Byglandsfjord dampskipsbrygge

Dampskipsbrygga er der den vedfyrte dampbåten Bjoren ligg når han er i trafikk med utgangspunkt frå Byglandsfjord. Brygga ligg rett nedanfor Breidablikk, ved Strandgata, heilt i sentrum av Byglandsfjord. Historie Bjoren gjekk i trafikk på Kilefjorden frå 1867. Etter at Setesdalsbanen opna i 1896, blei Bjoren flytta opp i Byglandsfjorden. Der var systerskipet Dølen i sving frå før. Handelsmannen Olaf G. […]
Nordstog Dale-loftet

På gardsbruket Nordstog Dale i Valle står eit gamalt loft (stabbur) frå mellomalderen. Loftet er bygd omkring år 1520. Då det blei bygd stod det truleg fritt på tunet. Men i mannsaldrar var det innebygd i stogehuset på garden. På slutten av 1990-talet blei det flytta 20 meter mot nord, og vart på nytt frittståande. […]
Storstoga – Ose

Dette er ein spesiell, lafta tømmerbygning frå 1650 på Ose. Bygningen er ei gamal tingstove som opphaveleg stod på Heistad. Storstoga blei altså først ført opp på Nordre Heistad av sorenskrivar Mads Pedersen. Han døydde i 1660. Det er mange historiar knytta til han i Bygland. Men det lyt ligge her. Tre bønder på Ose kjøpte bygningen og […]
Banken i Bakken, Harstad – Valle

På gardsbruket Bakken bnr. 1 på Harstad i Valle kyrkjebygd står ei fleire gamle bygningar. Banken hadde lenge kontoret sitt her. Bruket Bakken kom til i 1648. I gards- og ættesoga for Valle er det sagt at delar av stogehuset er gamalt, truleg frå 1600-talet. Loftet (stabburet) er også gamalt, heiter det, kanskje frå tidleg […]
Fjellestad/Tveit skiløyper – Hornnes

I området Fjellestad/Tveit i Hornnes, nærmere bestemt i traktene rundt Abusdalsknuten, er det flotte oppkjørte skiløyper i nydelig heieterreng. Det er alt i alt rundt 20 km med oppkjørte løyper i anlegget. Det er to hovedløyper på 8–9 km hver, samt tilførselsveier. Området ligger 400–500 meter over havet, og er normalt veldig snøsikkert. Grunneigerene i […]
Hattefossbrua – Hornnes

Brua er ei trebru med brukar av stein over utlaupsosen av Kosvatn på Abusland i Hornnes. Hattefossbrua var opphaveleg bygt av oppmurte brukar av stein, med trebjelkar imellom. Ho er restaurert fleire gonger. I 2015 blei det lagt nytt toppdekke, men då med jernbjelkar som berebjelkar. Historie Brua skal vere bygt i 1859, er det sagt på Kulturminnesok.no. Lokalkjende Ragnhild […]
Lundarhalsen – heidensk offerstad på Frøysnes?

Lundarhalsen er eit nes som stikk ut i Åraksfjorden, på gardsbruket Oppigard på Frøysnes i Bygland. På neset fann frøysnesfolk langt tilbake i tid ei flat helle som var «bygd opp». Over denne hella låg ei stor, flat helle. Det var også svart jord der; det såg ut til at det hadde vore brent på plassen. Dateringa av funnstaden […]
Slengen – Rygnestad

Slengen er ein husmannsplass i Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap, i jordet ovanfor Rygnestadtunet, i Valle. Han er den einaste av fire slike plassar som framleis har hus. Huset i Slengen var sterkt til nedfalls. Men det blei vedteke å sette huset i stand igjen, gjennom kurs der handverkarar fekk opplæring i gamle handverksteknikkar. Plassen fortel om […]
Likkvila ved Stemmen – Jordalsvatn

Likkvila ved Stemmen ligg rett sør for den gamle stemmen for Jordalsvatn aust for Jordalsbø i Bygland. Etter segna skal det vere likkvila til Jørund Gunnarson Kvåle. Jørund døydde under ein tur til Tovdal, truleg i 1670-åra. Likkvila ligg langs den gamle ridevegen Jordalsbø – Øy – Tovdal. Dei skal ha lagt henne den stunda dei kvilte då dei bar Jørund heim til Bygland. Likkvila er lita, […]
Byklestøylane

