Tveitbakk – flotingsmur

Langs Otra, på austsida ved Tveitbakk på Hovet nord i Hylestad i Valle, ligg ein svær flotingsmur og minnar om den 400 år lange flotingshistoria på elva. Tømmerflotinga på Otra blei driven frå sist på 1500-talet til kring 1980. Floting var den gamle måten å frakte tømmer på. Gjennom hundrevis av år bar elva tømmerstokkane […]
Postvegen – Einang

Rett nord-vest for Einang kan me framleis finne igjen ei lang sløyfe av den første køyrevegen mellom Valle og Bykle. Postvegen – den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal – stod ferdig fram til Valle kyrkje i 1846. Vidare nordover til Bykle var det framleis ikkje køyrbar veg. Først i 1865 blei […]
Postvegen – Skorpetveit

Køyreveg frå Valle til Bykle kom først på 1870-talet. Ved Skorpetveit nord i Valle kan me framleis sjå ei lang sløyfe av gamlevegen. Postvegen – den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre – stod ferdig fram til Valle kyrkje i 1846. Vidare nordover til Bykle var det framleis ikkje køyrbar veg. Først i 1865 […]
Sanden Såre – flotingsmur

I Otra ved Sanden Såre nord i Valle ligg ein av dei utallige flotingsmurane og minnar om den 400 år lange flotingshistoria på elva. Tømmerflotinga på Otra blei driven frå sist på 1500-talet til kring 1980. Floting var den gamle måten å frakte tømmer på. Gjennom hundrevis av år bar elva tømmerstokkane på sin veg […]
Haslebakken – Ose

Haslebakken er ein av dei eldste husmannsplassane i Bygland. Staden ligg mellom Frøysnes og Støylehommen, ved gardsgrensa mellom Frøysnes og Ose, om lag 100 meter opp i lia for Riksveg 9. Bak reiser Skjoldmøynuten seg bratt opp. Heddeneset ligg rett imot, på andre sida av Åraksfjorden. I dag er den gamle husmannsplassen attgrodd. Men då […]
Nordstog Dale-loftet

På gardsbruket Nordstog Dale i Valle står eit gamalt loft (stabbur) frå mellomalderen. Loftet er bygd omkring år 1520. Då det blei bygd stod det truleg fritt på tunet. Men i mannsaldrar var det innebygd i stogehuset på garden. På slutten av 1990-talet blei det flytta 20 meter mot nord, og vart på nytt frittståande. […]
Banken i Bakken, Harstad – Valle

På gardsbruket Bakken bnr. 1 på Harstad i Valle kyrkjebygd står ei fleire gamle bygningar. Banken hadde lenge kontoret sitt her. Bruket Bakken kom til i 1648. I gards- og ættesoga for Valle er det sagt at delar av stogehuset er gamalt, truleg frå 1600-talet. Loftet (stabburet) er også gamalt, heiter det, kanskje frå tidleg […]
Homme og Tveitebø skulehus – Valle

Skulen låg i Neset på Hommehaugen, og var skule for borna frå Homme og Tveitebø i Valle i tida 1876 til 1952. Frå hausten 1952 gjekk borna i Homme skulekrins på den nye sentralskulen som var bygd i Åkreneset. Skulebygningen står framleis i Neset. Du ser han om du køyrar langs Einangsvegen, den gamle Setesdalsvegen, frå Valle sentrum nordover mot Homme. Homme og Tveitebø […]
Slengen – Rygnestad

Slengen er ein husmannsplass i Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap, i jordet ovanfor Rygnestadtunet, i Valle. Han er den einaste av fire slike plassar som framleis har hus. Huset i Slengen var sterkt til nedfalls. Men det blei vedteke å sette huset i stand igjen, gjennom kurs der handverkarar fekk opplæring i gamle handverksteknikkar. Plassen fortel om […]
Fjellskarbrua – Rysstad

