Skottedalskleiva var ein lang og vidgjeten bakke på den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand, i heia mellom Mosby i Kristiansand og Homstean i Øvrebø.
Ein eldre køyreveg i kleiva blei bygd rundt 1832. Attgrodde restar av denne første vegen kan me framleis finne på austsida (nedsida) av kleiva slik ho ser ut i dag.
Stykket held fram under biletet
Den «nye» kleiva blei bygd ein gong i tidsromet 1844–1848. I dag finn me lett fram til Skottedalskleiva om me tek ein stopp ved krysset mellom Riksveg 9 og Fylkesveg 3948 (Utsognvegen) mot Stokkeland. Frå krysset går det ein gardsveg ganske strakt sørover 200–300 meter til garden Skottedal. Frå gardsunet tek Skottedalskleiva til nordfrå. Først går ho opp ein lang og mest rett bakke, med bratt stigning og høge murar på austsida. Vel oppe på toppen går vegen temmeleg bratt nedover igjen, til garden Bue. Også her er han mura opp med svære murar på ytterkanten.
Kleiva var bratt og tung. Det skal ha vore ein ganske fast regel, at ein forsiktig kusk lot hesten kvile 14 gonger frå foten av bakken til toppen!
1832 – då den første Skottedalskleiva blei bygd – var fleire år før Postvegen kom nordover gjennom Setesdal. Her oppe var det framleis den gamle dalevegen som gjaldt. Men seinast då Postvegen var køyrbar med hest og kjerre først på 1840-talet, og kanskje før, blei vegen her byvegen også for setesdølane.
Stykket held fram under biletet
Stor trafikk
I Hægelandsboka er det sagt at det var ein overmåte stor ferdsel med tunge lass langs setesdalsvegen mellom Mosby og Kile. Her kunne det gå opp mot 100 hestar til dagen, og i gjennomsnitt sikkert ikkje under 50 hestar dagleg. Mange av desse lassa kom rimelegvis frå dei nedre bygdene Hægeland og Øvrebø. Men sikkert er det at opp og ned Skottedalskleiva har også mang ein setesdøl streva seg med bytromet sitt!
Skottedalskleiva var i bruk som setesdalsveg til rundt 1874. 1872–1874 blei det bygd ny veg mellom Mosby og Homstean, etter same line som Riksveg 9 har i dag, men rundt Vehuslona.
Ulukke
«Den styggbratte Skottedalskleiva var ei skræme for hestfarande folk», heiter det i Øvrebøboka. Det skjedde ei stygg ulukke her 19. mars 1847. Gunnar Frøysnes frå Setesdal kom under lasset, og blei drepen på heimtur frå byen. Kusken, ein honndøl, skal ha vore fæl til å drikke og fekk fengselsstraff etter ulukka.
Setesdalsvegen sør og nord for Skottedalskleiva
Etter å ha gått rundt den vestlege av dei to Bulietjønnane, på veg sørover, gjekk vegen opp Buekleiva. Men det er ei anna historie, som eg kjem tilbake til ei anna gong. I den andre retninga, nokre hundre meter nord for Skottedalskleiva, nærare Homstean, ligg to andre godt bevart vegstykke frå denne tida, Myrbotnkleiva og Knutskleiva.
Kjelder
- Jon Åsen, Hægelandsboka, bind III, Kultursoga, 1967, kapittelet om kommunikasjonane
- Jon Åsen, Øvrebøboka, bind I, Gard og ætt, 1951, s. 49
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen, Vest-Agder, 2000, s. 185
Du vil kanskje lese fleire artiklar om den gamle setesdalsvegen?
- I fotspora til setesdølane – Moldkleiv på Mosby
- I fotspora til setesdølane – Almkleiv i Øvrebø
- I fotspora til setesdølane – Med Tjønna på Sandripheia
- I fotspora til setesdølane – Lintjønnkleiva i Øvrebø
- Linbekk bru – Øvrebø
- I fotspora til setesdølane – Reiersdalskleiva i Øvrebø
- I fotspora til setesdølane – Helveteskleiva ved Langevatn
- I fotspora til setesdølane – Espelandskleiva
- I fotspora til setesdølane – Eljannskleivan på Hægeland
- I fotspora til setesdølane – Troåsen i Hægeland