© 2022-2026

© 2022-2026

Feddufs – ein husmannsplass i Valle

Tuftene etter stogehuset (foran) og uthuset (bak) i Feddufs 5. september 2026. Foto.

Feddufs var ein husmannsplass under Flateland i Valle på andre halvdel av 1800-talet. Plassen låg kring 150 meter nord/nord-aust for Lii. Lii køyrer me forbi på veg oppover dei lange bakkane på Fylkesveg 450 frå Rotemo. I 1911 blei plassen dela frå Åsen (bnr. 18) og blei sjølvstendig eigedom (bnr. 29) på Flateland. No er […]

Husmannsplassen Knollen i Åraksbø

Husmurane i Knollen med spor av dyrka mark nedover i bakken 1. september 2026. Foto.

Knollen er ein liten ås mellom Kåsi og Nordenå i Åraksbø. Her blei det rydda ein liten plass kring 1846. Knut Asbjørnson Lidtveit (f. 1821) var rydningsmannen. Han var gift med enka Jorunn Taraldsdotter (f. 1814). Knollen er skogkledd no. Men går me det korte stykket opp til toppen av åsen kan me framleis sjå […]

Dalevegen – Kvinnåne, Rysstad

Den gamle vegen sett frå skogsbilvegen på sørsida av Kvinnåne 28. august 2026. Foto:

Den gamle ridevegen, Dalevegen, gjekk truleg langs sørsida av Fjellskarevja, over Kvinnåne og vidare på Breieveg ut til dagens Riksveg 9 ved Sølvgarden. Frå 1700-talet byrja ferdsla i Setesdal for alvor å gå meir langsetter dalen, mot Kristiansand. Det var lastehandelen som i fyrste rekke gjorde at setesdølane etter kvart blei mest bundne til den […]

Volefossen – flotingsmurar

Den lange muren med ein liten bøyg på seg 28. juli 2026. Foto

Fire steinskjermar på vestsida av Volefossen i Otra i Evje og Hornnes står att som minne etter den svære flotinga av tømmer som ein gong var på elva. Tømmerflotinga på Otra blei driven frå sist på 1500-talet til kring 1980. Floting var den gamle måten å frakte tømmer på. Gjennom hundrevis av år bar elva […]

I fotspora til setesdølane – Nye Dalanevegen

Nye Dalanevegen 25. juli 2026. Til høgre Riksveg 9. Foto.

Nord for Mosby gjekk den fyrste køyrevegen oppover frå Kristiansand, dåtidas setesdalsveg, på vestsida av Riksveg 9 opp til Nilsedalane. Den aller fyrste køyrevegen her var bygd i 1829 og gjekk opp Trebukleiva. Denne ganske primitive vegen var ikkje i bruk så lenge. Alt i 1843 kom det ny veg opp til Nilsedalane (i dag […]

Flyvarslingsposten på Tårnhaugen i Bykle

Grunnmuren etter flyobservasjonsposten på Tårnhaugen 27. juni 2026. Foto

Under andre verdskrigen etablerte tyskerane ein flyvarslingspost på Tårnhaugen i Bykle kyrkjebygd. «Før utviklingen av radarkontrollerte luftrom mot slutten av krigen var luftvarslingsposter en av få muligheter til å varsle om innkomne fly», skriv Tormod Christiansen i ein omfattande artikkel om tyske krigsminne i Bykle, Valle og Bygland i årsskriftet til Setesdal sogelag, Setesdal og […]

«Tyskarvegen» på Langeid

Den enorme vegmuren sett nedanfrå. Foto

Den såkalla «Tyskarvegen» på Langeid skulle vere ein del av det påtenkte, indre vegsambandet frå Telemark via Setesdal til Rogaland. Det var norske planar frå tidleg på 1900-talet og framover som okkupasjonsmakta tok opp att under andre verdskrigen. Den formelle avgjerda om at «Langeidlinja» skulle vere traseen for høgfjellsvegen Rogaland–Setesdal–Telemark blei teken av Arbeidsdepartementet i […]

Dalevegen – Øyreviki

Den gamle ridevegen i kleiva opp frå Øyreviki 9. mai 2026. Otra til høgre. Foto

Den gamle ridevegen mellom Bykle og Valle gjekk nede langs Otra forbi Øyreviki nord for dagens Bykle bru. Etter å ha passert vika heldt han fram ganske bratt opp ei kleiv, på nedsida av der Riksveg 9 er no. «Rideveg» tyder her ein veg for gåande og kløvhestar. Kulturberaren Folke Nesland kallar den gamle «hovudvegen» […]

Riksveg 400 rundt Toptenes

Den gamle setesdalsvegen rundt Toptenes 8. mai 2026. Åraksfjorden nedanfor. Foto.