Fjellskarbrua er ei bru på ein tidlegare parsell av Setesdalsvegen, ved Fjellskardevja, rett sør for Rysstad i Hylestad. Ho er ei stålbjelkebru, med brukar av hoggen stein, bygd i 1919. Det var den tredje brua på staden. Brua var for svak for dei tunge transportane då Brokke kraftverk blei bygd på 1960-talet, skriv Reidar Tveito i den glimrande boka si […]
Kallefossbrua – Valle

Kallefossbrua går over Otra ved Kallefoss rett nord for den særmerkte Einang i Valle. Brua er eit interessant vegminne. Det er eigentleg tale om to bruer. Otra går i eit todela løp her, og då er det bygd to bruer for å kome over. «Kallefoss 1» er brua lengst vest. Ho er 40,5 meter lang, […]
Nomeland kyrkjegard – Valle

Nomeland kyrkjegard er ein eldgamal gravplass frå mellomalderen på Nomeland i Valle, rett ved Odde Sagbruk si byggevareforretning. Funn av graver frå vikingtida tyder på at kyrkjegarden ligg på ein eldre, heidensk gravplass. Kyrkjegarden er ramma inne av eit lågt, nedrasa steingjerde, og måler rundt 40 X 60 m. Det er spor etter ei kyrkjetuft i det nord-austre hjørnet. Tufta […]
Skjoldmøypila på Hedde

Skjoldmøypila på Hedde er ein om lag mannshøg og spiss stein på gardsbruket Der nede på Hedde i Hylestad. Steinen skal ha vore noko høgare før. Etter segna skal Skjoldmøyane ha skote pila etter Heilag-Olav då han for gjennom Setesdal. På same bruket står også det kjende Heddisloptet. Johannes Skar seier det slik: «Me Heddi la skjallmøyann` å `an; dei skut` a stei`pil […]
Flatelandsmoen gravfelt – Valle

Flatelandsmoen gravfelt på garden Flateland i Valle er det nordlegaste av dei store gravfelta i Setesdal. Det er om lag 40 haugar bygde av sand i feltet. Den største, Koshaug, er omkring 35 m i tverrmål og er ein verkeleg storhaug. Tradisjonen fortel at det var ein som heitte Kos som rydda opp Flateland. Koshaug skal vere gravplassen hans. Det er gjort […]
Heimigard – Rysstad

Heimigard er eit gardsbruk på Rysstad i Hylestad. Marton Laksesvela og kona Anna Olavsdotter Rysstad forpaktar eigedomen. Her driv dei to med sauer, sel røyka sauekjøt og mykje anna. Marton er til dømes sterkt engasjert i prosjektet med å få bygd ei ny stavkyrkje i Setesdal. Løa på bruket er bygd før Svartedauden (1349–1350), og er ca 700 år gamal. Ho er […]
Nomelandshaugen

Nomelandshaugen er ein gravhaug på Nomeland, på vestsida av Otra, i Valle. Haugen har eit tverrmål på om lag 35 meter, og ei høgde på ca 3,5 meter. Den nordlege delen, ca. 1/3 av haugen, er planert ut til ca 1 meter over dyrka mark med eit steingjerde langs kanten. Nomelandshaugen er det største kjende gravminnet i Valle, og […]
Bakken – Bjørgum

Bakken er eit gardsbruk (gnr. 67 bnr. 3) på Bjørgum i Hylestad. Bruket ligg lengst aust av dei fire hovedbruka i garden. Det er mange gamle og spesielle bygningar på eigedomen. Fleire av desse er freda. Det er ikkje fast busetnad i Bakken i dag. Heimelshavar er Trygve Askvig, Oslo. Historie Tor Arnesson Bjørgum eigde gardsbruket til 1920. Han selde då eigedomen […]
Rygnestadloftet

Rygnestadloftet er eit særmerkt loft (stabbur) i Rygnestadtunet på Rygnestad i Valle. Loftet er bygd av Vonde-Åsmund Rygnestad (1540–1596) ca. 1590, på garden hans Nordigard Rygnestad. Det verdsettast for sine fine proporsjonar, svært gode handverk og materialbruk. Laftet har særleg store dimensjonar. Forsvarsbygg? Loftet blei ifølge tradisjonen brukt til forsvar. Der er ei lita luke som fører til ein underjordisk gang som endte opp i holtet […]
Heddessteinen

