Byglandsfjorden – Kjarberg

Ein blikkstille Byglandsfjorden ved Kjarberg på Nese i Bygland i mars 2020. Foto.

Byglandsfjorden er ei perle for Bygland og heile Setesdal. Ein marsdag i 2020 såg fjorden slik ut ved Kjarberg mellom Nese og Nesmoen. Eg tok dette biletet 26. mars 2020. Det var i perioden då landet just var blitt stengt ned med strenge koronarestriksjonar. Men eg våga meg ut på ein liten køyretur oppover til […]

Skjerka gamle kraftstasjon – Åseral

Skjerka gamle kraftstasjon. Foto.

Arbeidet med Skjerka kraftverk starta opp i 1930. Det blei bygd ein kraftstasjon i dagen, med røyrgate ned fjellsida frå Ytre Skjerkevatn. Kraftstasjonen ligg ved vestbreidda av Ørevatn, om lag to km frå Eikerapen. Skjerka på Norgeskart.no. Det gamle kraftverket hadde først tre, og seinare seks aggregat. Produksjonen starta i 1932. Årsproduksjonen var i gjennomsnitt […]

Veiågjuvet – Valle

Veiågjuvet sett frå aust mot vest, frå toppen av den 280 m høge Gloppefossen. Foto.

Veiågjuvet er ei djup fjellkløft, ein canyon, lengst aust i Veiådalen nord-aust i Valle. Veiådalen går «på tvers» av hovuddalføret Setesdal. Dalen strekk seg frå Otra/Riksveg 9 nord for Lunden ca. to km austover til sjølve gjuvet og Gloppefossen, som skal vere rundt 280 m høg. Gjuvet endar brått i rundt 300 meter høge nesten loddrette fjellsider. I botnen av gjuvet renn Veiåni. Nord for gjuvet […]

Sarvsfossen – Bykle

Sarvsfossen, Bykle. Foto.

Sarvsfossen i Bykle kyrkjebygd var før reguleringane av Otra rekna som den største fossen i elva. Rett ovanfor fossen er elva demt opp med den 50 meter høge Dam Sarvsfoss. Som ein del av Brokke II-utbygginga (1974–1977) blei fossen overført i tunnel til Botsvatn. I dag går vatnet gjennom den same tunnelen til Skarg kraftstasjon […]

Bjoråna – Evje

Bjoråna. Elv. Foto.

Haust ved Bjoråna, oppover mot Rosseland i Evje. Bjoråna renn frå Bjorvatnet oppe ved Åneland og ut i Breiflå på Bjorå. Eg tok dette biletet ganske tidleg etter at eg tok til med fotgrafering. Framleis synest eg det er eitt av dei finaste eg har fått til. Endå finare i stort format Eg fekk laga […]

Sordal – Bygland

Landskapet på Sordal, sett frå Tveit. Foto.

Sordal er ei lita grend aust og nord for Otra, lengst nord i Bygland. Sordalsheii (749 moh.), som me ser bak her, stig bratt opp frå elva. Vegen frå Heistad går gjennom Sordal og vidare nordover til Birkeland og Straume i Hylestad. Sordal har flest gravhaugar av alle gardane i Bygland. Gravhaugane på Nordre Sordaler […]

Eikerapen Gjestegard

Eikerapen Gestegard, utvendig. Pyntet med julelys. Foto.

Eikerapen Gjestegard opna i Eikerapen i Åseral 10. juni 2017. Dei første planene, som ikkje blei noko av, skal ha blitt laga i 1987. Men 25 år seinere, i 2012, kom arbeidet endeleg i gang. Sommaren 2017 kunne Gjestegarden opne for dei første gjestane. Ein stor draum var oppfylt for initiativtakaren og eigaren Elling Eikerapen. Det er veldig idyllisk i […]

Rysstad i blåtimen

Rysstad i "blåtimen". Foto.

Rysstad var eit nydeleg syn, då eg var ein tur oppover dalen 18. desember 2019. Eg køyrde over til Bjørgum på andre sida av Otra, og tok dette biletet av Rysstad «skyline» frå elvekanten på Kåsland. Kåsland er heimen til meisterspelemannen Hallvard T. Bjørgum. Bak Rysstad ligg den svære Rysstadåsen. Eg skal lure på om […]

Heimtveiti – Nordbygdi

Det gamle våningshuset i Heimtveiti, Bykle. Foto.

«Vekas bilete» for veke 4 i 2023 er det vakre våningshuset på gardsbruket Heimtveiti i garden Tveiti i Nordbygdi ved Botsvatn i Bykle. Heimtveiti var heimen til tidlegare Bykle-ordførar Gunnar Å. Tveiten (f. 1899–d. 1981). Den eldste delen av huset skal vere frå om lag 1750. Husa i det opphavelege tunet blei flytta lenger opp i bakken, […]

Gullsmedmoen ferjestad

Gullsmedmoen fergestad. Foto.

