Tveitbakk – flotingsmur

Langs Otra, på austsida ved Tveitbakk på Hovet nord i Hylestad i Valle, ligg ein svær flotingsmur og minnar om den 400 år lange flotingshistoria på elva. Tømmerflotinga på Otra blei driven frå sist på 1500-talet til kring 1980. Floting var den gamle måten å frakte tømmer på. Gjennom hundrevis av år bar elva tømmerstokkane […]
Riksveg 400 – Syrtveit til Døletorv

Aust for Riksveg 9 forbi Syrtveit rasteplass ligg framleis eit langt strekk av den gamle hovudvegen mellom Evje og Byglandsfjord att i skogen. Den første køyrevegen (kjerrevegen) gjennom Setesdal, Postvegen, gjekk frå Fennefoss i Hornnes oppover langs vestsida av Otra til Gullsmedmoen. Gullsmedmoen var gamal ferjeplass for å kome over på austsida, til Salbergmoen. Det heitte det her […]
Postvegen – Einang

Rett nord-vest for Einang kan me framleis finne igjen ei lang sløyfe av den første køyrevegen mellom Valle og Bykle. Postvegen – den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal – stod ferdig fram til Valle kyrkje i 1846. Vidare nordover til Bykle var det framleis ikkje køyrbar veg. Først i 1865 blei […]
Postvegen – Skorpetveit

Køyreveg frå Valle til Bykle kom først på 1870-talet. Ved Skorpetveit nord i Valle kan me framleis sjå ei lang sløyfe av gamlevegen. Postvegen – den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre – stod ferdig fram til Valle kyrkje i 1846. Vidare nordover til Bykle var det framleis ikkje køyrbar veg. Først i 1865 […]
Haugefjellet feltspatgruve – Evje

Haugefjellet er sagt å vere den eldste feltspatgruva i Evje. Den nedlagte gruva er på garden Haugen sin grunn. Ho ligg aust for Dansarberga og sør-vest for Mykleåsen, ikkje så langt unna dei andre feltspatgruvene i området. Gruva kom i drift før år 1900, og kan altså vere den eldste feltspatgruva i Evje. I alt er det rundt 80 feltspatbrot […]
Syrtveitsfossen – flotingsmurar

På begge sider av den svære Syrtveitsfossen i Otra i Evje og Hornnes ligg det framleis att store steinskjermar etter tømmerflotinga på elva. Syrtveitsfossen var brei og urein. Difor blei det sett opp tre svære steinskjermar for å gjere fossen smalare og «styre» tømmeret. I dag står desse gamle flotingsmurane framleis på staden, og minnar […]
Sørstemmen – Jordalsvatn

Sørstemmen er ein stor, mura steinstem som blei sett opp i vestre enden av Jordalsvatn i Bygland heilt på byrjinga av 1900-talet. Steinstemmen erstatta ein endå mykje eldre stem på staden som var rotna i stykker. Jordalsåna, som i dag er kalla Søråni, var flotingselv. Vatnet blei demd opp for å skaffe vatn til flotinga. Jordalsåna (Søråni) renn saman med Nordåna […]
Sanden Såre – flotingsmur

I Otra ved Sanden Såre nord i Valle ligg ein av dei utallige flotingsmurane og minnar om den 400 år lange flotingshistoria på elva. Tømmerflotinga på Otra blei driven frå sist på 1500-talet til kring 1980. Floting var den gamle måten å frakte tømmer på. Gjennom hundrevis av år bar elva tømmerstokkane på sin veg […]
Riksveg 400 forbi Kalveskinnsuppsa

Ved Kalveskinnsuppsa i Vassend står framleis ein liten stubb igjen etter den gamle hovudvegen mellom Evje og Byglandsfjord. Den første køyrevegen (kjerrevegen) gjennom Setesdal, Postvegen, gjekk frå Fennefoss i Hornnes oppover langs vestsida av Otra til Gullsmedmoen. Gullsmedmoen var gamal ferjeplass for å kome over på austsida, til Salbergmoen. Det heitte det her før Byglandsfjord […]
I fotspora til setesdølane – Lintjønnkleiva i Øvrebø