Svingen på den gamle setesdalsvegen rundt Toptenes var så brå at bakparten på bussen kom utforbi vegmuren når han svinga! Toptenes stikk ut i Åraksfjorden like sør for Frøysnes i Bygland. Her er spor etter tre generasjonar veg. Postvegen gjekk rett fram over fjellknausen (ca. 1842 til 1920-talet). Riksveg 400 – den gamle setesdalsvegen – […]

Postvegen i Toptenesbakken

Vegen opp mot toppen frå sør 8. mai 2026. Framleis står nokre av dei svære stabbesteinane mot ytterkanten att. Foto

Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal. Over Toptenes like sør for Frøysnes blei vegen bygd rundt 1842. Alt i 1833 la vegmeister Georg Daniel Barth Johnsen fram den fyrste planen om veg oppover i Setesdal. I 1839 løyvde Stortinget pengar til vegen. «Arbeidet gjekk etter måten […]

Krigsminnesmerket ved Korpenuten

Minnesmerket ved Korpenuten. Foto

Under Korpenuten mellom Berdalen og Geiskeli i Bykle er det reist eit minnesmerke med minnetavle om flysleppa i området i april 1942. Bykle kommune reiste minnesmerket i 2016. Opplysningane i stykket her er i all hovudsak henta frå artikkelen «Okkupasjonsmotstand som kulturminne», skrive av Ole Asbjørn Bergstøl, i Setesdal og setesdølar 2024, utgjeve av Setesdal […]

Heggjesletta – heimen til Vise-Taddei

Husmurane etter stoga til Vise-Taddeiv 21. april 2026. Foto:

Husmannsplassen Heggjesletta i Bykle kyrkjebygd var heimen til den sjølvlærte og synske «bygdedoktoren» Tellef Osmundson Byklum (f. 1836, d. 1916). «Vise-Taddeiv var ein mann utom det vanlege», skriv Knut Gjerden i Bykle kultursoge (1993). Han var mest kjend for lækjarkunsten og den synske evna, forklarar Gjerden. Men han var allsidig og hadde mange talent. Han […]

Steinmuren ved Landeeika

Den fint oppsette steinmuren. Foto av muren.

Eg har ofte undra meg på historia bak den vakre steinmuren langs elva ved Landeeika. Nå har Eystein Greibrokk hjulpe meg ut av uvita! Planlegginga av Landeskogen tuberkulosesanatorium i Grendi tok til tidleg på 1900-talet. Eit ledd i planane var å bygge kraftstasjon som skulle forsyne anlegget med straum. Kraftverksplanane Tanken var då å utnytte […]

Dammen i Nordåna – Grendi

Dammen i Nordåna. Vinterfoto.

I Nordåna i Grendi er det ein forseggjort dam av tilhogde stein frå tida då Landeskogen var tuberkulosesanatorium. Planar om kraftstasjon i Grendi Då planlegginga av sanatoriet tok til var tanken å bygge kraftverk i Nordåna. Staten kjøpte difor vassrettane i elva, både fallrettane og rett til vatn til bruk på Landeskogen. Planen om kraftverk […]

Krokan – ein husmannsplass i Åraksbø

Krokan i nydeleg haustsol 13. oktober 2025. Foto.

Krokan på Lidtveit i Åraksbø var ein av dei betre husmannsplassane i Bygland på 1800-talet. I 1843 gav bonden på Oppigard Lidtveit (bnr. 1) løyve til at Nils Gullikson Skomedal (f. ca. 1788, d. 1864) kunne rydde ein plass i utmarka på garden. Plassen var kalla «Krokan». Her fekk husmannen lov til å ha to […]

Longerak brygge

Longerak brygge 13. desember 2025. Foto: Geir Daasvatn

Longerak brygge ligg langs Byglandsfjorden, nedst i innmarka til gardsbruket Innistog, på Longerak i Bygland. På Kulturminnesok.no heiter det at brygga er bygd i 1867. Det er det året dampbåttrafikken på Byglandsfjorden tok til. Ho var i bruk av damprutebåten «Dølen» frå 1867 til 1931. «Bjoren» brukte brygga frå 1897, etter at båten var flytta […]

Frøysnes brygge

Brygga på Frøysnes 27. november 2025. Foto

Frøysnes brygge ligg langs Åraksfjorden, sør på Frøysnes, noko før det første huset på garden. Brygga blei bygd i 1869. Ho er bygd av grovt tømmer og stein. Det var dampbåtane Dølen og seinare Bjoren (frå 1897) som nytta brygga. Les også: Bjoren – eventyrbåten på Byglandsfjorden Den første brygga blei utbetra rundt 1905, som følge av oppdemminga av Byglandsfjorden. Det […]

Dalevegen – Lauvåsheia

Dalevegen (Fjellmannsvegen), i dag ei nydeleg turløype, nær toppen av Lauvåsheia. Foto

