Horgeknipen turløype

Sørlige delen av Byglandsfjorden med Horgeknipen helt til høyre i bildet. Foto.

Horgeknipen turløype ved Byglandsfjord tar til fra Senum helt nord i Hornnes, og og ender på toppen av Horgeknipen på grensen mellom Evje og Hornnes og Bygland kommuner. Nær toppen ligger en bygdeborg fra folkevandringstiden. Vel oppe kan du nyte en fantastisk utsikt nordover i Setesdal. Turens lengde én veg er om lag 2 km. […]

Vatnedalsvegen – Grendi

Grimdalsvatnet. Foto.

Frå Grendi i Bygland kan du sykle eller køyre bil mange kilometer innover i Grendisheia. Ja, heilt til Åmli kjem du! Vatnedalsvegen tek til frå Hovstad i Grendi. Det er ein bomveg der du betaler 130 kr (Vipps til 563948) for ein enkelttur med bil. Å sykle kostar ingenting. Etter ei ganske bratt oppstiging flatar […]

Ånebjør – Bygland

Ånebjør. Landskapsfoto.

Ånebjør er ein heiegard langt inne i fjellheimen i Bygland vesthei, på grensa mot Åseral. I utstrekning er han den største i Bygland kommune. Garden ligg vakkert til ved elva Logna, nord for Beinsvatnet og Juvatn. Han er først omtalt i skriftlege kjelder i 1647. I 1875 var det tre bruk på Ånebjør. Dei hadde hestar, kyr, sauer og geiter. […]

Prestefossen tursti – Valle

Prestefossen hengebru 15. juni 2023. Foto.

Ei unik turløype gjennom spennande kulturlandskap – ei tidsreise gjennom 1000 år! Prestefossen tursti tek til frå Valle sentrum, og går over Prestefossen hengebru til Nomeland på andre sida av Otra. Du kan også parkere bilen eller sykkelen på parkeringsplassen ved innkøyringa til Steinsland frå Riksveg 9 (nord for brua, nord for sentrum). Turen held […]

Allmannavegen – Evje

Allmannavegen. Sti i terrenget. Foto.

Dette er en flott turløype i nydelig skogsterreng mellom Oddestemmen og Haugen/Åneland i Evje. Allmannavegen i en større sammenheng er en historisk ferdselsveg fra Evje til Arendal. Du kan starte turen ved Oddestemmen, om lag 700 meter oppover Gautestadvegen fra Evje kirke. Her er det på høyre side av vegen grei parkeringsplass og fine informasjonstavler.  Hele […]

Einang – Valle

Utsikten sørover frå toppen av Einang. Foto.

Det går ei kjempefin turløype opp til toppen av segnomsuste Einang nord i Valle. Du må få teke turen før fjellet ramlar ned! Eit gamalt segn fortel at om sju brør giftar seg med sju systre vil fjellet rase ned. Segnet finst også i fleire andre variantar, som du kan lese meir om m.a. på […]

Langevatn – Åseral

Dam Langevatn i Åseral. Foto.

Ved søre enden av Langevatn på Ljosland i Åseral ligg ein svær ny steinfyllingsdam, ferdig i 2020. Frå dammen kan du sykle eller gå vidare på Langevassvegen, om lag åtte km nordover til andre enden av vatnet. Frå enden av vegen er det bare ein kort fottur på rundt tre km på stig til den kjende fjellgarden Pytten. Den nye […]

Gamlevegen Solheimsmoen–Hartevatn

Høge steinmurar på gamlevegen Solheimsmoen–Hartevatm. Foto.

Mellom Solheimsmoen og Hartevatn kan du følge spora etter ein gamal veg oppover mot Hovden i mange hundre meter. Det er ein nydeleg spasertur! Ålmannavegen er ridevegen bygdefolket brukte mellom Bykle kyrkjebygd og Breive i eldre tider mykje kalla. Denne vegen gjekk på vestsida av Otra, om Hoslemo, Løyning, Ørnefjell og vidare nordover til Breive […]

Glova på Abusdal – spennande naturfenomen!

Fjellsprekken Glova på Abusdalheia i Hornnes. Foto.

Glova på Styggedal er en stor og spektakulær sprekk i berget, antakelig av tektonisk opphav, på Abusdalsheia sør-vest i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Glova tar til som en liten sprekk i fjellet, vider seg ut etter hvert og er på det største ca 2–3 meter brei. Du kan følge sprekken om lag 300 meter bortover i terrenget, […]

Listeinsfjellet på Evjemoen

Murane etter luftvernstillinga på Listeinsfjellet. Foto.