Gullsmedmoen var opphaveleg ein gamal husmannsplass, under garden Senum i Hornnes, rett vest – over fjorden – for Byglandsfjord. I eldre tid, før 1750, blei plassen kalla «Monen» eller «Senumsmonen». På første halvdel av 1700-talet levde ein Anders Nilsson på denne husmannsplassen. Truleg var han ein slags gullsmed, for etter skiftet etter han i 1749 […]

Bygland

Bygland og Byglandsfjorden sett frå Kvålsnapen. Foto.

Bygland kommune ligg kring Byglandsfjorden og Åraksfjorden, i hjarta av Setesdal. Det er ti mil til Kristiansand, og 36 km til næraste handelssenter Evje. Nordover er det rundt 55 km til Valle kyrkjebygd. Kommunen grensar i nord til Valle, i aust ligg Fyresdal og Åmli, i sør Froland og Evje og Hornnes, og i vest Åseral, Kvinesdal og Sirdal. Det har vore dei same grensene heile tida sidan […]

Siste kvilestaden etter flystyrtane på Snøhei og Tindefjell

Krigsgraver Åseral kyrkjegard etter flystyrtene på Snøhei og Tondefjell. Foto.

«På kirkegården ved Åseral kyrkje står det ti hvite gravsteiner i formasjon på to rekker. Minnestøtter med innskrifter som forteller oss at her har ti unge soldater funnet sitt siste hvilested. Sammen med fire andre soldater møtte de sin skjebne natt til 22. desember 1944.« Jørgen Åsland innleiar heftet sitt om Tragedien på Snøhei og […]

Verdas største munnharpe

Verdens største munnharpe Valle. Foto.

Det som skal vere verdas største munnharpe står ved skuleområdet i Valle, sør for Valle sentrum og rett ved Riksveg 9. Munnharpa er tusenårsmonumentet i Valle kommune. Meisteren bak monumentet er Bjørgulv Bjørgum. Ei av harpene til folkemusikaren Bjørgulv Straume var modell. Så er ho forstørra opp 50 gonger. Det er brukt 5 mm stålplater. […]

Koland i Åseral

Koland, Åseral. Foto.

Koland er eit nedlagd gardsbruk ved den nord-vestre enden av Gyvatn i Åseral, i grenseområdet mellom Åseral, Bygland og Evje og Hornnes. Det går bomveg frå Espelid i Åseral inn til Koland og Gyvatn. Eit par kilometer sør for Koland, på vestsida av Gyvatn, ligg Midtstrandknuten, den høgaste fjelltoppen i Evje og Hornnes kommune. Litt historie Då det var på tale å bygge artilleriskytefelt for […]

Hoslemo gamle bru

Hoslemo steinkvelvbru, Bykle. Foto.

Hoslemo gamle bru er ei steinkvelvbru over Hoslemobekken, på den gamle riksvegen mellom Bykle og Hovden. Det blei bygd rideveg med breidde to meter frå Bykle kyrkje til Hoslemo som stod ferdig i 1895. Få år seinare blei det søkt om utviding av ridevegen til køyreveg, altså veg for hest og kjerre.  Denne utvida vegen kunne takast i bruk i […]

Fennefossen

Fennefossen i Otra i Evje og Hornnes. Foto.

Fennefossen er ein foss i Otra, i Evje og Hornnes kommune, kort veg frå Evje sentrum. Fossen har eit fall på 8 m. Agder Energi Vannkraft AS har konsesjon til bygging av Fennefoss kraftverk i fossen. Utbygginga tok til i september 2020, og skal etter planen vere ferdig våren 2023. Det blir bygd ein betongdam tvers over fossen, og vassføringa vil bli […]

Austad kyrkje

Austad kyrkje, Bygland. Foto.

Austad kyrkje ligg på Tveit, nord i Bygland. Kyrkja ligg om lag 200 meter austafor riksveg 9, og er omgjeven av ein kyrkjegard. Arkitekten var byggmeister og ingeniør Oskar Fabricius frå Oslo Bygd i 1880 Kyrkja er ei langkyrkje i tre frå 1880, med galleri og 250 plassar. Vigslinga fant stad 7. juli 1880. Ho vart forretta av biskop Jørgen Moe. Låg […]

Heddessteinen

Heddessteinen, Helle, Valle. Foto.

Heddessteinen ligg like oppom Riksveg 9 på Helle. Han er ein kjempesvær stein, stor som eit lite hus, og så stor at han har sitt eige namn, akkurat som Goddokksteinen som låg like i nærleiken. Segna fortel at dette var den eine av to steinar som Skjoldmøyane heiv etter Heilag Olav då han var i Setesdal. Ei steinpil i vegkanten litt lenger nord […]

Bjørnarå

På denne nye nettstaden min har eg lyst til å ha ei fast spalte, der eg ei gong kvar veke presenterer eit bilete som syner eitt eller anna motiv frå Setesdal. Eg må også ha med Åseral. Åsdølane er jo for lengst blitt ein del av det politiske samarbeidet i regionen, gjennom Setesdal Regionråd. Det […]