Lintjønnkleiva var ein bakke på den gamle setesdalsvegen, rett sør for Reiersdalskleiva, i Øvrebø i Vennesla. Denne gamle, bevarte vegstubben ligg på vestsida av Riksveg 9, mellom Lintjønn og riksvegen, når du køyrer oppover bakkane etter å ha passert krysset der det går veg innover mot Reiersdal og Tjomsås. Køyrevegen (kjerrevegen) i kleiva her blei […]
I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland

Kiledalskleiva var ein bratt bakke på Postvegen, den første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal, mellom Kiledal i Hægeland og Vestre Hodne i Hornnes. Spesielt vinterstid kunne kleiva vere glatt og vanskeleg å forsere. Om lag midt i kleiva ligg framleis den spesielle Kiledalskleiva bru. Riksveg 9 går forbi rett under kleiva. Eg har omtalt Kiledalskleiva, og har med fleire bilete, i det trykte heftet mitt om Postvegen […]
Postvegen – Nesmoen

På Nesmoen i Bygland er det framleis tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. Etter å ha kome forbi Setesdal Hotell på Nesmoen, på veg nordover, tek Riksveg 9 ein slak sving mot høgre og kjem til Urdviki. Det er der den svære rasvollen er bygd. Postvegen, og den gamle riksvegen, […]
I fotspora til setesdølane – Reiersdalskleiva i Øvrebø

Reiersdalskleiva er eit vegstykke på den gamle Setesdalsvegen på Reiersdal i Øvrebø i Vennesla. Den første traseen her blei bygd 1829–1833. Han var i bruk til 1884 («Gamle Reiersdalskleiva»). Då kom det ein ny trase litt høgare oppe i terrenget («Nye Reiersdalskleiva»). Denne nye kleiva var i bruk til 1965, då vegen blei flytta litt austover til der Riksveg 9 går […]
Løylandsloftet – Grendi

Løylandsloftet er eit loft (bur) på gardsbruket Nedre Lande i Grendi. Loftet stod opphaveleg på gardsbruket Graver på Løyland i Valle, men blei flytta ned til Nedre Lande i 1934 av kulturberaren Jon Løyland. Han hadde kjøpt garden i 1930. I Norges Bebyggelse er byggeåret til Løylandsloftet sagt å vere 1604. Anders Dalseg ved Setesdals bygningsvernsenter opplyser på Facebook at det truleg er bygd 1582. Eige museum […]
Postvegen – Bjørnaråkleiva

I skogen på Bjørnarå finn me framleis spor etter den første ordentlege køyrevegen mellom Valle og Bykle. Den første køyrevegen oppover i Setesdal, mellom Kile og Valle, blei bygd først på 1840-talet. Sør for Kile, frå Kristiansand og nordover, var det kome køyrbar veg litt før, i fleire etappar, på første halvdel av 1830-talet. I […]
Postvegen – Rakkenesbakken

Mellom Grendi og Longerak i Bygland ligg Rakkenes. Det står fine murar igjen i Rakkenesbakken som blei bygd på Postvegen rundt 1842. Postvegen, ja det var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Denne første vegen gjekk på oversida av dagens Riksveg 9, nærare hyttene som er på staden nå. Du kan såvidt skimte dei gamle […]
I fotspora til setesdølane – Myrbotnkleiva

Myrbotnkleiva var ein lang bakke på den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand, rett ved Riksveg 9, mellom Vehus og Homstean i Øvrebø. Vegen i kleiva ned til Knutsmyr blei bygd i 1829–1832. I dag finn du han lett rett sør for krysset mellom Riksveg 9 og Fylkesveg 3948 (Utsognvegen) mot Stokkeland. Nokre få hundre meter […]
I fotspora til setesdølane – Knutskleiva ved Homstean