Listeinsfjellet er lågt, bare 230 moh., og mest som ein liten rund ås. Fjellet ligg aust for Bjoråvegen, lengst nord på den lange sletta ved Evjemoen. Det går ein fin stig opp til toppen. På Listeinsfjellet var det ei norsk maskingeværstilling som skaut mot tyske fly som bomba Evjemoen i aprildagane 1940. Under krigen hadde tyskerane ei luftvernstilling her. Du […]

Ørnenapen – Setesdals Trolltunge

Utsikten sørover fra Ørnenapen. Foto.

Ørnenapen er et fantastisk utsiktspunkt på Lauvdal i Bygland. Lauvdal i seg selv er en av de fineste grendene i Setesdal, og virkelig verdt et besøk. Fra et utspring ytterst på fjellet Ørnenapen rett nord for grenda er det en nydeleg utsikt sørover Byglandsfjorden mot Longerak og helt bak Byglandsfjord. Det kiler godt i magen når du står ytterst på kanten […]

Tjovhola – Bygland

Tjovhola sett på nært hold. Foto.

Tjovhola er ei svær, naturleg hole høgt oppe i fjellsida mellom Byglandsfjord og Neset Camping. Det er bratt opp, og tungt å gå, men ein kort og spennande tur! Hola er rundt 15 meter brei i opninga, og 12 meter høg. Ho går innover i fjellet om lag 30 meter. Ekspertane trur havet ein gong har […]

Gloppefossen – Valle

Gloppefossen. Foto.

Gloppefossen er ein rundt 280 meter høg foss i Valle kommune. Han er ein av dei høgaste fossane i Setesdal. Nå skal det i rettferdas namn seiast at høgda på fossen er mykje diskutert. I nokre kjelder er ho sagt å vere 230 meter, i andre 280 meter. Atter andre meiner høgda er sterkt overdriven, og at ho […]

Rygnestad turløype

Husa i Åreholti. Foto.

Det går ein merka turstig frå Rygnestadtunet gjennom nydeleg kulturlandskap og mystisk skogsterreng. Det er ein kort og lett tur på bare 2,5 km/30 min. Men for ei oppleving! Du kjem mellom anna forbi det tidlegare småbruket Åreholti, der alle bygningane står i ei rekke. Det er ikkje mange slike «tun» igjen i Setesdal i dag. Etter Åreholti […]

Einerkilen – turløype med eiga tussemyr!

Turgåar i idyllisk skogsterreng. Foto.

Einerkilen mellom Flatebygd og Gautestad i Evje er utgangspunktet for ei veldig idyllisk turløype. Går du heile løypa rundt, vil du bli minna på at tussar og troll framleis finst! Det er to merka rundløyper, blå og raud. Sjå kartet nederst i stykket. Går du gjennom begge, blir det ein tur på 3,7 km. Den […]

Kvålsnapen – nydeleg utsikt!

Kvålsnapen speglar seg i Byglndsfjorden. Foto.

Kvålsnapen er det bratte og litt blankskurte fjellet som stig opp bak Haugå- og Kvåle-gardane, rett nord for Bygland sentrum. Fjellet er eit populært turmål for byglendingane. Fos oss andre som ikkje er like godt kjent, er toppen ein fin stad for å få eit overblikk og sjå oss litt rundt i Byglandsbygda. Når værforholda […]

Årdalsknapen – fjelltur med vidt utsyn!

Utsikt sørover frå Årdalsknapen. Landskapsfoto.

Det går ei populær, godt merka turløypa til Årdalsknapen, 762 moh., frå Neset Camping rett nord for Byglandsfjord. Første delen av løypa er bratt, og går i hovudsak gjennom skog. Siste delen av turen er over tregrensa. Turen tek om lag 4 timar t/r. Løypa er totalt 7,8 km t/r. Turen Det er ei lita […]

Utsikten – Landeskogen

Rita Flottorp på Utsikten med fantastisk utsyn utover Byglandsfjorden. Landskapsfoto.

