Storstoga – Ose

Dette er ein spesiell, lafta tømmerbygning frå 1650 på Ose. Bygningen er ei gamal tingstove som opphaveleg stod på Heistad. Storstoga blei altså først ført opp på Nordre Heistad av sorenskrivar Mads Pedersen. Han døydde i 1660. Det er mange historiar knytta til han i Bygland. Men det lyt ligge her. Tre bønder på Ose kjøpte bygningen og […]
Lundarhalsen – heidensk offerstad på Frøysnes?

Lundarhalsen er eit nes som stikk ut i Åraksfjorden, på gardsbruket Oppigard på Frøysnes i Bygland. På neset fann frøysnesfolk langt tilbake i tid ei flat helle som var «bygd opp». Over denne hella låg ei stor, flat helle. Det var også svart jord der; det såg ut til at det hadde vore brent på plassen. Dateringa av funnstaden […]
Likkvila ved Stemmen – Jordalsvatn

Likkvila ved Stemmen ligg rett sør for den gamle stemmen for Jordalsvatn aust for Jordalsbø i Bygland. Etter segna skal det vere likkvila til Jørund Gunnarson Kvåle. Jørund døydde under ein tur til Tovdal, truleg i 1670-åra. Likkvila ligg langs den gamle ridevegen Jordalsbø – Øy – Tovdal. Dei skal ha lagt henne den stunda dei kvilte då dei bar Jørund heim til Bygland. Likkvila er lita, […]
Likkvila attmed Ratøygard – Bygland

Likkvila attmed Ratøygard ligg ved Jordalsvatn i Bygland austhei, ved den gamle ridevegen Jordalsbø–Øy–Tovdal, på sørsida av Eksævegen, nær den gamle støylen Ratøygard. Det er sagt å vere likkvila til Ingebjørg Olavsdotter Oppsal i Jordalsbø, som blei stanga ihjel av prestestuten på Øy 10. august 1859. Om kvelden fann slåttefolk frå Såghus henne død. Men bak på ryggen låg barnet hennar bunde på bakmeisa og […]
Sordal nordre gravfelt med Haugeteddan

Sordal nordre gravfelt ligg på Sordal, på austsida av Otra, nord i Bygland. Feltet er om lag 175 meter langt og 70 meter breitt. I alt ligg det 20 rundhaugar og fire langhaugar i feltet. Den største rundhaugen har ei vidde på 17,5 meter og er ein meter høg. Største langhaugen er på 15 x 11 meter og noko […]
Nesodden gravrøys

På den søre spissen av Nesodden i Bygland, i vestre enden av den mykje brukte badestranda Gullsand, ligg ei godt synleg gravrøys bygd av kampestein. Nesodden stikk ut i Byglandsfjorden frå aust, ved Lislestraumen vest for Nesmoen eit par kilometer nord for Bygland sentrum. På vestre sida av fjorden stikk det også ut to små nes. Det er såleis bare eit smalt sund som […]
Hanehaug – Bygland

Hanehaug er ein stor gravhaug og midtpunktet i eit svært fornminneområde med gravfunn frå steinalder, jernalder, bronsealder, folkevandringstid og vikingtid på Nese i Bygland. Haugen er 16 meter i diameter, og han er to meter høg. Området ligg rett ved Riksveg 9, nokre hundre meter etter at du har passert Bygland sentrum på veg nordover. Staden er […]
Austadburet

Austadburet står på gardsbruket Der heime (gnr. 13 bnr. 8) på Nordre Austad i Bygland. «Av folk på garden er huset kalla bur. Det kan likevel ikkje vera tvil om at det frå gammalt må ha vore kalla loft», skriv Egil Berg i Norske minnesmerker – Norske tømmerhus frå mellomalderen. Grunnen til det er venteleg at bygget har gått over frå å […]
Lauvdalsodden – Bygland

Lauvdalsodden er eit nes som stikk ut i Byglandsfjorden vest for busetnaden på Lauvdal i Bygland, der fjorden eit lite stykke gjer ein sving mot vest. På odden ligg det eit heilt felt med gravrøyser. Fem av haugane er rundhaugar. Den sjette, den største, er ein langhaug som er om lag 30 meter lang og dominerande i landskapet. I følge […]
Storrvollhuset – Frøysnes

