Almkleiv var eit kronglete stykke på den første setesdalsvegen, på Homme i Øvrebø.
Frå baksida av det store, grøne militærlageret nord på Homsmonen, på vestsida av Riksveg 9, nord på den lange Hommesletta, går Almkleiv over til Store Almen, avbroten av ei myr som var trandla.
Vegen her blei bygd i 1829–1833, og var bare i bruk nokre få år. Alt i 1848 blei han lagt om, meir i det området riksvegen går i dag. Den gamle vegen har seinare blitt traktorveg, og er ikkje så mykje att av lenger.
Stykket held fram under biletet
Setesdølane blei skjenka av sine eigne
I Homsmonen var det skyss-stasjon og gjestgiveri. Her var det setesdølar som slo, sparka og spente ein bymann i 1845. I saka kom det fram at setesdølane merkeleg nok var mest drukne når dei var på veg nedover til byen. Grunnen skulle vere at dei blei skjenka av sambygdingar som var på heimveg etter å ha vore innom bolaget i byen. Det er Torfinn Normann Hageland som skriv dette i boka si om gamle vegar i Vest-Agder. Han har svært mykje godt stoff om den gamle setesdalsvegen i boka si.
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen, 2000, s. 185–186
- Artikkelen om Almkleiv på Kulturminnesok.no
Fleire stykke om den gamle byvegen til setesdølane
- Postvegen i Hornnes
- I fotspora til setesdølane: Eljannskleivan i Hægeland
- Gamle Setesdalsvegen forbi Troåsen i Hægeland
- I fotspora til setesdølane: Espelandskleiva i Hægeland
- I fotspora til setesdølane: Reiersdalskleiva i Øvrebø
- I fotspora til setesdølane: Myrbotnkleiva i Øvrebø
- I fotspora til setesdølane: Knutskleiva ved Homstean
- I fotspora til setesdølane: Moldkleiv på Mosby