Hovden kraftstasjon

Kraftstasjonen på Hovden blei bygd til det første Hovden Høyfjellshotell, som opna sommaren 1937. Det nye hotellet var eit luksushotell, det største i landet for si tid, og måtte sjølvsagt ha innlagt straum. Det blei difor bygd eit lite kraftverk i Otra, like vest for hotellet. Stasjonen leverte likestraum. Hotellet hadde med det elektrisitet heile […]
Bjønnespranget – Åseral

Bjønnespranget er ein stad i Heddefossen mellom Mjåland og Åmland. Spreke karar greidde å hoppe over kløfta. Det er kjent for å vere eit svært hopp. Namnet kjem av ei gamal segn om ein mann som var elta av ein bjønn, er det forklart i kulturminneplanen for Åseral. Elva ligg her i ei djup kløft. […]
Fjellgardane kyrkje

Fjellgardane kyrkje, tidlegare kalla Hovden kapell, er ei langkyrkje bygd i tre i 1957. Kyrkja ligg sentralt på Hovden i Bykle. Arkitekt var Torjus Bjåen. Else Marie Jakobsen har laga eit antependium på 70 x 200 cm til kyrkja med tittel «Skal dei verta som den kvite ull». Hovden kapell blei vigsla av biskop i Agder bispedøme, Johannes Smidt, den fine haustdagen […]
Trøskjeskjolet – Åmland

Trøskjeskjolet ligg på Åmland i Åseral. Det er eit karakteristisk, åttekanta bygg med stor verd. Frå gamalt av var det eit stort hjul i midten av bygget som sveiv på ein loddrett aksel. Hest vart brukt til å dreie hjulet rundt for å treske kornet. Kulturlandskapet på Åmland – Åmland har eit godt skjøtta kulturlandskap, heiter det […]
Åseral kyrkje

Åseral kyrkje er ei krosskyrkje med tre galleri og 300 sitteplassar frå 1822 i Åseral kyrkjebygd. Kyrkja vart bygd av Olav O. Åsland og Olav Bakken. Ho er bygd i laft og panelt utvendig. Truleg var det også Åsland og Bakken som laga altertavla og døypefonten. Over inngangsdøra står det «Til Guds Ære og Folkets Gavn er denne Kirke oppført […]
Gjerden – Bykle

Gjerden er ein gard (gnr. 15) i Kyrkjebygda i Bykle. Han er ein av dei tre gamle gardane der. Dei to andre er Byklum og Mosdøl. Dei gamle bygningane i garden er særs godt tekne vare på. Det er tre hovudbruk; Attistog, Nordstog og Der inne. I nyare tid har mykje areal gått ut frå […]
Bykle gamle bru

Den gamle brua over Sveigefossen i Otra, sør-vest for Bykle kyrkjebygd, var i bruk frå 1879 til 1940, då norske motstandsfolk sprengte brua. Ei norsk hæravdeling låg i Vinjesvingen i Telemark, og ytte motstand mot den tyske framrykninga lenge etter at avdelingane i Setesdal hadde lagt ned våpena. Dei sprengte då Byklebrua og Berdalsbrua lenger nord, for å hindre åtak […]
Sandnes kyrkje – Åraksbø

Sandnes kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1844 i Åraksbø i Bygland. Ho har opphaveleg stått på Sandnes. Kyrkja er lafta i tre, og panelt utvendig. Ho har rundt 200 sitteplassar. Bygd på Sandnes Kyrkja er altså bygd på Sandnes i 1844. Byggmeisteren var Anders Torson Syrtveit, «Kyrkjebyggaren». Flytta til Åraksbø Frå 1884 kom det […]
Sandnes kapell

Sandnes kapell er ei åttekanta kyrkje på Sandnes i Bygland. Kyrkja har rundt 70 sitteplassar. I 1842 blei ei kyrkje bygd på Sandnes tidleg på 1680-talet rive, og ei tømmerkyrkje med åttekanta grunnplan blei reist på same staden. Ho blei vigsla i 1844. I samband med det arbeidet vart kyrkjegarden utvida og kyrkjegardsmuren fullført. Kyrkja frå 1680-talet hadde i […]
Nørstevoddburet – Bygland