Storrvollhuset er eit gamalt bustadhus på gardsbruket Storrvollen på Frøysnes i Bygland. Huset er stort og raudmåla, og lett kjenneleg på nedsida av Riksveg 9, omtrent midt i grenda. I si tid skal det ha vore det største bustadhuset i Bygland. Historie Det er ulike opplysningar om huset. Noverande eigar Torbjørn Frøysnes har høyrt at halve huset kom frå Lauvdal ei gong kring […]
Bygland kyrkje

Bygland kyrkje er ei korskyrkje bygd i 1838 av Anders Torson Syrtveit etter teikning av arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow. Ho ligg på austsida av Riksveg 9 i Bygland sentrum. Kyrkja har 250 plassar og galleri. Ho vart vigsla 18. november 1838 av prost Ole Berg frå Evje. Kjelder Rett i nærleiken
Årdal kyrkje

Årdal kyrkje ligg vest for Riksveg 9 i Grendi i Bygland. På vestsida av kyrkja ligg Byglandsfjorden. Ho er soknekyrkje for Årdal sokn i Bygland. Den åttekanta, tømra kyrkja vart bygd på Lande sin grunn i 1827-1828 av Anders Torson Syrtveit (og kjend som «Anders kyrkjebyggjar»). I 1988 fekk ho nytt våpenhus. Kyrkja har plass til 200 personar. Kyrkjegarden Den eldste delen av kyrkjegarden er rundt kyrkja. Eit nytt […]
Sandnes kyrkje – Åraksbø

Sandnes kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1844 i Åraksbø i Bygland. Ho har opphaveleg stått på Sandnes. Kyrkja er lafta i tre, og panelt utvendig. Ho har rundt 200 sitteplassar. Bygd på Sandnes Kyrkja er altså bygd på Sandnes i 1844. Byggmeisteren var Anders Torson Syrtveit, «Kyrkjebyggaren». Flytta til Åraksbø Frå 1884 kom det […]
Sandnes kapell

Sandnes kapell er ei åttekanta kyrkje på Sandnes i Bygland. Kyrkja har rundt 70 sitteplassar. I 1842 blei ei kyrkje bygd på Sandnes tidleg på 1680-talet rive, og ei tømmerkyrkje med åttekanta grunnplan blei reist på same staden. Ho blei vigsla i 1844. I samband med det arbeidet vart kyrkjegarden utvida og kyrkjegardsmuren fullført. Kyrkja frå 1680-talet hadde i […]
Nørstevoddburet – Bygland

Nørstevoddburet er eit bur (loft) på gardsbruket Nørstevodd (gnr. 34 bnr. 2), bruket som ligg lengst nord på Skomedal i Bygland. Det er eit tradisjonelt stort bur av tre, laftebygd av stort tømmer og tekt med torv. Første etasje var til mat, andre etasje til klede. I Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, vert det […]
Hamregruva – Bygland

Hamregruva er ei nedlagt kopargruve i Hamreheia, vest for Vormevik på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland. Gruva ligg på toppen av ei bratt fjellside ned mot fjorden. Stien opp til gruva frå garden Hamre nede ved fjorden heiter Munketo. Stigninga er om lag 300 meter. Monika Lund Smeland og Johnny Smeland er dei heldige grunneigarane på Hamre. Den eldste gruva i Setesdal? I alle fall […]
Austad kyrkje

Austad kyrkje ligg på Tveit, nord i Bygland. Kyrkja ligg om lag 200 meter austafor riksveg 9, og er omgjeven av ein kyrkjegard. Arkitekten var byggmeister og ingeniør Oskar Fabricius frå Oslo Bygd i 1880 Kyrkja er ei langkyrkje i tre frå 1880, med galleri og 250 plassar. Vigslinga fant stad 7. juli 1880. Ho vart forretta av biskop Jørgen Moe. Låg […]
Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland

Ved Toptenes langs Riksveg 9, rett sør for Frøysnes i Bygland, er det spor etter tre hovudvegar gjennom Setesdal. Det er verkeleg ein spennande plass å ta eit lite stopp, om du er interessert i gamle vegminne. Toptenes stikk ut i Åraksfjorden. Den gamle Postvegen gjekk rett over fjellknausen her. Postvegen var den første brukelege køyrevegen for hest og kjerre […]
Husmannsplassen Hagen

Husmannsplassen Hagen ligg lengst nord på Lauvdal i Bygland. Hagen var husmannsplass under Nedre Nordgarden, og høyrde til bruket Nordli. Det gjekk eit svært ras frå Ørnenapen eingong rundt 1792–1794. Mykje av den dyrka jorda i Nordgarden blei øydelagt av raset. Men den lille jordflekken som blei til Hagen, blei liggande igjen midt i ura. I nokre kjelder heiter […]
Fånefjell vegmiljø

Fånefjell vegmiljø er eit nasjonalt verna vegminne ved Fånefjell mellom Longerak og Lauvdal i Bygland. Kulturminnet omfattar fire generasjonar vegar frå meir enn 500 år i tid. Det bratte og vanskelege terrenget viser kva utfordringar vegbyggarane hadde tidlegare. Her finn vi spor av den eldste kløvvegen og den første køyrevegen frå 1842, som begge går […]
Gravrøysa på Nånesodden

På Nånesodden, på vestsida av Byglandsfjorden, ligg det ei gravrøys. Ho høyrer til den spesielle typen gravminne som vert kalla åsrøys. På Kulturminnesøk.no heiter det at ho er frå jernalderen. I ei undersøking sommaren 2012 i samband med erosjonssikring fann dei brentebein frå menneske og ein pinsett frå yngre bronsealder, noko som var ei stor […]
Tårnet – Longerak

Langs vegen oppover mot Longerak kraftstasjon står dette spesielle huset. Det skal ha ei rørande historie, som Reidar Tveito har fortald i den framifrå boka si om bruer og særtrekk langs riksveg 9. Reidar seier at han igjen har historia frå Sigrid Nersten Lunden og Magnhild Rygg. Det hadde seg slik at Ingebjørg Langerak hadde levd under trange kår. […]
Bjoren – Eventyrbåten på Byglandsfjorden

D/B «Bjoren» er den vedfyrte dampbåten som trafikkerer strekningen Byglandsfjord-Bygland og Bygland-Ose søndager og noen onsdager i sommersesongen. Ved som drivstoff var – og er – et naturlig valg siden det er rikelig, lokal tilgang på dette. Vedfyringen bidrar sterkt til å gjøre Bjoren til en unik kulturskatt og et flytende, teknisk museum. Båten er […]
Deknehola ved Storstraumen

Deknehola er ei grop eller eit djupt søkk i moreneryggen på austsida av Fuglekilen, rett aust for Storstraumen, i Bygland. Hola er eit synleg minne om eit mislukka kanaliseringsprosjekt som prominente menn i Bygland sette i gang rundt 1740. Før det kom køyreveg (kjerreveg) oppover i Setesdal, blei mykje gods frakta etter Byglandsfjorden på nokre […]
Langerak kraftverk

Langerak kraftverk er eit vasskraftverk i grenda Longerak i Bygland. Det spesielle kraftverksbygget er vel verdt eit besøk i seg sjølv. Er du i området likevel, til dømes for å gå i turløypa opp til Snipa, har du ein ekstra god grunn til å studere praktbygget litt nærare. Det ligg i skogen, rett på oversida av Riksveg 9. Kraftverket […]
Landeeika – eitt av Norges eldste tre!

Landeeika er eit eldgamalt, kanskje 1000 år gamalt, tre i Grendi i Bygland. Det veks like attmed riksveg 9, eit par hundre meter sør for Årdal kyrkje. Landeeika skrivast óg som Landeeiki. I fylgje forfattar Nystad så var dette eit heilagt tre. Diameteren i rota skulle vera 3,5 meter. Alderen er noko uviss, men fagfolk meiner han ligg mellom 800 […]