Utsikten er eit fint turmål ved Landeskogen i Grendi i Bygland. Det er om lag 17 km å køyre frå Evje sentrum til Grendi. Frå Bygland sentrum rundt 20 km. Framme i Grendi kan du starte turen frå parkeringsplassen ved Årdal kyrkje.  Du følger vegen mot Landeskogen. Løypa er merka, og det er lett å finne fram. Når du har gått vegen […]

Fennefossfjellet turløype – topptur med nydeleg utsikt

Utsikten fra Fennefossfjellet mot Evjemoen og OTra-elva. Foto

Fennefossfjellet (490 moh.) ligg på vestsida av Otra like ved Evje sentrum. Toppen av fjellet er eit fantastisk utsiktspunkt, og turen opp til toppen er ei svært populær turløype. Fjellet er karakteristisk fordi det har ein kvit einhjørning malt i fjellsida mot sør. På toppen er det ei mast for mobiltelefonkommunikasjon som kan sjåast på lang […]

Tur til Store Førsvatn i Bykle

Stien på veg mot Store Førsvatn. Landskapsfoto.

I fjor sommar var eg for første gong ein «liten» tur inn til Store Førsvatn i Bykle. Det var ein nydeleg sykkel- og spasertur i varmt augustvêr. Når hausten kjem, med alle fargane sine, vil eg tru at turen kan vere ei endå finare naturoppleving. Med utgangspunkt frå Hovden sentrum, kan du køyre eller sykle […]

Sykkeltur i vakre Ljosådalen

Skogsbilvegen i Ljosådalen. Foto.

Frå Sessane bru over Otra rett vest for Bjørnarå kan du sykle fleire kilometer innover i den vakre Ljosådalen. Ljosådalen er eit 15–20 kilometer langt dalføre lengst nord i Valle, på vestsida av Otra. Dalen, med Ljosåni i dalbotnen, strekk seg frå Setesdal Vesthei i vest og ganske rett aust–nord-aust med utlaup i Otra vest for Bjørnarå. Om lag […]

Turtips på Setesdalssida.no

Rita Flottorp i fullt firsprang på fjelltoppen Kleveknutten i Hornnes. Foto.

Eg har begynt å legge inn nokre turtips på Setesdalssida.no. Visit Setesdal, kommunane i Setesdal (til dømes Valle og Evje og Hornnes), UT.no, Olav Grendstad på Stoga/Turistinformasjonen i Bygland og mange andre har nettsider med knallfine turforslag i Setesdal. Du kan også stikke innom alle turistinformasjonane i dalen, og mange av reiselivsverksemdene m.v., og få gode turforslag […]

Rysstad Turpark – idyllisk skogstur!

Rysstad turløype. Foto.

Rysstad Turpark er ei idyllisk turløype i skogsområdet like sør for Rysstad sentrum. Frå parkeringsplass går stigen oppover Baklian. Undervegs passerer du eit gamalt kvernhus. Fleire stader er det benkar som høver til ein pust i bakken. På toppen har du utsyn over Rysstad. Stigen fortset nordover, til du kjem ut på ein skogsveg. Her følger du […]

Årdalsvegen – fin køyretur i nydeleg heieterreng!

Årdalsvegen. Foto.

Dette er ein privat skogsbilveg som går frå Haugetveit i Åraksbø om lag 10 kilometer austover forbi Heimre Grunnevatn og Austre Grunnevatn i Bygland austhei til Åraksåna (Tovdalselva) i Årdalen. Årdalsvegen går gjennom eit naturskjønt heieområde. Ved enden av vegen er du altså inne i Årdalen, eit freda naturreservat som strekker seg sørover heilt til Rjukanfossen i Tovdal. Dette er eit større, samanhengande naturområde som er lite påverka av menneskelege inngrep. […]

Fånekleiva – unikt vegminne og rik flora

Fånekleiva på Postvegen i Bygland. Foto.

Den berømte Fånekleiva ligg i Bygland, om lag ein halv times køyretur nordover frå Evje sentrum. Sørover frå Bygland kyrkjebygd er det bare tale om rundt 10–15 minutt. Fånekleiva ein attraksjon eg trur du vil ha stor glede av å oppleve. På sykkel bruker du litt lenger tid, men får ei endå vakrare naturoppleving langs […]

Vatnedalen i Bykle – ein knallfin sykkeltur!

Grusvegen langs Vatnedalsvatnet. Foto.

Det går veg inn til Vatnedalsdammane frå Riksveg 9 ved Berdalsbru i Bykle. Frå damanlegget går det anleggsveg (grusveg, stengt med bom) vestover, på sørsida av Vatnedalsvatnet, heilt inn til andre enden av vatnet. Strekninga er om lag 20 km, altså 40 km t/r. Det er ein fantastisk fin sykkeltur. Det er parkeringsplass rett ved Vatnedalsdammen. […]