere gravplassen hans. Det er gjort […]

Lauvdalsodden – Bygland

Gravrøys på Lauvdalsodden. Foto.

Lauvdalsodden er eit nes som stikk ut i Byglandsfjorden vest for busetnaden på Lauvdal i Bygland, der fjorden eit lite stykke gjer ein sving mot vest. På odden ligg det eit heilt felt med gravrøyser. Fem av haugane er rundhaugar. Den sjette, den største, er ein langhaug som er om lag 30 meter lang og dominerande i landskapet. I følge […]

Kongshaugen – Evje

Gravhaugen Kongshaugen på Evje. Foto.

Kongshaugen er ein gravhaug, ein rundhaug av jord, i Fossvik ved Fennefossen på Verksmoen på Evje. Han er tidfest til siste halvdel en av 300-talet e.Kr. (yngre romertid). Haugen blei arkeologisk undersøkt av riksantikvar N. Nicolaysen i 1882. Då var haugen 30 m i tverrmål og om lag 4 m høg. Då han blei bygd, kan han ha vore rundt 25 m […]

Moi gravfelt

Moi gravfelt i Hornnes. Foto.

Moi gravfelt ligg på garden Moi sin grunn, på Moisund sør i Evje og Hornnes. Feltet ligg ved Moibekken, i skogen om lag 200 meter vest for den gamle Skrivargarden. Det er registrert 26 haugar, 18 rundhaugar og åtte langhaugar. Feltet ligg tett inntil dyrka mark, så det er ikkje urimeleg å rekne med at nokon fleire haugar kan […]

Sosteli – Åseral

Sosteli jernaldergard, Åseral. Foto.

Sosteli jernaldergard er eit gardssamfunn frå eldre jernalder som ligg om lag 400 moh., to km vest for Kyrkjebygd sentrum i Åseral. Her finn vi tuftene etter busetnader frå kring Kristi fødsel framover mot 1000-talet. Det er eitt av Nordens best bevarte slike anlegg, og kanske det mest spennande og verdifulle kulturminnet i Åseral i dag. Gardsanlegget består av […]

Røysland gravfelt i Valle

Røysland gravfelt, Valle. Foto.

Røysland gravfelt ligg på Røysland heilt sør på Straume i Hylestad i Valle. Her kan du stille vandre mellom spor frå fortida! Feltet ligg langs Birkelandsvegen, rett sør for Åraksøyne. Det er registrert minst 19 røyser i feltet. Det er både langrøyser og rundrøyser. Dei er bygde opp av stein. Nokre av røysene er rydningsrøyser. Røysene ligg rundt ei hustuft. Busettinga i gardsanlegget er ikkje […]

Gravrøysa på Kyrkjedekkan

På Kyrkjedekkan, heilt nord på Langeid i Bygland, ligg ei drusteleg gravrøys frå jernalderen. Gravrøysa ligg om lag 100 m frå Riksveg 9, tvers ovafor Hækni rasteplass. Ho er ei rundrøys bygd av små og store rundkamp, rundt åtte meter i diameter og ca 75 cm høg. Midtpartiet er utkasta, slik at det er eit […]