Linbekk bru 26. mars 2024. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Vennesla

Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei).

Dette er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til dei stykka på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Vennesla. Her sør for Setesdal er det truleg meir vanleg å omtale vegen som «gamle setesdalsvegen» eller «byvegen». For mitt føremål er det mest oversiktleg å kalle vegen for Postvegen på heile strekninga.

Spora etter vegen i dag

Det er spora etter vegen i dag eg vil syne fram. Stykka er i grunnen ei digital biletbok.

Historia til vegen inkludert historiske bilete er glimrande fortald av Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen i Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 (Bokbyen Forlag, 2018). For Vennesla sitt område finst det mykje godt stoff i Torfinn Normann Hageland si bok Gamle veger i Vest-Agder (Statens vegvesen Vest-Agder, 2000). I bygdebøkene til Hægeland og Øvrebø er det også mykje å lese om den gamle setesdalsvegen gjennom Vennesla.

Eg har laga eit trykt hefte om Postvegen gjennom Evje og Hornnes. Det kan du få kjøpt hos meg.

Eg håpar du finn mykje spennande å lese og sjå!

Postvegen/gamle setesdalsvegen

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Kleveknuten bygdeborg – Hornnes
I fotspora til setesdølane – Saldalskleiva på Aukland
Rygnestadloftet
Røysland gravfelt i Valle
Setesdalsbanen – Dammen, Vassend
Postvegen – Reimarmoen
Straumsfjordstemmen
«Gamlebrua» på Sandnes i Bygland
Evjemoen som kulturminne
Systog Trydal-loftet
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.