Heddessteinen ligg like oppom Riksveg 9 på Helle. Han er ein kjempesvær stein, stor som eit lite hus, og så stor at han har sitt eige namn, akkurat som Goddokksteinen som låg like i nærleiken. Segna fortel at dette var den eine av to steinar som Skjoldmøyane heiv etter Heilag Olav då han var i Setesdal. Ei steinpil i vegkanten litt lenger nord på Helle […]
Hauganloftet

Hauganloftet står på gardsbruket Haugan (gnr. 70 bnr. 6) på Hedde i Hylestad. Haugan ligg lengst sør på Hedde, rett på oversida (vestsida) av Riksveg 9. Eigar er Egil Åmlid. På gardsbruket står eit gamalt loft. Om det har eit offisielt namn veit eg ikkje. Så eg kallar det bare «Hauganloftet» etter bruket det høyrer […]
Heddisloptet

Heddisloptet er eit loft (stabbur) bygd i 1582 på Hedde i Hylestad. Loftet blei seld ut av Setesdal tidleg på 1970-talet, og stod fram til 2021 på Snarøya i Bærum. Eigaren hadde testamentert loftet til Riksantikvaren ved sin død. I 2021 blei bygget demontert, og frakta «heim» til Hedde. Det er setta opp igjen på gardsbruket «Der nede» som Harald […]
Valle kyrkje

Valle kyrkje er ei korskyrkje i lafta tømmer frå 1844. Kyrkja har om lag 400 plassar, og kyrkjegarden ligg rundt kyrkja. Ho ligg på Vaddarhaugen, like ved den gamle riksvegen gjennom bygda. Anders «Kyrkjebyggar» Kyrkja er bygt av «Kyrkjebyggaren» Anders Torson Syrtveit. Valle-bøndene ytte mykje for å få reist kyrkja. Dei gav tømmer, og gjorde […]
Hylestad kyrkje

Hylestad kyrkje er ei åttekanta kyrkje i lafta tømmer frå 1839, bygt av Anders Thorson Syrtveit, «Kyrkjebyggaren». Han bygde dei fleste kyrkjene i Setesdal. Kyrkja har 200 sitteplassar og to galleri. I våpenhuset er det kopiar av Hylestadportalane, med motiv frå heltesagaen om Sigurd Fåvnesbane. Desse portalane kom frå stavkyrkja som stod i området Hovet/Bjørgum, […]
Bøgruva – Valle

Bøgruva er ei gamal kopargruve i Valle, i dalsida på vestsida av Otra, på garden Bø sin grunn. Det er ikkje kjent nøyaktig når denne malmførekomsten blei funnen, men i alle fall før 1826. Gruva ligg vel ein halv kilometer i luftline nord-vest for busetnaden i Bø. I 1984 blei det bygt ein skogsbilveg frå […]
Rygnestad og Flateland kulturlandskap – av nasjonal interesse!

Rygnestad og Flateland i Valle er frå 2021 med i det nasjonale registeret over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA). Frå før (2009) inngår området i satsinga «Utvalde kulturlandskap i jordbruket». Anten du er interessert i historie, kulturminne, kulturlandskap eller «bare» synest ei god, gammaldags blomstereng er det finaste som finst, vil eit besøk her vere […]
Rygnestadtunet – det mest særmerkte i Setesdal

Om du er på ferie i Evje-området, og har tilhald til dømes på ein av dei fine campingplassane i nedre Setesdal, eller kanskje på ærverdige Dølen Hotel, eller for den saks skuld kosar deg med sommarferie på hytta di, kan ein dagstur oppover i Setesdal til Valle og Rygnestadtunet vere ei stor oppleving. Ja, eg vil påstå at endå om […]