Austad gamle kyrkjegard

Austad gamle kyrkjegard er frå tida då Austad kyrkje stod på Austad. I 1880 stod ny kyrkje for Austad sokn ferdig på Tveit, over på andre sida av Otra. Då søkte oppsitjarane på Austad om å få nytte den gamle kyrkjegarden. Søknaden blei ikkje imøtekomen. Først i 1911 vart kyrkjegarden teken i bruk att. Same året kom oppsitjarane på Austad, Heistad, Ose, Skore og Kile med tilbod […]
Evjemoen som kulturminne

Det er over 100 gamle bygningar inne på det tidlegare leiromådet. 22 av bygga er freda gjennom forskrift fastsett med utgangspunkt i Landsverneplan for Forsvaret. Evjemoen blei etablert i 1912 som ny øvingsplass for Rogaland Infanteriregiment nr. 8 (IR8) i samband med innføring av ny hærordning i 1911. Leiren kom som erstatning for Madlamoen, der […]
Skore i Bygland

Skore er ein fråflytta gard høgt oppe i lia aust for Ose, på austsida av Otra, nord i Bygland. Garden grensar til Austad i nord og Åraksbø i sør. Grensa mot Åraksfjorden (Otra) i vest er ca to km. Historie Skore må i si tid ha gått ut frå Austad. Når dette skjedde veit me ikkje. Men garden har blitt lagt øyde i tida etter Svartedauden, etter 1350. […]
Postvegen – Flateland bru

Køyreveg nordover frå Valle til Bykle kom først på 1870-talet. Flateland bru blei bygd om lag 1873. Den første ordentlege køyrevegen i Setesdal var køyrbar med hest og kjerre fram til Valle i 1844, og heilt ferdig i 1846. Han blei formelt avlevert i 1847. «Postvegen» var han kalla. «Naturleg nok tok det ikkje lang […]
Postvegen – Brennevinskleiva

Fleire stader på Kjetså i Hornnes, mellom anna i Brennevinskleiva, er det tydelege spor etter den gamle Postvegen. Det var den aller første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal. Vegen forbi Kjetså blei bygt rundt 1840, og Postvegen var farbar til Valle i 1844. Rundt 2021 var det ei stor skogsdrift på Kjetså. Då kom denne såkalla «Brennevinskleiva» på den […]
Smia på Koland

På Koland ved Gyvatn i Åseral står ei gamal smie. Smia er eit kulturminne med stor lokal verdi, men som ligg utanfor dei prioriterte kulturmiljøa i Åseral kommune sin kulturminneplan for 2020–2025. Koland Eg har skrive noko meir om garden Koland i eit anna stykke her på Setesdalssida. Kjelder Du vil kanskje også sjå
Skollhaugan gravfelt – Skreros

Skollhaugan er ein gravplass frå eldre jernalder, frå 400-talet e.Kr., på garden Skreros i Vegusdal i Birkenes kommune. Det er funne 12 gravhaugar. Dei ligg på ei slette nede på flata ved Skrerosåna, eit område som tidlegare var ei øy der elva renn ut i Ogge. Gravfeltet blei «gjenoppdaga» i 1912 under uttak av grus i området. I 1917 blei fem av […]
Nordigard Hoftuft-loftet

Nordigard Hoftuft-loftet står på gardsbruket Nordigard i Nørdre Hoftuft i Tveitebø i Valle. Loftet skal vere bygd rundt 1587/1588. Det er eit av dei større i Setesdal, og har opphaveleg vore eit trehøgdeloft. Den svarte ramnen Det skal ha vore ein utskoren ramn av tre i Nordigard, svart i fargen. Han skal ha stått i eit lite kot i svòla i tredje høgda. Han […]
Riksveg 400 – Odden, Lauvdal

Ved Odden sør på Lauvdal gjekk den gamle Riksveg 400 i ei sløyfe rundt fjellknausen på staden, nærare fjorden enn Riksveg 9 som går rett fram. Det blei bygd ny veg rundt Lisle Fånefjell i 1923. Då måtte også vegen vidare nordover mot Lauvdal leggjast om. Før dette gjekk vegen, den såkalla Postvegen, som kjend […]
Birkelandsfossen – flotingsmur

I Birkelandsfossen i Otra i Evje og Hornnes, på Hornnes-sida av fossen, ligg det att ein svær steinskjerm etter flotinga av tømmer på elva. Muren stenger igjen to små opningar mellom to mindre holmar. Det var nok for at tømmeret ikkje skulle gå gjennom her og sette seg fast eller reke inn over land, og […]
Postvegen – Lauvdalsodden

På Lauvdalsodden i Bygland gjekk Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen i Setesdal, på oversida av dagens Riksveg 9. Det er framleis godt synlege spor etter den gamle vegen. Det var rundt 1842 Postvegen kom hit. Men før dette hadde folk sjølvsagt også kontakt med kvarandre mellom gardane. Av gamle kart går det fram at det […]
Postvegen – Fosslid

Like etter Reiårsfossen på veg nordover, ved rasteplassen på Riksveg 9, svingar den gamle Postvegen seg av mot venstre, går opp Kleivi og forbi Fosslid. Postvegen var den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. I dag er Fosslid fritidseigedom. På 1800-talet var han husmannsplass. Først i 1923 blei eigedomen skyldsett med eige bruksnummer. Her stod […]
Fennefossen – flotingsmurar