Nørstevoddburet er eit bur (loft) på gardsbruket Nørstevodd (gnr. 34 bnr. 2), bruket som ligg lengst nord på Skomedal i Bygland. Det er eit tradisjonelt stort bur av tre, laftebygd av stort tømmer og tekt med torv. Første etasje var til mat, andre etasje til klede. I Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, vert det […]
Mølletrappa ved Fennefossen

Mølletrappa er i dag mest det einaste som er igjen å sjå etter den svære næringsverksemda som ein gong var ved Mylla, på vestsida av Fennefossen, i Hornnes. I 1803 kom Hans Nielsen Hauge til Setesdal og etter kvart til Fennefoss i Hornnes. Her såg haugianarane mogelegheitar i utnytting av vasskreftene i Fennefossen. Dei skaffa seg fallrettane i fossen i […]
Hamregruva – Bygland

Hamregruva er ei nedlagt kopargruve i Hamreheia, vest for Vormevik på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland. Gruva ligg på toppen av ei bratt fjellside ned mot fjorden. Stien opp til gruva frå garden Hamre nede ved fjorden heiter Munketo. Stigninga er om lag 300 meter. Monika Lund Smeland og Johnny Smeland er dei heldige grunneigarane på Hamre. Den eldste gruva i Setesdal? I alle fall […]
Skraddarburet – Åseral

Skraddarburet er eit bur frå mellomalderen i Austegard ved Lognavatn i Åseral. Buret er den eldste profane (ikkje-religiøse) trebygninga i Vest-Agder. Den eldste delen av bygget er den nedste høgda. Ho er åreringdatert til ca 1520–1530. Den andre høgda kom til seinare, ein gong på 1600-talet. Riksantikvaren gav i 2015 og 2016 tilskot til restaurering av bygningen, etter at taket hadde blåse […]
Espelidburet – Åseral

Espelidburet er eit stabbur frå mellomalderen på gardsbruket Der Nord i Espelid i Åseral. Buret skal vere frå 1600-talet, 1. kvartal. Garden høyrer i dag til etterkomarar etter professor og statsråd Knut Liestøl, son til Sigrid og Olav K. Liestøl. Korleis kjem du dit Køyr til Lognavatn. Der tek du til høgre over brua til Åknes. Følg vegen vidare over ei […]
Austad kyrkje

Austad kyrkje ligg på Tveit, nord i Bygland. Kyrkja ligg om lag 200 meter austafor riksveg 9, og er omgjeven av ein kyrkjegard. Arkitekten var byggmeister og ingeniør Oskar Fabricius frå Oslo Bygd i 1880 Kyrkja er ei langkyrkje i tre frå 1880, med galleri og 250 plassar. Vigslinga fant stad 7. juli 1880. Ho vart forretta av biskop Jørgen Moe. Låg […]
Heddessteinen

Heddessteinen ligg like oppom Riksveg 9 på Helle. Han er ein kjempesvær stein, stor som eit lite hus, og så stor at han har sitt eige namn, akkurat som Goddokksteinen som låg like i nærleiken. Segna fortel at dette var den eine av to steinar som Skjoldmøyane heiv etter Heilag Olav då han var i Setesdal. Ei steinpil i vegkanten litt lenger nord på Helle […]
Kjeddingsteinen – Åseral

Kjeddingsteinen er ei svær steinblokk langs vegen til Juvassdammen i Åseral. Steinen har tydeleg ikkje ramla ned frå fjellet. Det har gitt opphav til ei segn om at det var ei trollkjerring som kom berande med steinen og sette han ned der i år 1000. Så skulle ho kome att i år 2000 for å hente han. Dette tala folk i Lognevassbygda om […]
Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland

