Straumen – husmannsplassen til ferjemannen

Husmannsplassen Straumen kom til i samband med at Postvegen kom opp gjennom Setesdal. Då var det viktig å få til ein ordna overfart over Storstraumen. Plassen ligg 100–200 meter nord for Storstraumen, på austsida av fjorden. Det er på garden Nedre Kvåle sin grunn. Ferjemannen Det blei oppretta ei stilling som ferjemann. Han måtte ha […]
Gamle setesdalsvegen – Hornskilneset

Den gamle setesdalsvegen (nr. 2) bukta seg rundt på utsida av Hornskilneset i Kilefjorden, rett sør for kommunegrensa mellom Evje og Hornnes og Vennesla. Heilt nord i Kiledalen gjekk den første køyrevegen for hest og hjulkjerre, Postvegen, frå rundt 1840 opp den bratte Kiledalskleiva. Det var eit veldig strevsamt stykke på «hovudvegen» oppover i Setesdal. […]
Ekra gravfelt – Eikjåknodden

Ved Eikjåknodden, på garden Bø sin grunn, på vestsida av Byglandsfjorden, ligg Ekra gravfelt med minst fem gravrøyser frå jernalderen. Røysene ligg på oversida (vestsida) av vegen mellom Senum og Frøyrak. Fire av røysene ligg som på rekke og rad oppe på ein terrasse over vegen. Den femte ligg i skråningen litt nærare vegen, og […]
I fotspora til setesdølane: Med Tjønna på Sandripheia

Nord for småbruket Med Tjønna på Sandripheia i Øvrebø står ei fin sløyfe av den gamle setesdalsvegen att, godt gøymt inne i skogen på austsida av Riksveg 9. Køyreveg for hest og vogn oppover i Setesdal kom først på 1840-talet. Frå Kristiansand og nordover blei det bygd køyreveg noko tidlegare. Nordover frå Skarpengland kom vegen […]
Postvegen – alltid nye skattar å finne!

Ved Rakkenes er det mange spor etter Postvegen frå 1840-talet. Men sanneleg hadde eg ikkje oversett eitt av dei finaste! I 2018 kom den eminente boka Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 ut. Leonhard Jansen har skrive teksten. I arbeidet hadde han god hjelp av av eit heilt team; Pål […]
Gamle Fånekleiva – Bygland

Fånekleiva – turløypa som me er så glade i – er bygd i 1842. Etter eit svært steinras i 1870 blei den nedste delen øydelagt, og kleiva her lagt om. Fånekleiva var eitt av dei vanskelegaste partia på Postvegen, kjerrevegen som blei bygd oppover i Setesdal først på 1840-talet. «Det franske prinsipp» På den tida […]
I fotspora til setesdølane: Almkleiv i Øvrebø

Almkleiv var eit kronglete stykke på den første setesdalsvegen, på Homme i Øvrebø. Frå baksida av det store, grøne militærlageret nord på Homsmonen, på vestsida av Riksveg 9, nord på den lange Hommesletta, går Almkleiv over til Store Almen, avbroten av ei myr som var trandla. Vegen her blei bygd i 1829–1833, og var bare […]
Stigemo, Skomedal

Stigemo var ein husmannsplass under Nordre Skomedal i Bygland. Staden ligg på vestsida av Byglandsfjorden, 600–700 meter sør-vest for Storstraumen. Her var det to husmannsplassar under Nordre Skomedal. Dei som rydda her, truleg rundt 1804, var Tellef Olavson Frøysnes og kona Gyro Osmundsdotter Huset. Tellef og Gyro har ei stor etterslekt. Stigemoætta har greiner utover store delar av landet og i […]
Byglandsfjord gamle dam

Byglandsfjord gamle dam blei bygd i 1917, og avløyste den første dammen som regulerte Byglandsfjorden til kraftmagasin frå 1905. Dammen låg ved Standarfossen i Otra, 200–300 meter ovanfor der Byglandsfjord dam er i dag. Han var ein betongdam, og erstatta nåledammen frå 1905. Då dagens dam stod ferdig i 1973 blei dammen frå 1917 for […]
Trydalstoga – Kristiansand museum

