© 2022-2026

© 2022-2026

Gamle setesdalsvegen – Gylii

Murar etter gamle setesdalsvegen i Gylii 5. september 2024. Foto

I Gylii i Valle, rett før me kjem til Bjørnarå i Bykle på veg nordover på Riksveg 9, er det svære murar og andre spor etter den gamle setesdalsvegen. Me ser dei bare ikkje frå bilen. I Leonhard Jansen m.fl. si eminente bok Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 er […]

Gamle vegmurar – Nesetsvingen nord

Gamle vegmurar i Nesvika 4. oktober 2024. Foto:

Rett etter den krappe svingen på Riksveg 9 før Neset Camping, når me kjem sørfrå, står det framleis att svære murar etter eldre utgåver av Setesdalsvegen. Her er restar av stablemurar som synest å vere etter Postvegen, den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Han kom forbi Neset først på 1840-talet. Her er også andre […]

Riksveg 400 – Kvernhusmyra sør for Ærekilen

Svær steinfylling på den gamle setesdalsvegen over Kvernhusmyra 22. september 2024. Foto.

Rett sør for Ærekilen på Vestre Hodne, heilt sør i Hornnes, gjekk den gamle setesdalsvegen over Kvernhusmyra og rundt ein kolle før han kom fram til kilen. Det var tyskerane som bygde ny setesdalsveg her i 1940. Fram til då hadde vegen – det me gjerne kallar Postvegen – svinga vestover ved Pederstjønn. Han gjekk […]

Gamle setesdalsvegen – Moen

Gamlevegen langs Stigahyl 20. juni 2024. Foto.

Den første køyrevegen forbi Moen, under Byklestigen, kom i 1879. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. […]

Gamle setesdalsvegen – Svåa

Gamle setesdalsvegen rundt Svåa 7. mai 2024. Utsikt mot Bykle kyrkjebygd. Foto.

Den første køyrevegen kom rundt Svåa i Bykle i 1879. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. […]

Bjoneskleivi – Bykle

Riksveg 9 med Bjoneskleiva innforbi under fjellet 7. mai 2024. Foto.

Bjoneskleivi, eller bare Kleivi som det står på kartet, var ein bakke på den gamle setesdalsvegen mellom husa på Bjones og Byklebrua. I 1879 kom det endeleg køyreveg for hest og vogn fram til Bykle kyrkje. Då hadde vegarbeidarane strevd seg forbi det vanskelegaste stykket av alle, Byklestigen. Vegen i Bjoneskleivi blei bygd på same […]

Riksveg 400 – Skomemoen

Starten på den gamle setesdalsvegen med Riksveg 9 til venstre. Foto.

Om lag midt mellom Storstraumen og Skomedal, på Skomemoen, ligg ei sløyfe av den gamle Setesdalsvegen lenger ut mot fjorden enn Riksveg 9 gjer i dag. Eg har ikkje klart for meg nøyaktig kva det heiter her. Skomemoen er jo svær. Men eg lurer på om det er ein eller annan stad i dette området […]

Riksveg 400 – Syrtveit sør

Stikkrenne på den gamle setesdalsvegen sør for Syrtveit 8. april 2024. Foto.

Sør for TrollAktiv, på austsida av Riksveg 9, ligg ei sløyfe av den gamle hovudvegen mellom Evje og Byglandsfjord att i skogen. Den første køyrevegen (for hest og vogn/kjerre) gjennom Setesdal, Postvegen, gjekk frå Fennefoss i Hornnes oppover langs vestsida av Otra til Gullsmedmoen. Gullsmedmoen var gamal ferjeplass for å kome over på austsida, til Salbergmoen. Det heitte […]

Gamle setesdalsvegen – Hornskilneset

Den gamle setesdalsvegen ved Hornskilneset til høgre. Riksveg 9 til venstre. Foto.

Den gamle setesdalsvegen (nr. 2) bukta seg rundt på utsida av Hornskilneset i Kilefjorden, rett sør for kommunegrensa mellom Evje og Hornnes og Vennesla. Heilt nord i Kiledalen gjekk den første køyrevegen for hest og hjulkjerre, Postvegen, frå rundt 1840 opp den bratte Kiledalskleiva. Det var eit veldig strevsamt stykke på «hovudvegen» oppover i Setesdal. […]

Riksveg 400 – Odden, Lauvdal

Gamlevegen ved Odden 19. oktober 2023. Foto:

Ved Odden sør på Lauvdal gjekk den gamle Riksveg 400 i ei sløyfe rundt fjellknausen på staden, nærare fjorden enn Riksveg 9 som går rett fram. Det blei bygd ny veg rundt Lisle Fånefjell i 1923. Då måtte også vegen vidare nordover mot Lauvdal leggjast om. Før dette gjekk vegen, den såkalla Postvegen, som kjend […]

Nautedalsåni bru – Riksveg 400

Nautedalsåni bru 27. november 2022. Foto.

Nautedalsåni bru står igjen etter den gamle Riksveg 400 mellom Fånefjellstunnelen og Lauvdal i Bygland. Det blei bygd ny veg rundt Lisle Fånefjell i 1923. Då måtte også vegen vidare nordover mot Lauvdal leggjast om. Før dette gjekk vegen, den såkalla Postvegen, som kjend opp Fånekleiva og fram til Lauvdal høgare oppe i lia. Ein […]

Riksveg 400 – Lauvdalsodden

Gamle Setesdalsvegen gjennom skogen med dagens Riksveg 9 til høgre. Foto.