Byklestøylane ligg om lag fire kilometer nord for Bykle kyrkjebygd, langs Riksveg 9 på vestsida av Otra, på veg mot Hovden. Her hadde gardane Byklum og Gjerden bortestøylane sine i tidlegare tider. Nå held Byklestøylane Camping til her. I Bykle kultursoge heiter det at Åsmund Jåro tok til å bygge småhytter her i 1950-åra. Før det, i 1938–1939, hadde han sett opp ei […]
Veteranbuss nr. 24

Veteranbuss nr. 24 er ein grøn Scania Vabis B55 frå 1960 med overbygg truleg frå Føreland i Øvrebø og svensk motor. Eigar er Setesdal Bilruter. Eg har sett dette fine og nostalgiske køyretøyet langs vegen ganske mange gonger, for eksempel i bilparadar på 17. mai. Eg har ikkje teknisk innsikt, og har ikkje visst anna om køyretøyet enn […]
Einerkilen urangruve i Evje

Einerkilen urangruve er ei nedlagd gruve på sørsida av Einerkilen i Prestøygardsvatnet mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes kommune. Det var prøvedrift etter uran i gruva i om lag 3 1/2 år, frå 1948 til 1. juli 1951. Uranen skulle nyttast i den eksperimentelle uranmila som etter vedtak i Stortinget i 1947 var under oppbygging ved Institutt for atomenergi på Kjeller. […]
Beintsbekken jernbanebru – Evje

Beintsbekken jernbanebru gjekk over Oddeåna rett nord for Evje sentrum. I dag går Riksveg 9 over ein utvida versjon av brua. Denne vesle, men vakre steinkvelvbrua blei bygd for Setesdalsbanen, som opna til Byglandsfjord i 1896. I 1966 blei «kompensasjonsvegen» etter nedlegginga av banen i 1962 bygd langs den tidlegare jernbanetraseen forbi Evje sentrum. Då […]
Minnesteinen etter Setesdalsbanen

Minnesteinen om det første spadestikket på Setesdalsbanen er flytta frå Grim til Kristiansand jernbanestasjon. Etter mange år med politisk ordskifte vedtok Stortinget 8. juli 1890 endeleg å bygge bl.a. Setesdalsbanen. Eg går ikkje inn på detaljane her. Det finst ei omfattande jubileumsbok, «Fra gamp til damp. Setesdalsbanen – de første hundre år» som fortel historia […]
Fjellskarbrua – Rysstad

Fjellskarbrua er ei bru på ein tidlegare parsell av Setesdalsvegen, ved Fjellskardevja, rett sør for Rysstad i Hylestad. Ho er ei stålbjelkebru, med brukar av hoggen stein, bygd i 1919. Det var den tredje brua på staden. Brua var for svak for dei tunge transportane då Brokke kraftverk blei bygd på 1960-talet, skriv Reidar Tveito i den glimrande boka si […]
Moi jernbanebru – Hornnes

Moi jernbanebru er ei kort steinkvelvbru over Storebekk, rett vest for Moikilen i Otra, på Moisund i Hornnes. Brua blei bygd for Setesdalsbanen i 1895. Riksveg 9 går over Storebekk på ei betongbru som er bygd «rundt» den gamle jernbanebrua. Du må derfor gå ned til bekken og undersida av brua for å sjå det vakre steinarbeidet som ein gong er utført. Ho er […]
Birkåsen – Hornnes

Birkåsen, eller Bærkjåsen i Hornnes-dialekta, er ein gamal husmannsplass i Hornnes. Plassen er gått ut frå Futegarden i Hornnes. Simon Alfson Roland fekk husmannssetel på plassen i 1852. Han var den første som rydda og bygde hus der frå 1852 og utover. Han og familien tok etter det Birkås til etternamn. Trekunstnaren Salve Birkås Alv Simonson Birkås, eldste son til […]
Hannås jernbanebru – Hornnes