Trydalstoga er ein av dei gamle bygningane frå Setesdal i Setesdalstunet på Kristiansand museum på Kongsgård. Stoga blei selt frå gardsbruket Der Inne i Trydal i Bykle i 1952. Der var det bygd nytt våningshus i 1945. Knut Hallvardsson Trydal (f. 1899, d. 1975) og Birgit Taraldsdotter Trydal (f. Mosdøl 1903, d. 1988) eigde Der […]
Gjetarhytta på Bjåen

Gjetarhytta på Bjåen var i bruk i samband med tamreindrifta i Bykle. Hytta – «Lappehytta» var ho kalla – vart reist på første halvdel av 1930-talet, etter om lag tre års drift i det nye selskapet (nr. 3) A/S Byklehei reinsamlag. Her budde dei siste reinsdyrgjetarane. Hytta er i sinklaft. «Det blei bestilt ei tømre av Byglandsfjord […]
Byglandsfjord dam – flotingsmur

Rett under Byglandsfjord dam, ovanfor Lille Holtøya i Moseid mark på vestsida av Otra, ligg ein svær flotingsmur frå tida då tømmeret blei flota gjennom dalen til Kristiansand. Ingeniør G. Sætren peika i ei utgreiing alt i 1875 på at elva hadde eit sidelaup til høgre før ho kom til den vesle Holtøya. Mykje tømmer […]
Austad gamle kyrkjegard

Austad gamle kyrkjegard er frå tida då Austad kyrkje stod på Austad. I 1880 stod ny kyrkje for Austad sokn ferdig på Tveit, over på andre sida av Otra. Då søkte oppsitjarane på Austad om å få nytte den gamle kyrkjegarden. Søknaden blei ikkje imøtekomen. Først i 1911 vart kyrkjegarden teken i bruk att. Same året kom oppsitjarane på Austad, Heistad, Ose, Skore og Kile med tilbod […]
Kulturminnesøk – ei skattekiste

Her har du eit kjempebra hjelpemiddel for å finne spennande kulturminne i nabolaget ditt! Slik skildrar Kulturminnesøk sjølv verksemda si (lett omskrive til nynorsk): Kulturminnesøk er ei nettside der du finn informasjon om kulturmiljø, kulturminne og landskap. I Kulturminnesøk er det over 220.000 objekt. Freda bygningar, freda kulturmiljø, verdsarvstader, kyrkjer, arkeologiske kulturminne og kulturminne under […]
Evjemoen som kulturminne

Det er over 100 gamle bygningar inne på det tidlegare leiromådet. 22 av bygga er freda gjennom forskrift fastsett med utgangspunkt i Landsverneplan for Forsvaret. Evjemoen blei etablert i 1912 som ny øvingsplass for Rogaland Infanteriregiment nr. 8 (IR8) i samband med innføring av ny hærordning i 1911. Leiren kom som erstatning for Madlamoen, der […]
Skore i Bygland

Skore er ein fråflytta gard høgt oppe i lia aust for Ose, på austsida av Otra, nord i Bygland. Garden grensar til Austad i nord og Åraksbø i sør. Grensa mot Åraksfjorden (Otra) i vest er ca to km. Historie Skore må i si tid ha gått ut frå Austad. Når dette skjedde veit me ikkje. Men garden har blitt lagt øyde i tida etter Svartedauden, etter 1350. […]
Postvegen – Flateland bru

Køyreveg nordover frå Valle til Bykle kom først på 1870-talet. Flateland bru blei bygd om lag 1873. Den første ordentlege køyrevegen i Setesdal var køyrbar med hest og kjerre fram til Valle i 1844, og heilt ferdig i 1846. Han blei formelt avlevert i 1847. «Postvegen» var han kalla. «Naturleg nok tok det ikkje lang […]
Postvegen – Brennevinskleiva