Rett sør for Homstean i Øvrebø i Vennesla, på nedsida (vestsida) av Riksveg 9, står mest heile Knutskleiva igjen etter den aller første kjerrevegen nordover frå Kristiansand. Vegen i kleiva blei bygd i 1832. Dette var lenge før Postvegen kom gjennom Setesdal. Men seinast då Postvegen var køyrbar med hest og kjerre først på 1840-talet, […]
Haslebakken – Ose

Haslebakken er ein av dei eldste husmannsplassane i Bygland. Staden ligg mellom Frøysnes og Støylehommen, ved gardsgrensa mellom Frøysnes og Ose, om lag 100 meter opp i lia for Riksveg 9. Bak reiser Skjoldmøynuten seg bratt opp. Heddeneset ligg rett imot, på andre sida av Åraksfjorden. I dag er den gamle husmannsplassen attgrodd. Men då […]
Kleveknuten bygdeborg – Hornnes

Kleveknuten (Klevekrullen) er ein liten fjelltopp (292 moh.) rett vest for Riksveg 9 ved Hannås nord for Moisund i Evje og Hornnes. På toppen er det ei større røys av stein som i si tid må ha vore frakta dit. Steinrøysa kan vere eit nedramla steinalter nytta som offerstad. Truleg er Kleveknuten også nytta som forsvarsborg og kanskje signalstasjon. Inne i fjellet, i fleire svære […]
Urdalsfjell bygdeborg – Evje

Bygdeborga på Urdalsfjell var eit forsvarsverk mot inntrengarar i ufredstider på Urdalsfjell på Åvesland mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes. Det er minst fem kjende slike bygdeborger i kommunen: På Kleveknuten på Hannås, på Horgeknipen på Senum, på Kallshovet på Kallhovd, på Steinsfjell nær Evje sentrum og altså på Urdalsfjell. Det er vanlig oppfatning blant arkeologene, heiter det i kultursoga for Evje og Hornnes, at borgene er frå folkevandringstid og […]
Stavenes kulturlandskap – Bykle

Stavenes er gnr. 16 og ei lita grend i Bykle. Ho ligg på austsida av Otra, om lag tre kilometer aust for Bykle kyrkjebygd. Stavenesvegen går over Dam Sarvsfoss til grenda frå hausten 2015. Aanund Olsnes skriv i Heimar og folk i Bykle at garden truleg er mellom dei eldre i Bykle. Han kan vere busett i før-kristen tid […]
I fotspora til setesdølane – Eljannskleivan på Hægeland

Den gamle setesdalsvegen gjennom Hægeland gjekk forbi Hægeland kyrkje og ned Eljannskleivan før han passerte over Eldjansåna på bru. Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Eldjannskleivan, blei bygd i 1835. Vegen ligg noko aust for dagens Riksveg 9. Det er lagt […]
Kirkebygdens elektriske Anlæg – Åseral

Dette var eit kraftverk i Monn i Rjukanliæ, ein kilometers veg nord for Kyrkjebygd. Kirkebygdens elektriske Anlæg blei bygd alt i 1914. Planane var utarbeidde av ingeniør Chr. Larsen. Det blei bygd tilsaman ei halv mil med luftledning. Kraftverket gav straum til 348 glødelamper. I 1919 ville eigarane selge kraftverket og fallrettane til kommunen for […]
Blodsteinen – Åseral

Blodsteinen ligg like i vegkanten på Løkjen, på veg frå Kyrkjebygd til Ljosland i Åseral. Steinen har ei dramatisk historie knytt til seg. I eldre tider var det nokre få menn som slo under seg all den jorda som fantest i Åseral. Valter Austru slo til seg alt på austsida, på heia og heime. Han […]
I fotspora til setesdølane: Moldkleiv på Mosby

Den gamle setesdalsvegen gjennom Mosby gjekk rett aust for dagens Riksveg 9, gjennom der Høie Fabrikker ligg i dag, og opp den bratte Moldkleiv. Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Moldkleiv, blei bygd i 1829. Då Postvegen kom vidare oppover i […]