Systog Dale-loftet

Dei gamle bygningane på gardsbruket Systg Dale i Valle. Foto.

På gardsbruket Systog, på Dale i Oveinang i Valle, står eit gamalt loft frå 1600-talet. Loftet er truleg bygd mot slutten av 1600-talet. Årstalet 1683 er skrive inn i svola. Det er bygd av svært tømmer. I dag står det for seg sjølv. Tidlegare var det vegg i vegg med stogehuset. Systog er garden til […]

Systog Trydal-loftet

Loftet i Systog Trydal. Foto.

På gardsbruket Systog i Trydal i Bykle står eit gamalt loft med årstalsinnskrifta 1528. Etter tradisjonen skal loftet vere sett opp av dei same tømrarane som bygde Rygnestadloftet for Vond-Åsmund Rygnestad. Om loftet i Trydal er oppført rundt 1528, stemmer det ikkje særleg godt med byggeåret for Rygnestadloftet. Det er truleg oppført mykje seinare, kanskje […]

Løylandsloftet – Grendi

Løylandsloftet (et stabbur). Foto.

Løylandsloftet er eit loft (bur) på gardsbruket Nedre Lande i Grendi. Loftet stod opphaveleg på gardsbruket Graver på Løyland i Valle, men blei flytta ned til Nedre Lande i 1934 av kulturberaren Jon Løyland. Han hadde kjøpt garden i 1930. I Norges Bebyggelse er byggeåret til Løylandsloftet sagt å vere 1604. Anders Dalseg ved Setesdals bygningsvernsenter opplyser på Facebook at det truleg er bygd 1582. Eige museum […]

Lunnenburet – Hornnes

Stolpehuset i Lunnen. Foto.

Lunnenburet er eit gamalt stolpehus som stod på det tidlegare gardsbruket Lunnen, bnr. 1 i Hornnes-garden, men som nå er blitt til bnr. 143. Stolpehuset (stabburet) skal vere bygt i 1647 (eller 1642), og er truleg den eldste eksisterande bygningen i Evje og Hornnes. Opphaveleg stod det eit dobbelt stolpehus i Lunnen. Det høyrde til […]

Haavardstadhuset – Evje

Haavardstadhuset i haustfargar. Foto.

Dette var bustadhuset til ordførar og stortingsrepresentant Torvald Haavardststad. Det er eitt av dei eldste husa i Evje sentrum i dag. Haavardstadhuset ligg på nedsida av Riksveg 9 i Evje sentrum, rett nord for Dølen Hotel. I Norges Bebyggelse er det sagt at huset er oppført ca. 1890. Det er såleis ikke eit veldig gamalt […]

Nordstog Dale-loftet

Stabburet i Nordstog Dale. Foto.

På gardsbruket Nordstog Dale i Valle står eit gamalt loft (stabbur) frå mellomalderen. Loftet er bygd omkring år 1520. Då det blei bygd stod det truleg fritt på tunet. Men i mannsaldrar var det innebygd i stogehuset på garden. På slutten av 1990-talet blei det flytta 20 meter mot nord, og vart på nytt frittståande. […]

Storstoga – Ose

Storstoga. Foto.

Dette er ein spesiell, lafta tømmerbygning frå 1650 på Ose. Bygningen er ei gamal tingstove som opphaveleg stod på Heistad. Storstoga blei altså først ført opp på Nordre Heistad av sorenskrivar Mads Pedersen. Han døydde i 1660. Det er mange historiar knytta til han i Bygland. Men det lyt ligge her. Tre bønder på Ose kjøpte bygningen og […]

Banken i Bakken, Harstad – Valle

Stogehuset i Bakken på Harstad 27. desember 2018. Foto.

På gardsbruket Bakken bnr. 1 på Harstad i Valle kyrkjebygd står ei fleire gamle bygningar. Banken hadde lenge kontoret sitt her. Bruket Bakken kom til i 1648. I gards- og ættesoga for Valle er det sagt at delar av stogehuset er gamalt, truleg frå 1600-talet. Loftet (stabburet) er også gamalt, heiter det, kanskje frå tidleg […]

Homme og Tveitebø skulehus – Valle

Homme og Tveitebø skulehus. Foto.