Fleire stader på Kjetså i Hornnes, mellom anna i Brennevinskleiva, er det tydelege spor etter den gamle Postvegen. Det var den aller første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal. Vegen forbi Kjetså blei bygt rundt 1840, og Postvegen var farbar til Valle i 1844. Rundt 2021 var det ei stor skogsdrift på Kjetså. Då kom denne såkalla «Brennevinskleiva» på den […]
Smia på Koland

På Koland ved Gyvatn i Åseral står ei gamal smie. Smia er eit kulturminne med stor lokal verdi, men som ligg utanfor dei prioriterte kulturmiljøa i Åseral kommune sin kulturminneplan for 2020–2025. Koland Eg har skrive noko meir om garden Koland i eit anna stykke her på Setesdalssida. Kjelder Du vil kanskje også sjå
Skollhaugan gravfelt – Skreros

Skollhaugan er ein gravplass frå eldre jernalder, frå 400-talet e.Kr., på garden Skreros i Vegusdal i Birkenes kommune. Det er funne 12 gravhaugar. Dei ligg på ei slette nede på flata ved Skrerosåna, eit område som tidlegare var ei øy der elva renn ut i Ogge. Gravfeltet blei «gjenoppdaga» i 1912 under uttak av grus i området. I 1917 blei fem av […]
Nordigard Hoftuft-loftet

Nordigard Hoftuft-loftet står på gardsbruket Nordigard i Nørdre Hoftuft i Tveitebø i Valle. Loftet skal vere bygd rundt 1587/1588. Det er eit av dei større i Setesdal, og har opphaveleg vore eit trehøgdeloft. Den svarte ramnen Det skal ha vore ein utskoren ramn av tre i Nordigard, svart i fargen. Han skal ha stått i eit lite kot i svòla i tredje høgda. Han […]
Riksveg 400 – Odden, Lauvdal

Ved Odden sør på Lauvdal gjekk den gamle Riksveg 400 i ei sløyfe rundt fjellknausen på staden, nærare fjorden enn Riksveg 9 som går rett fram. Det blei bygd ny veg rundt Lisle Fånefjell i 1923. Då måtte også vegen vidare nordover mot Lauvdal leggjast om. Før dette gjekk vegen, den såkalla Postvegen, som kjend […]
Birkelandsfossen – flotingsmur

I Birkelandsfossen i Otra i Evje og Hornnes, på Hornnes-sida av fossen, ligg det att ein svær steinskjerm etter flotinga av tømmer på elva. Muren stenger igjen to små opningar mellom to mindre holmar. Det var nok for at tømmeret ikkje skulle gå gjennom her og sette seg fast eller reke inn over land, og […]
Postvegen – Lauvdalsodden

På Lauvdalsodden i Bygland gjekk Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen i Setesdal, på oversida av dagens Riksveg 9. Det er framleis godt synlege spor etter den gamle vegen. Det var rundt 1842 Postvegen kom hit. Men før dette hadde folk sjølvsagt også kontakt med kvarandre mellom gardane. Av gamle kart går det fram at det […]
Postvegen – Fosslid

Like etter Reiårsfossen på veg nordover, ved rasteplassen på Riksveg 9, svingar den gamle Postvegen seg av mot venstre, går opp Kleivi og forbi Fosslid. Postvegen var den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. I dag er Fosslid fritidseigedom. På 1800-talet var han husmannsplass. Først i 1923 blei eigedomen skyldsett med eige bruksnummer. Her stod […]
Fennefossen – flotingsmurar

På kvar side av den nye dammen til Fennefoss kraftverk i Fennefossen i Evje og Hornnes står det att flotingsmurar etter flotinga på Otra i eldre tider. Fennefossen var brei. Dei største vanskane for flotinga skal ha ligge i det høgre laupet, som var ureint og med lite vatn. Ved å gjere laupet smalare, kunne […]