I skogen ved Lauvdalsodden i Bygland, rett på nedsida av Riksveg 9, ligg framleis att ei sløyfe av den gamle Riksveg 400. Lauvdalsodden er der Rv-9 gjer den lange høgresvingen mot Bygland, om lag ein kilometer nord for Lauvdal. Her er det mange spor etter tidlegare vegbyggingar. Den første køyrevegen her, den såkalla Postvegen, blei […]

Riksveg 400 – Syrtveit til Døletorv

Ei lita steinbru på den gamle Setesdalsvegen. Foto.

Aust for Riksveg 9 forbi Syrtveit rasteplass ligg framleis eit langt strekk av den gamle hovudvegen mellom Evje og Byglandsfjord att i skogen. Den første køyrevegen (kjerrevegen) gjennom Setesdal, Postvegen, gjekk frå Fennefoss i Hornnes oppover langs vestsida av Otra til Gullsmedmoen. Gullsmedmoen var gamal ferjeplass for å kome over på austsida, til Salbergmoen. Det heitte det her […]

Riksveg 400 forbi Kalveskinnsuppsa

Gamal veg med stabbesteinar i Kalveskinnsuppsa. Foto.

Ved Kalveskinnsuppsa i Vassend står framleis ein liten stubb igjen etter den gamle hovudvegen mellom Evje og Byglandsfjord. Den første køyrevegen (kjerrevegen) gjennom Setesdal, Postvegen, gjekk frå Fennefoss i Hornnes oppover langs vestsida av Otra til Gullsmedmoen. Gullsmedmoen var gamal ferjeplass for å kome over på austsida, til Salbergmoen. Det heitte det her før Byglandsfjord […]

Fjellskarbrua – Rysstad

Fjellskarbrua. Foto.

Fjellskarbrua er ei bru på ein tidlegare parsell av Setesdalsvegen, ved Fjellskardevja, rett sør for Rysstad i Hylestad. Ho er ei stålbjelkebru, med brukar av hoggen stein, bygd i 1919. Det var den tredje brua på staden. Brua var for svak for dei tunge transportane då Brokke kraftverk blei bygd på 1960-talet, skriv Reidar Tveito i den glimrande boka si […]

Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland

Ved Toptenes langs Riksveg 9, rett sør for Frøysnes i Bygland, er det spor etter tre hovudvegar gjennom Setesdal. Det er verkeleg ein spennande plass å ta eit lite stopp, om du er interessert i gamle vegminne. Toptenes stikk ut i Åraksfjorden. Den gamle Postvegen gjekk rett over fjellknausen her. Postvegen var den første brukelege køyrevegen for hest og kjerre […]

Fånefjell vegmiljø

Fånekleiva på Postvegen i Bygland. Foto.

Fånefjell vegmiljø er eit nasjonalt verna vegminne ved Fånefjell mellom Longerak og Lauvdal i Bygland. Kulturminnet omfattar fire generasjonar vegar frå meir enn 500 år i tid. Det bratte og vanskelege terrenget viser kva utfordringar vegbyggarane hadde tidlegare. Her finn vi spor av den eldste kløvvegen og den første køyrevegen frå 1842, som begge går […]

Kjetsåbrua – Hornnes

Kjetså bru i Hornnes. Foto.

Under dagens moderne betongbru over Kjetsåna skjuler det seg eit vakkert kulturminne. Kjetsåbrua er altså ei steinkvelvbru på Fylkesveg 42 over Kjetsåna på Kjetså i Hornnes. Brua blei bygd i 1933, og utvida og forsterka med betong i 1969. Fram til «kompensasjonsvegen» for nedlegginga av Setesdalsbanen kom gjennom Hornnes på andre halvdel av 1960-talet, var Kjetså bru ein del av hovudvegen mellom Kristiansand og […]

Tverrå gamle bru – Bykle

Tverrå steinkvelvbru i Bykle. Foto.

Tverrå gamle bru er ei steinkvelvbru over Tverråi på den gamle køyrevegen mellom Berdalsbru og Hovden. Brua er ifølge Kulturminnesok.no bygd i 1915. Først var ho ein del av den planerte ridevegen som blei avlevert i 1915. Seinare inngjekk ho i køyrevegen som blei bygd her i 1924. Vegen heilt opp til Hovden var offisielt […]

Auvervassåi gamle bru – Bykle

Den gamle steinkvelvbrua over Auvervassåi. Foto.

Auvervassåi gamle bru er ei vakker steinkvelvbru på «gamlevegen» mellom Bykle kyrkjebygd og Hovden. Brua er bygd i 1911 i følge opplysningar på Kulturminnesok.no. Først inngjekk ho i den halvannan meter breie planerte ridevegen som vart grovt ferdig i 1905 og avlevert i 1915. Så inngjekk brua i den endelege køyrevegen som vart grovt ferdig […]

Hoslemo gamle bru

Hoslemo steinkvelvbru, Bykle. Foto.

Hoslemo gamle bru er ei steinkvelvbru over Hoslemobekken, på den gamle riksvegen mellom Bykle og Hovden. Det blei bygd rideveg med breidde to meter frå Bykle kyrkje til Hoslemo som stod ferdig i 1895. Få år seinare søkte ein om utviding av ridevegen til køyreveg, altså veg for hest og kjerre.  Denne utvida vegen kunne takast i bruk i 1904. Truleg blei den gamle […]

Reiårsfossen gamle bru – eit vakkert vegminne

Reiårsfossen gamle bru er ei steinkvelvbru over Reiårsåna på Ose i Bygland, rett nedanfor den meir berømte Reiårsfossen. Stykket er tidlegare publisert på OpplevEvje.no. Veldig mange kastar nok eit blikk opp mot fossen når dei fer forbi på Riksveg 9. Truleg enser langt færre den fine steinkvelvbrua på andre sida av vegen. Byggeåret er noko uvisst. På Kulturminnesok.no er det sagt […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.