Ved Toptenes langs Riksveg 9, rett sør for Frøysnes i Bygland, er det spor etter tre hovudvegar gjennom Setesdal. Det er verkeleg ein spennande plass å ta eit lite stopp, om du er interessert i gamle vegminne. Toptenes stikk ut i Åraksfjorden. Den gamle Postvegen gjekk rett over fjellknausen her. Postvegen var den første brukelege køyrevegen for hest og kjerre […]
Husmannsplassen Hagen

Husmannsplassen Hagen ligg lengst nord på Lauvdal i Bygland. Hagen var husmannsplass under Nedre Nordgarden, og høyrde til bruket Nordli. Det gjekk eit svært ras frå Ørnenapen eingong rundt 1792–1794. Mykje av den dyrka jorda i Nordgarden blei øydelagt av raset. Men den lille jordflekken som blei til Hagen, blei liggande igjen midt i ura. I nokre kjelder heiter […]
Hauganloftet

Hauganloftet står på gardsbruket Haugan (gnr. 70 bnr. 6) på Hedde i Hylestad. Haugan ligg lengst sør på Hedde, rett på oversida (vestsida) av Riksveg 9. Eigar er Egil Åmlid. På gardsbruket står eit gamalt loft. Om det har eit offisielt namn veit eg ikkje. Så eg kallar det bare «Hauganloftet» etter bruket det høyrer […]
Heddisloptet

Heddisloptet er eit loft (stabbur) bygd i 1582 på Hedde i Hylestad. Loftet blei seld ut av Setesdal tidleg på 1970-talet, og stod fram til 2021 på Snarøya i Bærum. Eigaren hadde testamentert loftet til Riksantikvaren ved sin død. I 2021 blei bygget demontert, og frakta «heim» til Hedde. Det er setta opp igjen på gardsbruket «Der nede» som Harald […]
Holsloftet

Holsloftet er eit loft (stabbur) som i dag står på Tveitevollmyra, rett bak Bykle Hotell, i Bykle kyrkjebygd. Loftet stod opphaveleg på bruket Myri i Holen i Nordbygdi. Men då Botsvatn blei oppdemd i 1976, og Holen måtte fråflyttast, kjøpte kommunen loftet og flytta det til Nedre Sarv og seinare Tveitevollmyra. Holsloftet skal vere bygd rundt år 1700. I Heimar og folk i Bykle er det sagt at […]
Fånefjell vegmiljø

Fånefjell vegmiljø er eit nasjonalt verna vegminne ved Fånefjell mellom Longerak og Lauvdal i Bygland. Kulturminnet omfattar fire generasjonar vegar frå meir enn 500 år i tid. Det bratte og vanskelege terrenget viser kva utfordringar vegbyggarane hadde tidlegare. Her finn vi spor av den eldste kløvvegen og den første køyrevegen frå 1842, som begge går […]
Postvegen i Hornnes

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Gjennom Hornnes kom han rundt 1840. Mellom Fennefoss og Senum i Hornnes kom den aller første køyrevegen i indre Agder i 1803–1804. Me kan undrast litt. Kvifor akkurat her? Setesdølane trong å hente livsnødvendige varer som […]
Kjetsåbrua – Hornnes

Under dagens moderne betongbru over Kjetsåna skjuler det seg eit vakkert kulturminne. Kjetsåbrua er altså ei steinkvelvbru på Fylkesveg 42 over Kjetsåna på Kjetså i Hornnes. Brua blei bygd i 1933, og utvida og forsterka med betong i 1969. Fram til «kompensasjonsvegen» for nedlegginga av Setesdalsbanen kom gjennom Hornnes på andre halvdel av 1960-talet, var Kjetså bru ein del av hovudvegen mellom Kristiansand og […]
Kongshaugen – Evje

Kongshaugen er ein gravhaug, ein rundhaug av jord, i Fossvik ved Fennefossen på Verksmoen på Evje. Han er tidfest til siste halvdel en av 300-talet e.Kr. (yngre romertid). Haugen blei arkeologisk undersøkt av riksantikvar N. Nicolaysen i 1882. Då var haugen 30 m i tverrmål og om lag 4 m høg. Då han blei bygd, kan han ha vore rundt 25 m […]