© 2022-2026

© 2022-2026

Med naturen som medisin

Det er fantastisk fine muligheter til å å kose seg ute i friluft i Evje og Hornnes. For meg fikk naturen en spesielt viktig betydning, etter at jeg blei sjuk med kreft vinteren 2013. Artikkelen er et bildeforedrag jeg holdt på Kreftforeningens Temakafè på Evjeheimen 20. februar 2017. Foredraget er skrevet litt om, for å få det til å passe […]

Harald Haugland etter si siste sending i Valle Radio: Litt vemodig

Harald Haugland har vore frivillig og programleiar i Valle Radio mest sidan lokalradioen starta opp med sendingar i 1997. Onsdag kveld sa han takk for seg. Han har skrive dette fine innlegget på bloggen sin om den litt vemodige avgjerda. Me har fått lov til å legge ut teksten her på Setesdalssida óg. Overskriftene og […]

Evje og Hornnes Sanitetsforening – i teneste for bygda i 123 år!

Evje og Hornnes Sanitetsforening blei tildelt Frivilligheitsprisen i Evje og Hornnes i sommar. Under Frivilligheitsfesten på Evjemoen Kino & Scene mandag 5. desember heldt leiaren May Britt Stenjor eit veldig fint innlegg om kva Sanitetsforeininga eigentleg driv med. Ho sette også arbeidet inn i ein større, nasjonal samanheng. Her er ein lett omarbeidd versjon av […]

Skild AS på Nesmoen

Skild AS har for lengst flytta seg frå lokala rett ved Riksveg 9 på Nesmoen i Bygland ned til industribygget der Serviteur Bygland tidlegare heldt til. Nå ynsker Skild AS å kjøpe bygget, skriv Setesdølen torsdag 1. desember. Nesodden Industribygg AS eig bygget og tomta i dag, og kommunen eig 99 % av aksjane i […]

Setesdalssida – stor rekkevidde i november

3 940 personar har i gjennomsnitt sett innlegg på Setesdalssida på Facebook kvar dag i november. Den beste dagen ligg på 5 000 personar, medan den svakaste er 2 900. Når me slår saman alle dagane, har 110 400 personar sett innlegg på Setesdalssida i november. Gøy at mange finn glede i sida! Det er […]

Roy Bakke koordinerer og marknadsfører reiselivet i Setesdal

I januar 2021 blei Roy Bakke tilsett i Setesdal interkommunalt politisk råd – betre kjend som Setesdal Regionråd – i ei prosjektstilling for å koordinere og marknadsføre reiselivet i Setesdal. Artikkelen er tidlegare publisert på OpplevEvje.no. Han er skrive om til nynorsk her, og det er gjort nokre små språklege endringar for å få teksten til å […]

I fjellheimen – eit dikt om furua

Frank Egil Reise bur på Reise i Bygland. Han er veldig glad i Setesdal, og spesielt kanskje austheia i Bygland. Mange kjenner til Frank Egil ut frå alle dei vakre landskapsbileta han har delt med oss på Setesdalssida på Facebook og andre stader. Heilt frå oppstarten i 2015, då sida kom i gang under namnet […]

Setesdalswiki har runda 95.000 artiklar!

Nettleksikonet Setesdalswiki har runda 95.000 artiklar. Eit stort mål på sikt er 100.000 artiklar. Artikkelen er først publisert på OpplevEvje.no 2. mai 2020. Han er oppdatert med nokre små endringar til dagens situasjon. Eit nettleksikon er ikkje som eit trykt leksikon. Alt er ikkje gjort ferdig på førehand. 26. april 2009 blei den første artikkelen lagt ut på nettet. […]

November – dikt

Vigdis Brattfjord på Byglandsfjord har skrive denne fine skildringa av november-stemninga. Takk til Vigdis for å dele med oss her på Setesdalssida! — November Kven var det som sa at november er grå? Då ser du ikkje Sølvstripa den bere på. På naken grein det skin i raudt mot kvite snø. Kven var det som […]

Setesdal – dikt

Anne Turid Bjørnestad Frøysnes har skrive dette vakre diktet om Setesdal. Det kan då vere dikt nr. 1 i det eg håpar kan bli ei fast spalte, «Månadens dikt», på Setesdalssida.no. Tusen takk til Anne Turid for at eg har fått lov til å sette diktet på trykk her. Det er også lagt ut på […]

Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland

Ved Toptenes langs Riksveg 9, rett sør for Frøysnes i Bygland, er det spor etter tre hovudvegar gjennom Setesdal. Det er verkeleg ein spennande plass å ta eit lite stopp, om du er interessert i gamle vegminne. Toptenes stikk ut i Åraksfjorden. Den gamle Postvegen gjekk rett over fjellknausen her. Postvegen var den første brukelege køyrevegen for hest og kjerre […]

Setesdalssida – økonomi

Det har vore nokre spørsmål om korleis eg tenker å finansiere Setesdalssida.no. Her er ei lita utgreiing om det. Setesdalssida.no er eit privat tiltak, sett i gang av meg personleg. Kva som er motivasjonen min, kan du lese anna stad her på sida. Finansieringa er veldig enkel. Eg betaler nå i oppstarten alle utgifter sjølv. […]

Arnstein i handelen!

Ruinar etter Einerkilen urangruve 24. oktober 2022. Foto.