Før Postvegen si tid, før 1840-talet, fór setesdølane langs gamle gang-, kløv- og ridevegar når dei hadde ærend i Kristiansand. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen frå Kristiansand nordover gjennom Setesdal, stod ferdig til Valle kyrkje kring 1846. Men han var farande eit par år før, i 1844. Med «køyreveg» talar me då om ein veg […]

Rindane på Abusland

Stogetufta på Rindane 5. november 2025. Nedanfor ser me gardane på Abusland. Foto:

Rindane (Rinnan) er ein tidlegare husmannsplass på Abusland i Hornnes. Plassen kom i bruk tidleg på 1800-talet. Truleg høyrde grunnen den gong til gardsbruket Korgalunnen. Den første ein sikkert veit budde på Rindane var Notto Svenkeson Abusland (f. ca. 1776). Seinare blei plassen fleire gonger skild ut som eigen eigedom og slege saman med andre eigedomar […]

Drenkadøl – Rygnestad

Tufta etter stoga i Drenkadøl. Foto.

Drenkadøl var ein husmannsplass øvst oppe i jordet på Rygnestad, mot Rygnestadåne. I høgmellomalderen var staden truleg eigen gard. Yngste sonen til Vonde-Åsmund Rygnestad, Dreng, skal ha fått garden i arv etter faren. Knut Torleivsson Rygnestad (f. 1769, d. 1846) og kona Gunhild Vigleiksdotter Rygnestad (f. 1778, d. 1857) er dei første me kjenner til som sat i Drenkadøl i nyare […]

Tyske forsvarsstillingar i Bjørnarådalen

Anlegg 3 ned mot Bjørnaråna. Foto.

Tyskarane bygde opp fleire forsvarsstillingar i Bjørnarådalen i Bykle, rundt 1,6 km aust for Bjørnarå, under andre verdskrigen. Det kom tyske forsvarsanlegg fleire stader i Bykle. Tormod Christiansen utarbeidde i 2017, på oppdrag frå Bykle kommune, ein rapport med kartlegging av tyske festningsverk i kommunen i krigsåra. Opplysningane her er henta frå den rapporten. Byklestigen […]

I fotspora til setesdølane – Saldalskleiva på Aukland

Saldalskleiva med Riksveg 9 til høgre 18. mai 2025. Foto.

I Saldalskleiva på Aukland, like nord for idrettsanlegget på Hommeren i Kristiansand, kan me framleis sjå spor etter den første køyrevegen nordover frå byen. Med «køyreveg» forstår me då ein veg det var mogeleg å køyre med hest og kjerre på. Saldalskleiva er staden kalla. Vegen ligg på nedsida (vestsida) av Riksveg 9. Den gamle […]

Hengebrua over Otra på Ørnefjell

Brustaden over Otra ved Tykkås 25. juli 2025. Foto

Dei som budde på garden Ørnefjell i Bykle bygde sjølve den fyrste brua over Otra. Den gamle ridevegen mellom Bykle kyrkjebygd og Hovden («Ålmannvegen») gjekk på vestsida av Otra, og kom forbi Ørnefjell. Men frametter på 1900-talet vart det som kjend bygd veg på austsida av elva. Då blei det til at ørnefjøddane óg rodde […]

Straumsfjordstemmen

Straumsfjordstemmen 26. juni 2025. Foto

Straumsfjordstemmen er ein flotingsstem i søre enden av Straumsfjorden i Setesdal austhei. Straumsfjorden er den øvste delen av Tovdalsvassdraget. Størstedelen av den svære innsjøen, som er kring 11 km lang, ligg i Valle kommune (Straume, Hylestad). Sørenden ligg i marka til Nordre Heistad i Bygland. Frå utlaupet renn Tovdalselva sørover gjennom ei lang rekke vatn […]

Koparverksdammen – Hovatn

Restar etter tredammen ved Hovatn. Foto.

Koparverksdammen var ein stem Sæthersdalens Kobberværk sette opp i Hovatn i Bygland rundt 1845. Sætherdalens Kobberværk var ei svær industriverksemd som var i drift bare nokre få år på slutten av 1840-talet. Det var gruvedrift etter kopar ved Straumsfjorden og i Bøgruva i Valle og smeltehytte i Åraksbø. Tiltaket enda i dundrande konkurs. Dammen Damstaden […]

I fotspora til setesdølane – Grimsbrua i Kristiansand

Den gamle Grimsbrua sett frå sida 18. mai 2025. Foto.

Grimsbrua er den eldste steinkvelvbrua i tidlegare Vest-Agder. Oppover i Setesdal kom det som me veit køyreveg for hest og kjerre – Postvegen som han seinare er kalla – først i 1840-åra. Men frå Kristiansand og nordover var det køyreveg mange tiår tidlegare. Frå Kristiansand sentrum, om lag frå øvre enden av Markensgate, gjekk den […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.