Skulen låg i Neset på Hommehaugen, og var skule for borna frå Homme og Tveitebø i Valle i tida 1876 til 1952. Frå hausten 1952 gjekk borna i Homme skulekrins på den nye sentralskulen som var bygd i Åkreneset. Skulebygningen står framleis i Neset. Du ser han om du køyrar langs Einangsvegen, den gamle Setesdalsvegen, frå Valle sentrum nordover mot Homme. Homme og Tveitebø […]

Slengen – Rygnestad

Slengen er ein husmannsplass i Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap, i jordet ovanfor Rygnestadtunet, i Valle. Han er den einaste av fire slike plassar som framleis har hus. Huset i Slengen var sterkt til nedfalls. Men det blei vedteke å sette huset i stand igjen, gjennom kurs der handverkarar fekk opplæring i gamle handverksteknikkar. Plassen fortel om […]

Skore – Bygland

Garden skore i Bygland. Oversiktsfoto.

Skore er ein gamal gard høgt oppe i lia aust for Ose, på austsida av Otra, nord for Åraksbø. Garden blei fråflytta ut på 1960-talet. Men dei gamle bygningane står tilbake, mellom anna det vakre buret frå 1600-talet. Stykket held fram under biletet Dei siste som dreiv garden var to jenter som blei kalla «Skorsjentene», […]

Heimigard – Rysstad

Heimigard Rysstad. Våningshus og stabbur. Foto.

Heimigard er eit gardsbruk på Rysstad i Hylestad. Marton Laksesvela og kona Anna Olavsdotter Rysstad forpaktar eigedomen. Her driv dei to med sauer, sel røyka sauekjøt og mykje anna. Marton er til dømes sterkt engasjert i prosjektet med å få bygd ei ny stavkyrkje i Setesdal. Løa på bruket er bygd før Svartedauden (1349–1350), og er ca 700 år gamal. Ho er […]

Austadburet

Austadburet. Eldgammelt stabbur. Foto.

Austadburet står på gardsbruket Der heime (gnr. 13 bnr. 8) på Nordre Austad i Bygland. «Av folk på garden er huset kalla bur. Det kan likevel ikkje vera tvil om at det frå gammalt må ha vore kalla loft», skriv Egil Berg i Norske minnesmerker – Norske tømmerhus frå mellomalderen. Grunnen til det er venteleg at bygget har gått over frå å […]

Storrvollhuset – Frøysnes

Det store, raude Storrvollhuset. Foto.

Storrvollhuset er eit gamalt bustadhus på gardsbruket Storrvollen på Frøysnes i Bygland. Huset er stort og raudmåla, og lett kjenneleg på nedsida av Riksveg 9, omtrent midt i grenda. I si tid skal det ha vore det største bustadhuset i Bygland. Historie Det er ulike opplysningar om huset. Noverande eigar Torbjørn Frøysnes har høyrt at halve huset kom frå Lauvdal ei gong kring […]

Bakken – Bjørgum

Villaen i Bakken, eit særmerkt gamalt trebygg. Foto.

Bakken er eit gardsbruk (gnr. 67 bnr. 3) på Bjørgum i Hylestad. Bruket ligg lengst aust av dei fire hovedbruka i garden. Det er mange gamle og spesielle bygningar på eigedomen. Fleire av desse er freda. Det er ikkje fast busetnad i Bakken i dag. Heimelshavar er Trygve Askvig, Oslo. Historie Tor Arnesson Bjørgum eigde gardsbruket til 1920. Han selde då eigedomen […]

Rygnestadloftet

Rygnestadloftet. Stabbur. Foto.

Rygnestadloftet er eit særmerkt loft (stabbur) i Rygnestadtunet på Rygnestad i Valle. Loftet er bygd av Vonde-Åsmund Rygnestad (1540–1596) ca. 1590, på garden hans Nordigard Rygnestad. Det verdsettast for sine fine proporsjonar, svært gode handverk og materialbruk. Laftet har særleg store dimensjonar. Forsvarsbygg? Loftet blei ifølge tradisjonen brukt til forsvar. Der er ei lita luke som fører til ein underjordisk gang som endte opp i holtet […]

Bygland kyrkje

Bygland kyrkje utvendig. Foto.

Bygland kyrkje er ei korskyrkje bygd i 1838 av Anders Torson Syrtveit etter teikning av arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow. Ho ligg på austsida av Riksveg 9 i Bygland sentrum. Kyrkja har 250 plassar og galleri. Ho vart vigsla 18. november 1838 av prost Ole Berg frå Evje. Kjelder Rett i nærleiken

Trøskjeskjolet – Åmland

Trøskjeskjolet på Åmland. Bygning. Foto.