Arnstein er årsskriftet til Evje og Hornnes Sogelag. Bladet er nå i handelen, i god tid til å vere ei interessant og flott julegåve. Årets utgåve følger same spor som før. Eva Haugen Sørgaard har først ein gjennomgang av aktiviteten i sogelaget i årets som gjekk. Deretter kjem det to opptrykk av avisartiklar læraren og […]

Evje og Hornnes – en lyntur gjennom bygda vår

Utsyn utover Evjemoen og Hornnes fra Fennefossfjellet. Foto

Evje og Hornnes ligger lengst sør i Setesdal, i Agder fylke. Kommunen er en sammenslåing av Hornnes kommune og Evje kommune til èn kommune fra 1. januar 1960. Artikkelen er en forkortet utgave av heftet «Evje og Hornnes – en lyntur gjennom bygda vår. Historien på 15 minutter!», som jeg laget og fikk trykket opp i 2021. […]

Alfred Skaiå – ein helt frå krigens dagar

Eg er glad i å farte rundt i bygda med fotografiapparatet mitt. 17. mai 2014 var eg ved Hornnes kyrkje og tok bilete. Ordførar Bjørn Ropstad la ned krans på minnesteinen som står utanfor kyrkja til minne om dei honndølane som mista livet i fridomskampen 1940-1945. Når eg seinare har sett gjennom bileta, har eg […]

Spennande og lærerikt om Jørgen Løvland!

I 2022 er det 100 år sidan Norges aller første utanriksminister, Jørgen Løvland frå Evje, døydde. Fredag kveld blei det markert med eit veldig fint arrangement på Furuly fleirbrukshus på Evje. Markeringa var eit ledd i arbeidet med å halde kunnskapen om Jørgen Løvland sine merittar i hevd. Kulturleiar Maya Maya Ranestad Hjertholm i Evje og Hornnes […]

Glad i heimbygda mi

Utsikt over Evje og Hornnes

Hausten 2006 vart eg sjuk, og måtte ta ein pause frå arbeidet mitt som jurist. Pausen blei etter kvart til fleire år, utan at helsa blei noko særleg betre. I heile denne tida prøvde eg å ta meg nokre turar rundt i nabolaget i Hornnes, der eg då budde, så ikkje kroppen skulle forfalle heilt. […]

Vatnedalen i Bykle: Kanelsnurrane berga dagen!

Kanelsnurr på Vatnedalsdammen

Eg var ein tur til Bykle og den enorme Vatnedalsdammen i forrige veke. Det blei ein annan slags tur enn eg hadde tenkt. Men alt-i-alt ein strålande sykkeltur i ukjent terreng! Her er ein liten rapport frå turen, henta frå Facebooksida «Setesdalssida» som eg også er administrator for. Lesarinnlegg, skrive av Geir Daasvatn, publisert på Setesdalssida på […]

Harald Stulien Robstad: Oppfinnaren på Syrtveit

Harald Stulien Robstad

Harald Stulien Robstad er ein ungdom med mange jern i ilden! Han er skuleelev, idrettsutøvar, munnharpesmed, oppfinnar og mykje meir. Eg har lenge hatt lyst til å treffe han for ein liten prat, om noko av alt det spennande han steller med. Onsdag kveld blei ønsket oppfylt. Då møtte eg han i den gjeve oppfinnarverkstaden […]

Gjekk fem-på i Bykle!

Gjerden Bykle

Eg skriv i innleiinga til bildebøkene mine frå Setesdal at eg i utgangspunktet ikkje visste noko særleg meir om dalen enn det eg såg når eg køyrde forbi på Riksveg 9. Her er ei lita historie frå Bykle som på ein litt humoristisk måte dokumenterer kor «ille» det eigentleg var. Lesarinnlegg, skrive av Geir Daasvatn, […]

Einerkilen urangruve i Evje

Einerkilen urangruve er ei nedlagd gruve på sørsida av Einerkilen i Prestøygardsvatnet mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes kommune. Det var prøvedrift etter uran i gruva i om lag 3 1/2 år, frå 1948 til 1. juli 1951. Uranen skulle nyttast i den eksperimentelle uranmila som etter vedtak i Stortinget i 1947 var under oppbygging ved Institutt for atomenergi på Kjeller. […]

Kompe-Leifsen

Jan Tore Leifsen

Eg har vore ein liten svipptur innom Leifsen på Brygga i Bygland. Det var ein «Kompetorsdag» for ikkje så lenge sidan. Innlegget er først publisert på Setesdalssida på Facebook, 14. mars 2022. Når eg stikk hovudet inn døra, er det Leifsen sjølv (Jan Tore for dei uinnvidde) og «støttekontakten» Trine Hennestad eg treff. Ja, støttekontakten […]

Livet!

Rita Flottorp Vikstøl 2022.

Ja, nå nærmar klokka seg halv tre lørdag ettermiddag. Eg må knyte slipset og gi meg i veg bortover til Hornnes kyrkje. Der skal eg gifte meg med mi kjære Rita om temmeleg nøyaktig ein halv time. «Livet» er eit Facebookinnlegg eg, Geir Daasvatn, skreiv i juni 2020, rett før eg gifta meg med kjærasten […]

Ein song til Setesdal

Setesdal

Eg bur i Hornnes, og hadde lite kjennskap til Setesdal til eg var rundt 50 år. Men då begynte eg så smått med fotografering for å ha noko fint å gjere, etter at eg var blitt sjuk og ikkje kunne arbeide som vanleg lenger. Etter kvart drog eg litt nordover i dalen på nokre fototurar […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.