Alle sorger, alle gleder

Knut Olav Daasvatn har skrive dette tenksame diktet. Det er med i den første diktboka hans, Alle sorger, alle gleder, som han kom ut med i 2020. Knut Olav er bror min, og eg var så heldig å få lov til å illustrere boka med nokre av bileta mine. Han har seinare også gitt ut […]
Elg i vegbanen mest lest

Innlegga om mykje elg i vegbanen nordover i dalen var mest lest i gruppa vår på Facebook i januar. I takt med at Setesdalssida på Facebook får stadig fleire medlemer, synest det også å skje ein auke i kor mange visningar mange av innlegga oppnår. Dei innlegga med flest visningar i januar var to som […]
Setesdalssida held farten oppe!

Det var i gjennomsnitt 4.370 personar som såg innlegg frå Setesdalssida på Facebook kvar dag i januar (2.1.–29.1.). Gjennomsnittet for siste året er om lag 3.690 kvar dag. Det er altså ein god auke i antall personar som ser – og kanskje les 😱 – noko av det som blir lagt ut på sida. Den […]
Setesdalsfolk – folkemusikk og dans i Setesdal

I 2019 kom setesdalstradisjonen med spel, dans og song i Setesdal på UNESCO si representative liste for immateriell kulturarv. Setesdalsfolk er eit 3-årig prosjekt som Agder fylkeskommune frå januar 2021 har oppretta for oppfølging av UNESCO-statusen. Det innskrevne element på UNESCO-lista er spel (hardingfele og munnharpe), song (stev og stevjing) og dans (setesdalsgangar). Prosjektleiar for Setesdalsfolk er Annbjørg […]
Evje og Hornnes bygdekor med 40-årsjubileum!

Ein februarkveld i 1983 samla ein spent og songglad gjeng med bygdefolk seg på Hornnes gymnas til den aller første øvinga i Evje og Hornnes bygdekor. Som tida flyg! Nå er det alt gått 40 år siden den storhendinga. Bygdekoret er framleis i full vigør. Alt ligg då til rette for ei heidundrandes jubileumsfeiring innan […]
Nomeland Maskin i heile Setesdal!

I sommar var eg ein tur til Store Førsvatn innforbi Breive i Bykle. Der var folk frå Nomeland Maskin AS i full sving med bygging av Veringsåe kraftverk. I går 20. januar 2023 var eg ein tur bortover mot Vegusdal. Der har Nomeland Maskin AS oppdraget med grunn- og betongarbeidet på Flateland kraftverk, med Kaspar […]
Vedhoggeren og drosjesjåføren Kåre Østerhus

Flere ganger i vår (dvs. våren 2020) har jeg syklet forbi hos Kåre Østerhus i Grenjåvegen rett bak Evje sentrum. Hver gang har jeg sett ham i hagen, besluttsomt opptatt med å kløyve ved. Stykket er første gang publisert på OpplevEvje.no 3. juni 2020. Siste gangen jeg var forbi, svingte jeg like godt innom for å høre litt om […]
Å sjå ei verd i eit sandkorn

Det er ikkje så lett å få auge på ei heil verd i eit sandkorn. Dei fleste av oss, meg inkludert, synest nok det er mykje meir «spektakulært» å gå opp på ein fjelltopp, eller å finne eit anna fint utsiktspunkt, og skue utover det vakre landskapet. Me som er fotografar, eller hobbyfotograf som eg […]
«Fyrste gong det har vore sild i Byglandsfjorden»

Reidar Tveito har skrive ned ei artig historie om Torjus J. Langerak og lastebilen hans med ei last sild som hamna i Byglandsfjorden nord for Grendi i boka si Riksveg 9 – Bruer og særtrekk langs vegen. I boka er det også eit bilete av lastebilen der han står stranda i vasskanten. Historia har Reidar […]
Straumsfjødd

Straumsfjødd, eller Straumsfjellet som det står på mange kart, er eit langt og stupbratt fjellparti aust og nord for Straume i Hylestad i Valle. Du ser fjellet veldig godt, på andre sida av Otra, når du kjem farande på Riksveg 9 forbi Helle. Det strekk seg frå Andenapet, som du ser i bakgrunnen på biletet, […]
Likkvila ved Ratøygard

Ein søndag i september 2019 hadde me ein fin tur til Jordalsvatn i Bygland, i nydeleg haustver. Det er to likkviler rett ved vatnet. Ved Ratøygard i austre enden ligg ei likkvile som lokalhistorikaren Torfinn Normann Hageland meiner er etter Ingebjørg Olavsdotter Oppsal. I eit stykke i Setesdølen for ein del år sidan, av Paal […]
Happy Hundesenter med innandørshall

Happy Hundesenter på Tønnesland i Hornnes har hatt ei rivande utvikling sidan oppstarten i 2017. Nå har dei bygd ein svær innandørshall – Happyhallen – for trening med hundane også vinterstid. Eg hadde gleda å vere til stades då ordfører Svein Arne Haugen tok det første spadestikket i byggetomta i august 2021. Nå i januar 2023 har […]
Setesdalssida.no i gang for fullt

Etter iherdig jobbing ei tid med tekniske løysinger og webdesign, har me nå funne ei god form for nettsida vår. Eg har fått mi eiga «plattform» for å «framsnakke» Setesdal. Det er min gode ven Inge Fredriksen som set opp dei tekniske løysingane på sida, og finn ein utsjånad som kan høve. Han er ein […]
Glova på Abusdalheia