På kvar side av den nye dammen til Fennefoss kraftverk i Fennefossen i Evje og Hornnes står det att flotingsmurar etter flotinga på Otra i eldre tider. Fennefossen var brei. Dei største vanskane for flotinga skal ha ligge i det høgre laupet, som var ureint og med lite vatn. Ved å gjere laupet smalare, kunne […]
Nautedalsåni bru – Riksveg 400

Nautedalsåni bru står igjen etter den gamle Riksveg 400 mellom Fånefjellstunnelen og Lauvdal i Bygland. Det blei bygd ny veg rundt Lisle Fånefjell i 1923. Då måtte også vegen vidare nordover mot Lauvdal leggjast om. Før dette gjekk vegen, den såkalla Postvegen, som kjend opp Fånekleiva og fram til Lauvdal høgare oppe i lia. Ein […]
Riksveg 400 – Lauvdalsodden

I skogen ved Lauvdalsodden i Bygland, rett på nedsida av Riksveg 9, ligg framleis att ei sløyfe av den gamle Riksveg 400. Lauvdalsodden er der Rv-9 gjer den lange høgresvingen mot Bygland, om lag ein kilometer nord for Lauvdal. Her er det mange spor etter tidlegare vegbyggingar. Den første køyrevegen her, den såkalla Postvegen, blei […]
Postvegen – Ose nord

Rett nord for butikken på Ose, godt gøymt i skogen ovanfor Riksveg 9, er det framleis tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. Etter å ha kome forbi Storstoga svinga Postvegen opp det som i dag er starten på skogsbilvegen oppover mot Reiårsvatn. Ved den første skarpe svingen, om lag der […]
Systog Dale-loftet

På gardsbruket Systog, på Dale i Oveinang i Valle, står eit gamalt loft frå 1600-talet. Loftet er truleg bygd mot slutten av 1600-talet. Årstalet 1683 er skrive inn i svola. Det er bygd av svært tømmer. I dag står det for seg sjølv. Tidlegare var det vegg i vegg med stogehuset. Systog er garden til […]
Postvegen – Storstraumen

Me kan sjå tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal, på både austsida og vestsida av Storstraumen i Bygland. Postvegen blei bygd oppover i dalen først på 1840-talet. Det var den første vegen der ein kunne kome fram med vogn eller kjerre med hjul. Etter å ha passert Urdviki, og krysset […]
Systog Trydal-loftet

På gardsbruket Systog i Trydal i Bykle står eit gamalt loft med årstalsinnskrifta 1528. Etter tradisjonen skal loftet vere sett opp av dei same tømrarane som bygde Rygnestadloftet for Vond-Åsmund Rygnestad. Om loftet i Trydal er oppført rundt 1528, stemmer det ikkje særleg godt med byggeåret for Rygnestadloftet. Det er truleg oppført mykje seinare, kanskje […]
Postvegen – Vrongevje

Ved Vrongevje, på grensa mellom Moi og Tveit i Bygland, er det framleis tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. Forbi Moi gjekk Postvegen heile tida på nedsida (nærare Otra) av der Riksveg 9 ligg i dag. Då vegen nærma seg Vrongevje, svinga han seg opp mot dagens veg for å […]
Tveitbakk – flotingsmur

Langs Otra, på austsida ved Tveitbakk på Hovet nord i Hylestad i Valle, ligg ein svær flotingsmur og minnar om den 400 år lange flotingshistoria på elva. Tømmerflotinga på Otra blei driven frå sist på 1500-talet til kring 1980. Floting var den gamle måten å frakte tømmer på. Gjennom hundrevis av år bar elva tømmerstokkane […]
Riksveg 400 – Syrtveit til Døletorv

Aust for Riksveg 9 forbi Syrtveit rasteplass ligg framleis eit langt strekk av den gamle hovudvegen mellom Evje og Byglandsfjord att i skogen. Den første køyrevegen (kjerrevegen) gjennom Setesdal, Postvegen, gjekk frå Fennefoss i Hornnes oppover langs vestsida av Otra til Gullsmedmoen. Gullsmedmoen var gamal ferjeplass for å kome over på austsida, til Salbergmoen. Det heitte det her […]
Postvegen – Einang

Rett nord-vest for Einang kan me framleis finne igjen ei lang sløyfe av den første køyrevegen mellom Valle og Bykle. Postvegen – den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal – stod ferdig fram til Valle kyrkje i 1846. Vidare nordover til Bykle var det framleis ikkje køyrbar veg. Først i 1865 blei […]
Postvegen – Skorpetveit

Køyreveg frå Valle til Bykle kom først på 1870-talet. Ved Skorpetveit nord i Valle kan me framleis sjå ei lang sløyfe av gamlevegen. Postvegen – den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre – stod ferdig fram til Valle kyrkje i 1846. Vidare nordover til Bykle var det framleis ikkje køyrbar veg. Først i 1865 […]
Haugefjellet feltspatgruve – Evje

Haugefjellet er sagt å vere den eldste feltspatgruva i Evje. Den nedlagte gruva er på garden Haugen sin grunn. Ho ligg aust for Dansarberga og sør-vest for Mykleåsen, ikkje så langt unna dei andre feltspatgruvene i området. Gruva kom i drift før år 1900, og kan altså vere den eldste feltspatgruva i Evje. I alt er det rundt 80 feltspatbrot […]
Syrtveitsfossen – flotingsmurar

På begge sider av den svære Syrtveitsfossen i Otra i Evje og Hornnes ligg det framleis att store steinskjermar etter tømmerflotinga på elva. Syrtveitsfossen var brei og urein. Difor blei det sett opp tre svære steinskjermar for å gjere fossen smalare og «styre» tømmeret. I dag står desse gamle flotingsmurane framleis på staden, og minnar […]