Av Geir Daasvatn

© 2022-2024

Futevegen – Klevelandskleiva

Oppbygd vegbane med svære stein i KLevelandskleiva. Foto.

Klevelandskleiva var ein lang og bratt bakke på den gamle Futevegen, «hovudvegen» frå Evje austover mot Herefoss og Arendal fram til 1840-talet. Futevegen heldt også fram nordover frå Evje gjennom Bygland til Valle, men gjerne under anna namn. Det lyt vere til ein annan gong. Eldre enn reformasjonen Nøyaktig kva tid Futevegen kom til er […]

Riksveg 400 – Skomemoen

Starten på den gamle setesdalsvegen med Riksveg 9 til venstre. Foto.

Om lag midt mellom Storstraumen og Skomedal, på Skomemoen, ligg ei sløyfe av den gamle Setesdalsvegen lenger ut mot fjorden enn Riksveg 9 gjer i dag. Eg har ikkje klart for meg nøyaktig kva det heiter her. Skomemoen er jo svær. Men eg lurer på om det er ein eller annan stad i dette området […]

Frutti Frøyrak si grav

Steinen som markerer gravplassen til Frutti Frøyrak. Husa på Frøyrak i bakgrunnen. Foto.

Frutti Frøyrak er etter segna rudkallen på Frøyrak i Bygland. På Sikkomodden rett sør for tuna låg ein gravhaug som vart utjamna litt etter århundreskiftet. Dette var – også etter segna – grava til Frutti. Han blei gravlagd her så han kunne sjå heim til garden, er det sagt. Vasstanden i Byglandsfjorden er høgare i […]

Riksveg 400 – Syrtveit sør

Stikkrenne på den gamle setesdalsvegen sør for Syrtveit 8. april 2024. Foto.

Sør for TrollAktiv, på austsida av Riksveg 9, ligg ei sløyfe av den gamle hovudvegen mellom Evje og Byglandsfjord att i skogen. Den første køyrevegen (for hest og vogn/kjerre) gjennom Setesdal, Postvegen, gjekk frå Fennefoss i Hornnes oppover langs vestsida av Otra til Gullsmedmoen. Gullsmedmoen var gamal ferjeplass for å kome over på austsida, til Salbergmoen. Det heitte […]

Flatelandsmoen – Gjøvdal

Oversiktsbilde av gardsanlegget på Flatelandsmoen 14. april 2017. Foto.

På Flatelandsmoen på Jørundland i Gjøvdal ligg eit godt bevart gardsanlegg frå folkevandringstida. Her er hustufter, gravrøyser og rydningsrøyser. Det skal vere eitt av dei mest komplette gardsanlegga i Sør-Norge. Garden blei truleg rydda i folkevandringstida (400–600 e.Kr.). Folka livnærte seg av åkerbruk og husdyrhald. I utmarka var jakt og fiske viktig. Det budde folk […]

I fotspora til setesdølane: Helveteskleiva ved Langevatn

Svære, gamle vegmurar i den nordre delen av Helveteskleiva 30. mars 2024. Foto.

Helveteskleiva var ein bratt bakke på den første køyrevegen frå Kristiansand oppover mot Setesdal, på vestsida av Langevatn, i Hægeland. Kleiva er mellom Neset i sør og Bjordalen ved avkøyringa til Åmdal lenger nord. Vegen her gjekk høgt over ein «avgrunn» ned mot Langevatn. Reiersdalskleiva sør for Neset blei bygd i åra 1829–1833. Espelandskleiva nord for Helveteskleiva blei bygd i 1833. […]

Gamle setesdalsvegen mellom Fossåna og Tromyr i Hægeland

Fossåna bru 27. mars 2024. Foto.

Mellom Fossåna og Tromyr på Eikeland i Hægeland, rett vest for Riksveg 9, finn me att eit fint stykke av den første køyrevegen nordover frå Kristiansand mot Setesdal. Det strekket me taler om her, frå sør for Fossåna til over Tromyr i nord, blei bygd 1829–1835. Vegen blei utvida 1845–1847. Over Fossåna måtte det byggjast […]

Setesdalsbanen – Dammen, Vassend

Den gamle jernbanelinja i skjeringa rett nord for Byglandsfjord dam. Foto.

Ved dammen i Vassend gjekk Setesdalsbanen gjennom ei fjellskjering heilt ute på kanten mot elvelaupet. Rett nord for skjeringa står det også igjen ein fin mur av nøyaktig tilhoggen stein. Etter at banen var nedlagt, blei det bygt «kompensasjonsveg» frå Mosby til Byglandsfjord. Ein del stader følgde vegen den gamle jernbanelinja. Akkurat her ved skjeringa […]

Straumen – husmannsplassen til ferjemannen

Dei gamle husmurane på Straumen 23. mars 2024. Me ser nordover mot Skomedal

Husmannsplassen Straumen kom til i samband med at Postvegen kom opp gjennom Setesdal. Då var det viktig å få til ein ordna overfart over Storstraumen. Plassen ligg 100–200 meter nord for Storstraumen, på austsida av fjorden. Det er på garden Nedre Kvåle sin grunn. Ferjemannen Det blei oppretta ei stilling som ferjemann. Han måtte ha […]

Gamle setesdalsvegen – Hornskilneset

Den gamle setesdalsvegen ved Hornskilneset til høgre. Riksveg 9 til venstre. Foto.