Glova er ein stor sprekk i berget, truleg av tektonisk opphav, på Abusdalheia sør-vest i Hornnes. Ho tek til som ein liten sprekk i fjellet, vidar seg ut etter kvart og er på det største om lag 2–3 meter brei. Me kan følge sprekken kanskje 300 meter bortover i terrenget, før han igjen forsvinn i […]
Kilefjorden

Kilefjorden er namnet på ei strekning av Otra. Opphaveleg var det mellom garden Odderstøl i Iveland i nord og Kile-grenda i Hægeland i sør. Seinare er namnet også mykje brukt om heile strekninga frå Gåseflå i sør til Fennefossen i Evje og Hornes i nord. I daglegtalen vil dei fleste no truleg seie at fjorden […]
Tårnet – Longerak

Langs vegen oppover mot Longerak kraftstasjon står dette spesielle huset. Det skal ha ei rørande historie, som Reidar Tveito har fortald i den framifrå boka si om bruer og særtrekk langs riksveg 9. Reidar seier at han igjen har historia frå Sigrid Nersten Lunden og Magnhild Rygg. Det hadde seg slik at Ingebjørg Langerak hadde […]
Arne Mjåland: Store prestasjoner på ulike plan

Color Line Tour i 2021 ble arrangert for 35. gang. Sykkelrittet er 210 km langt, fra Kristiansand og gjennom hele Setesdal opp til Hovden. I 2021 ble det satt ny rekord da Team Kjekkas ble klokket inn på tiden 4:44:52. Det tilsvarer en gjennomsnittshastighet over 44 km per time, intet mindre enn imponerende! Men en av […]
Tutta Berg til minne

Tone Marie Berg, eller Tutta, som alle kalla henne, døydde i heimen sin i Berg i Valle, måndag 19. desember. Ho vart 86 år gamal. Minneord, skrive av Ole Birger Lien Tutta kom til verda på garden Vadlid i Fyresdal, og var eldst i ein syskenflokk på fire. Med sau og gris i fjoset fekk […]
På topp på Setesdalssida på Facebook i desember

Videoen me delte med skeiselauparen på Riksveg 9, David Manger på Flateland i Valle, er det mest viste innlegget i Facebookgruppa vår i desember. Innlegget er vist på skjermen hos nokon 8.831 gonger. Merk at det talet gjeld sjølve innlegget på Setesdalssida. Truleg er videoen vist mange gonger dette i sosiale media totalt. Videoen blei […]
Storutbygging av lynladarar i Setesdal!

«Ei storstilt utbygging av lynladestasjonar i Setesdal er snart fullført.» Det skriv Fædrelandsvennen i ein svær reportasje på motorsidene sine torsdag 29. desember. Utbyggaren av ladestasjonane er Eviny AS i Bergen. Deira prosjektleiar er Lars Christian Engø. Oppdragsgivar er Setesdal regionråd. Så har Knut Hovet Installasjoner AS, med hovudkvarter på Rysstad, stått for sjølve utbygginga. Far og son Olav (t.v.) […]
Margit Hegland – tippoldemor mi

I 1834 kom ei jente til denne verda, på den øyde husmannsplassen Nedre Kviplassen i Heglands mark, i fjellheimen aust for Kvifjorden, nær grensa mellom Bygland og Sirdal. Ho fekk namnet Margit, og var tippoldemor mi. Margit var nr. 3 i søskenflokken. Før henne var Tellef (f. 1827, d. 1868) og Karl (f. 1831, d. […]
Voilan

Knut Olav Daasvatn er fødd i 1969. Han hadde lenge i livet hatt skrivetrong. Men først i 2007, i godt vaksen alder, skreiv han sitt første dikt. Knut Olav er seniorkonsulent ved Institutt for biovitenskap ved Universitetet i Bergen, og utdanna biokjemikar. Han vaks opp i Hornnes, og er son av Arne Daasvatn og Gerd […]
Reidar Tveito – historieskrivaren på Byglandsfjord

Reidar Tveito på Byglandsfjord var sagbruksarbeidar det meste av yrkeslivet. Heilt frå ungdomstida på byrjinga av 1960-talet har han vore ein ivrig fotograf. Etter at han blei pensjonist, har han gitt ut ei lang rekke bøker og hefte med lokalhistorie og bilete frå Byglandsfjord og dei næraste områda rundt. Det kunne vore skrive ei heil […]
Vakkert med Tidløs i Evje kyrkje

Tidløs med Martin Wikstøl som solist avslutta juleturneen sin «En Tidløs Jul» i Evje kyrkje søndag kveld. Utanom Martin består bandet av Bjørn- Thore Aastveit (all verdas instrument), Tommy Røinås Ingebretsen (gitar), Jørgen Førde (trommer), Johan Nøkland Lund (piano) og Jan Martin Hammersland (bass). Kven er Tidløs? Kortversjonen kan vere eit religiøst, kjekt og svært […]
Utvidar Setesdalssida.no steg for steg

Nå har min gode kompanjong Inge Fredriksen laga eit eige menypunkt på nettsida for «Vekas bilete». Klikk på strekmenyen oppe til høgre i biletet over her, så får du eit lite innblikk i korleis det fungerer. Alle desse «bilet-artiklane» vil då bli liggande under dette menypunktet, organisert kommunevis. Ved å klikke på kommunenamnet i den […]
Kommunalt tilskot til nybygg ved Evje kyrkje

Kommunestyret i Evje og Hornnes vedtok på sist møte 15. desember å yte 3,2 mill. i tilskot til planlagt nybygg ved Evje kyrkje. Evje og Hornnes sokneråd står bak prosjektet. Det nye bygget plasserast der bårehuset står i dag. Det er eit bygg som komplementerer kyrkja med dei funksjonane ho manglar i dag. Samlar dei […]