Hannås jernbanebru er ei kort steinkvelvbru for Setesdalsbanen over Hannåsbekken på Hannåsmoen i Hornnes. Brua blei bygd for Setesdalsbanen i 1895. Riksveg 9 går over Hannåsbekken på ei betongbru rett på austsida av den gamle jernbanebrua. Rett vest for jernbanebrua, i framgrunnen på biletet over, kan me framleis sjå brukara etter ei endå eldre bru på den gamle Setesdalsvegen. Korleis finn du brua Kjelder Rett i […]
Kallefossbrua – Valle

Kallefossbrua går over Otra ved Kallefoss rett nord for den særmerkte Einang i Valle. Brua er eit interessant vegminne. Det er eigentleg tale om to bruer. Otra går i eit todela løp her, og då er det bygd to bruer for å kome over. «Kallefoss 1» er brua lengst vest. Ho er 40,5 meter lang, […]
Nomeland kyrkjegard – Valle

Nomeland kyrkjegard er ein eldgamal gravplass frå mellomalderen på Nomeland i Valle, rett ved Odde Sagbruk si byggevareforretning. Funn av graver frå vikingtida tyder på at kyrkjegarden ligg på ein eldre, heidensk gravplass. Kyrkjegarden er ramma inne av eit lågt, nedrasa steingjerde, og måler rundt 40 X 60 m. Det er spor etter ei kyrkjetuft i det nord-austre hjørnet. Tufta […]
Skjoldmøypila på Hedde

Skjoldmøypila på Hedde er ein om lag mannshøg og spiss stein på gardsbruket Der nede på Hedde i Hylestad. Steinen skal ha vore noko høgare før. Etter segna skal Skjoldmøyane ha skote pila etter Heilag-Olav då han for gjennom Setesdal. På same bruket står også det kjende Heddisloptet. Johannes Skar seier det slik: «Me Heddi la skjallmøyann` å `an; dei skut` a stei`pil […]
Sandbekk jernbanebru – Sandbekkbrua på Rv-9

Sandbekk jernbanebru er eit godt skjult, men vakkert kunstverk av ei steinkvelvbru under austsida av Rv-9 ved Sandbekk heilt sør på Moisundsletta i Hornnes. Over denne vesle brua gjekk Setesdalsbanen. På vestsida av dagens Rv-9 gjekk den gamle Setesdalsvegen. Der er det bygd ein kulvert, ein svær steinmur med opning i, som Sandbekken renn gjennom. Då […]
Likkvila attmed Ratøygard – Bygland

Likkvila attmed Ratøygard ligg ved Jordalsvatn i Bygland austhei, ved den gamle ridevegen Jordalsbø–Øy–Tovdal, på sørsida av Eksævegen, nær den gamle støylen Ratøygard. Det er sagt å vere likkvila til Ingebjørg Olavsdotter Oppsal i Jordalsbø, som blei stanga ihjel av prestestuten på Øy 10. august 1859. Om kvelden fann slåttefolk frå Såghus henne død. Men bak på ryggen låg barnet hennar bunde på bakmeisa og […]
Vetterhussaga – Hornnes

Vetterhussaga er ei vassdriven sag i Vetterhusbekken, langs Juvvannsvegen på heia sør for Espetveit, i Hornnes. Saga ligg på garden Tønnesland sin grunn (gnr. 26 bnr. 5), og er i dag eigd av Torgny Monan. Ho er ikkje i dagleg bruk lenger. Salve T. Tønnesland (f. 1891, d. 1954) bygde saga på 1920-talet. Steinar Tønnesland har restaurert ho i nyare tid. Ho er spesiell med det at […]
Sordal nordre gravfelt med Haugeteddan

Sordal nordre gravfelt ligg på Sordal, på austsida av Otra, nord i Bygland. Feltet er om lag 175 meter langt og 70 meter breitt. I alt ligg det 20 rundhaugar og fire langhaugar i feltet. Den største rundhaugen har ei vidde på 17,5 meter og er ein meter høg. Største langhaugen er på 15 x 11 meter og noko […]
Nesodden gravrøys

På den søre spissen av Nesodden i Bygland, i vestre enden av den mykje brukte badestranda Gullsand, ligg ei godt synleg gravrøys bygd av kampestein. Nesodden stikk ut i Byglandsfjorden frå aust, ved Lislestraumen vest for Nesmoen eit par kilometer nord for Bygland sentrum. På vestre sida av fjorden stikk det også ut to små nes. Det er såleis bare eit smalt sund som […]