Den gamle setesdalsvegen (nr. 2) bukta seg rundt på utsida av Hornskilneset i Kilefjorden, rett sør for kommunegrensa mellom Evje og Hornnes og Vennesla. Heilt nord i Kiledalen gjekk den første køyrevegen for hest og hjulkjerre, Postvegen, frå rundt 1840 opp den bratte Kiledalskleiva. Det var eit veldig strevsamt stykke på «hovudvegen» oppover i Setesdal. […]

Ekra gravfelt – Eikjåknodden

Oversiktsbilde Eikjåknodden med gravfeltet. Byglandsfjorden i bakgrunnen. Foto.

Ved Eikjåknodden, på garden Bø sin grunn, på vestsida av Byglandsfjorden, ligg Ekra gravfelt med minst fem gravrøyser frå jernalderen. Røysene ligg på oversida (vestsida) av vegen mellom Senum og Frøyrak. Fire av røysene ligg som på rekke og rad oppe på ein terrasse over vegen. Den femte ligg i skråningen litt nærare vegen, og […]

I fotspora til setesdølane: Med Tjønna på Sandripheia

Den oppmurte gamle setesdalsvegen rett nord for Med Tjønna 9. mars 2024. Foto.

Nord for småbruket Med Tjønna på Sandripheia i Øvrebø står ei fin sløyfe av den gamle setesdalsvegen att, godt gøymt inne i skogen på austsida av Riksveg 9. Køyreveg for hest og vogn oppover i Setesdal kom først på 1840-talet. Frå Kristiansand og nordover blei det bygd køyreveg noko tidlegare. Nordover frå Skarpengland kom vegen […]

Gamle Fånekleiva – Bygland

Når du tek til på spaserturen i Fånekleiva frå parkeringsplassen i sør, ser du ganske tydeleg restane etter den første kleiva frå 1842 rett på oversida av den nye vegen frå 1870. Foto.

Fånekleiva – turløypa som me er så glade i – er bygd i 1842. Etter eit svært steinras i 1870 blei den nedste delen øydelagt, og kleiva her lagt om. Fånekleiva var eitt av dei vanskelegaste partia på Postvegen, kjerrevegen som blei bygd oppover i Setesdal først på 1840-talet. «Det franske prinsipp» På den tida […]

I fotspora til setesdølane: Almkleiv i Øvrebø

Almkleiv rett sør for Homsmonen 6. mars 2024. Vinterfoto.

Almkleiv var eit kronglete stykke på den første setesdalsvegen, på Homme i Øvrebø. Frå baksida av det store, grøne militærlageret nord på Homsmonen, på vestsida av Riksveg 9, nord på den lange Hommesletta, går Almkleiv over til Store Almen, avbroten av ei myr som var trandla. Vegen her blei bygd i 1829–1833, og var bare […]

Stigemo, Skomedal

Gamalt hus på Stigemo 22. oktober 2016. Foto.

Stigemo var ein husmannsplass under Nordre Skomedal i Bygland. Staden ligg på vestsida av Byglandsfjorden, 600–700 meter sør-vest for Storstraumen. Her var det to husmannsplassar under Nordre Skomedal. Dei som rydda her, truleg rundt 1804, var Tellef Olavson Frøysnes og kona Gyro Osmundsdotter Huset. Tellef og Gyro har ei stor etterslekt. Stigemoætta har greiner utover store delar av landet og i […]

Byglandsfjord gamle dam

Ruinar etter dammen frå 1917 på vestsida av Otra. Foto.

Byglandsfjord gamle dam blei bygd i 1917, og avløyste den første dammen som regulerte Byglandsfjorden til kraftmagasin frå 1905. Dammen låg ved Standarfossen i Otra, 200–300 meter ovanfor der Byglandsfjord dam er i dag. Han var ein betongdam, og erstatta nåledammen frå 1905. Då dagens dam stod ferdig i 1973 blei dammen frå 1917 for […]

Trydalstoga – Kristiansand museum

Trydalstoga 5. januar 2020. Foto

Trydalstoga er ein av dei gamle bygningane frå Setesdal i Setesdalstunet på Kristiansand museum på Kongsgård. Stoga blei selt frå gardsbruket Der Inne i Trydal i Bykle i 1952. Der var det bygd nytt våningshus i 1945. Knut Hallvardsson Trydal (f. 1899, d. 1975) og Birgit Taraldsdotter Trydal (f. Mosdøl 1903, d. 1988) eigde Der […]

Gjetarhytta på Bjåen

Gjetarhytta 12. mai 2018. Foto.