Trøskjeskjolet ligg på Åmland i Åseral. Det er eit karakteristisk, åttekanta bygg med stor verd. Frå gamalt av var det eit stort hjul i midten av bygget som sveiv på ein loddrett aksel. Hest vart brukt til å dreie hjulet rundt for å treske kornet. Kulturlandskapet på Åmland – Åmland har eit godt skjøtta kulturlandskap, heiter det […]

Åseral kyrkje

Åseral kyrkje. Foto.

Åseral kyrkje er ei krosskyrkje med tre galleri og 300 sitteplassar frå 1822 i Åseral kyrkjebygd. Kyrkja vart bygd av Olav O. Åsland og Olav Bakken. Ho er bygd i laft og panelt utvendig. Truleg var det også Åsland og Bakken som laga altertavla og døypefonten. Over inngangsdøra står det «Til Guds Ære og Folkets Gavn er denne Kirke oppført […]

Vegbrakka – Geiskeli

Gamal vegbrakke ved Geiskeli. Foto.

Den gamle vegbrakka som står ved innkøyringa til Geiskeli blei brukt under vegarbeidet i Bykle på 1920-talet. Opphaveleg var bua sett opp av dei to skogspekulantane Berke og Foss, for dei store tømmerdriftene i Berdalsskogane. Då stod bua lenger sør, ved Berdalsbru. Helleik Sigbjørnsson Glidbjørg (f. 1876, d. 1974) skal ha flytta frå garden og […]

Gjerden – Bykle

Gamle bygningar i Gjerden, Bykle. Foto.

Gjerden er ein gard (gnr. 15) i Kyrkjebygda i Bykle. Han er ein av dei tre gamle gardane der. Dei to andre er Byklum og Mosdøl. Dei gamle bygningane i garden er særs godt tekne vare på. Det er tre hovudbruk; Attistog, Nordstog og Der inne. I nyare tid har mykje areal gått ut frå […]

Nørstevoddburet – Bygland

Nørstevoddburet. Stabbur. Foto.

Nørstevoddburet er eit bur (loft) på gardsbruket Nørstevodd (gnr. 34 bnr. 2), bruket som ligg lengst nord på Skomedal i Bygland. Det er eit tradisjonelt stort bur av tre, laftebygd av stort tømmer og tekt med torv. Første etasje var til mat, andre etasje til klede. I Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, vert det […]

Skraddarburet – Åseral

Skraddarburet. Stabbur. Foto.

Skraddarburet er eit bur frå mellomalderen i Austegard ved Lognavatn i Åseral. Buret er den eldste profane (ikkje-religiøse) trebygninga i Vest-Agder. Den eldste delen av bygget er den nedste høgda. Ho er åreringdatert til ca 1520–1530. Den andre høgda kom til seinare, ein gong på 1600-talet. Riksantikvaren gav i 2015 og 2016 tilskot til restaurering av bygningen, etter at taket hadde blåse […]

Espelidburet – Åseral

Espelidburet, stabbur, Åseral. Foto.

Espelidburet er eit stabbur frå mellomalderen på gardsbruket Der Nord i Espelid i Åseral. Buret skal vere frå 1600-talet, 1. kvartal. Garden høyrer i dag til etterkomarar etter professor og statsråd Knut Liestøl, son til Sigrid og Olav K. Liestøl. Korleis kjem du dit Køyr til Lognavatn. Der tek du til høgre over brua til Åknes. Følg vegen vidare over ei […]

Austad kyrkje

Austad kyrkje i Bygland. Foto.

Austad kyrkje ligg på Tveit, nord i Bygland. Kyrkja ligg om lag 200 meter austafor riksveg 9, og er omgjeven av ein kyrkjegard. Arkitekten var byggmeister og ingeniør Oskar Fabricius frå Oslo Bygd i 1880 Kyrkja er ei langkyrkje i tre frå 1880, med galleri og 250 plassar. Vigslinga fant stad 7. juli 1880. Ho vart forretta av biskop Jørgen Moe. Låg […]

Husmannsplassen Hagen

Husmannsplassen Hagen. Bygninger. Foto.

Husmannsplassen Hagen ligg lengst nord på Lauvdal i Bygland. Hagen var husmannsplass under Nedre Nordgarden, og høyrde til bruket Nordli. Det gjekk eit svært ras frå Ørnenapen eingong rundt 1792–1794. Mykje av den dyrka jorda i Nordgarden blei øydelagt av raset. Men den lille jordflekken som blei til Hagen, blei liggande igjen midt i ura. I nokre kjelder heiter […]