Gjetarhytta på Bjåen var i bruk i samband med tamreindrifta i Bykle. Hytta – «Lappehytta» var ho kalla – vart reist på første halvdel av 1930-talet, etter om lag tre års drift i det nye selskapet (nr. 3) A/S Byklehei reinsamlag. Her budde dei siste reinsdyrgjetarane. Hytta er i sinklaft. «Det blei bestilt ei tømre av Byglandsfjord […]

Byglandsfjord dam – flotingsmur

Nærbilde av steinskjermen under Byglandsfjord dam. Foto.

Rett under Byglandsfjord dam, ovanfor Lille Holtøya i Moseid mark på vestsida av Otra, ligg ein svær flotingsmur frå tida då tømmeret blei flota gjennom dalen til Kristiansand. Ingeniør G. Sætren peika i ei utgreiing alt i 1875 på at elva hadde eit sidelaup til høgre før ho kom til den vesle Holtøya. Mykje tømmer […]

Austad gamle kyrkjegard

Austad gamle kyrkjegard 7. august 2022. Foto.

Austad gamle kyrkjegard er den gamle kyrkjegarden frå tida då Austad kyrkje stod på Austad. I 1880 stod ny kyrkje for Austad sokn ferdig på Tveit, over på andre sida av Otra. Då søkte oppsitjarane på Austad om å få nytte den gamle kyrkjegarden. Søknaden blei ikkje imøtekomen. Først i 1911 vart kyrkjegarden teken i bruk att. Same året kom oppsitjarane […]

Evjemoen som kulturminne

Evjemoen gamle vaktbu. Foto.

Det er over 100 gamle bygningar inne på det tidlegare leiromådet. 22 av bygga er freda gjennom forskrift fastsett med utgangspunkt i Landsverneplan for Forsvaret. Evjemoen blei etablert i 1912 som ny øvingsplass for Rogaland Infanteriregiment nr. 8 (IR8) i samband med innføring av ny hærordning i 1911. Leiren kom som erstatning for Madlamoen, der […]

Skore i Bygland

Bygningane på Skore i april. Foto.

Skore er ein fråflytta gard høgt oppe i lia aust for Ose, på austsida av Otra, nord i Bygland. Garden grensar til Austad i nord og Åraksbø i sør. Grensa mot Åraksfjorden (Otra) i vest er ca to km. Historie Skore må i si tid ha gått ut frå Austad. Når dette skjedde veit me ikkje. Men garden har blitt lagt øyde i tida etter Svartedauden, etter 1350. […]

Postvegen – Flateland bru

Brukar etter den gamle setesdalsvegen på Flateland 21. november 2023. Vinterfoto.

Køyreveg nordover frå Valle til Bykle kom først på 1870-talet. Flateland bru blei bygd om lag 1873. Den første ordentlege køyrevegen i Setesdal var køyrbar med hest og kjerre fram til Valle i 1844, og heilt ferdig i 1846. Han blei formelt avlevert i 1847. «Postvegen» var han kalla. «Naturleg nok tok det ikkje lang […]

Postvegen – Brennevinskleiva

Den gamle vegen med steinmurar i Brennevinskleiva. Foto.

Fleire stader på Kjetså i Hornnes, mellom anna i Brennevinskleiva, er det tydelege spor etter den gamle Postvegen. Det var den aller første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal. Vegen forbi Kjetså blei bygt rundt 1840, og Postvegen var farbar til Valle i 1844. Rundt 2021 var det ei stor skogsdrift på Kjetså. Då kom denne såkalla «Brennevinskleiva» på den […]

Smia på Koland

Smia på Koland 11. november 2015. Foto.

På Koland ved Gyvatn i Åseral står ei gamal smie. Smia er eit kulturminne med stor lokal verdi, men som ligg utanfor dei prioriterte kulturmiljøa i Åseral kommune sin kulturminneplan for 2020–2025. Koland Eg har skrive noko meir om garden Koland i eit anna stykke her på Setesdalssida. Kjelder Du vil kanskje også sjå

Skollhaugan gravfelt – Skreros

Skollhaugane gravfelt 26. desember 2015. Foto.

Skollhaugan er ein gravplass frå eldre jernalder, frå 400-talet e.Kr., på garden Skreros i Vegusdal i Birkenes kommune. Det er funne 12 gravhaugar. Dei ligg på ei slette nede på flata ved Skrerosåna, eit område som tidlegare var ei øy der elva renn ut i Ogge. Gravfeltet blei «gjenoppdaga» i 1912 under uttak av grus i området. I 1917 blei fem av […]