Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Straumen – husmannsplassen til ferjemannen

Dei gamle husmurane på Straumen 23. mars 2024. Me ser nordover mot Skomedal

Husmannsplassen Straumen kom til i samband med at Postvegen kom opp gjennom Setesdal. Då var det viktig å få til ein ordna overfart over Storstraumen. Plassen ligg 100–200 meter nord for Storstraumen, på austsida av fjorden. Det er på garden Nedre Kvåle sin grunn. Ferjemannen Det blei oppretta ei stilling som ferjemann. Han måtte ha […]

Ekra gravfelt – Eikjåknodden

Oversiktsbilde Eikjåknodden med gravfeltet. Byglandsfjorden i bakgrunnen. Foto.

Ved Eikjåknodden, på garden Bø sin grunn, på vestsida av Byglandsfjorden, ligg Ekra gravfelt med minst fem gravrøyser frå jernalderen. Røysene ligg på oversida (vestsida) av vegen mellom Senum og Frøyrak. Fire av røysene ligg som på rekke og rad oppe på ein terrasse over vegen. Den femte ligg i skråningen litt nærare vegen, og […]

Gamle Fånekleiva – Bygland

Når du tek til på spaserturen i Fånekleiva frå parkeringsplassen i sør, ser du ganske tydeleg restane etter den første kleiva frå 1842 rett på oversida av den nye vegen frå 1870. Foto.

Fånekleiva – turløypa som me er så glade i – er bygd i 1842. Etter eit svært steinras i 1870 blei den nedste delen øydelagt, og kleiva her lagt om. Fånekleiva var eitt av dei vanskelegaste partia på Postvegen, kjerrevegen som blei bygd oppover i Setesdal først på 1840-talet. «Det franske prinsipp» På den tida […]

Stigemo, Skomedal

Gamalt hus på Stigemo 22. oktober 2016. Foto.

Stigemo var ein husmannsplass under Nordre Skomedal i Bygland. Staden ligg på vestsida av Byglandsfjorden, 600–700 meter sør-vest for Storstraumen. Her var det to husmannsplassar under Nordre Skomedal. Dei som rydda her, truleg rundt 1804, var Tellef Olavson Frøysnes og kona Gyro Osmundsdotter Huset. Tellef og Gyro har ei stor etterslekt. Stigemoætta har greiner utover store delar av landet og i […]

Austad gamle kyrkjegard

Austad gamle kyrkjegard 7. august 2022. Foto.

Austad gamle kyrkjegard er frå tida då Austad kyrkje stod på Austad. I 1880 stod ny kyrkje for Austad sokn ferdig på Tveit, over på andre sida av Otra. Då søkte oppsitjarane på Austad om å få nytte den gamle kyrkjegarden. Søknaden blei ikkje imøtekomen. Først i 1911 vart kyrkjegarden teken i bruk att. Same året kom oppsitjarane på Austad, Heistad, Ose, Skore og Kile med tilbod […]

Skore i Bygland

Bygningane på Skore i april. Foto.

Skore er ein fråflytta gard høgt oppe i lia aust for Ose, på austsida av Otra, nord i Bygland. Garden grensar til Austad i nord og Åraksbø i sør. Grensa mot Åraksfjorden (Otra) i vest er ca to km. Historie Skore må i si tid ha gått ut frå Austad. Når dette skjedde veit me ikkje. Men garden har blitt lagt øyde i tida etter Svartedauden, etter 1350. […]

Riksveg 400 – Odden, Lauvdal

Gamlevegen ved Odden 19. oktober 2023. Foto:

Ved Odden sør på Lauvdal gjekk den gamle Riksveg 400 i ei sløyfe rundt fjellknausen på staden, nærare fjorden enn Riksveg 9 som går rett fram. Det blei bygd ny veg rundt Lisle Fånefjell i 1923. Då måtte også vegen vidare nordover mot Lauvdal leggjast om. Før dette gjekk vegen, den såkalla Postvegen, som kjend […]

Postvegen – Lauvdalsodden

Riksveg 9 i Lauvdalssvingen, med Postvegen til venstre oppover i skogen. Foto.

På Lauvdalsodden i Bygland gjekk Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen i Setesdal, på oversida av dagens Riksveg 9. Det er framleis godt synlege spor etter den gamle vegen. Det var rundt 1842 Postvegen kom hit. Men før dette hadde folk sjølvsagt også kontakt med kvarandre mellom gardane. Av gamle kart går det fram at det […]

Postvegen – Fosslid

Vegen forbi Fosslid 24. august 2023. Foto.

Like etter Reiårsfossen på veg nordover, ved rasteplassen på Riksveg 9, svingar den gamle Postvegen seg av mot venstre, går opp Kleivi og forbi Fosslid. Postvegen var den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. I dag er Fosslid fritidseigedom. På 1800-talet var han husmannsplass. Først i 1923 blei eigedomen skyldsett med eige bruksnummer. Her stod […]

Nautedalsåni bru – Riksveg 400

Nautedalsåni bru 27. november 2022. Foto.

Nautedalsåni bru står igjen etter den gamle Riksveg 400 mellom Fånefjellstunnelen og Lauvdal i Bygland. Det blei bygd ny veg rundt Lisle Fånefjell i 1923. Då måtte også vegen vidare nordover mot Lauvdal leggjast om. Før dette gjekk vegen, den såkalla Postvegen, som kjend opp Fånekleiva og fram til Lauvdal høgare oppe i lia. Ein […]

Riksveg 400 – Lauvdalsodden

Gamle Setesdalsvegen gjennom skogen med dagens Riksveg 9 til høgre. Foto.

I skogen ved Lauvdalsodden i Bygland, rett på nedsida av Riksveg 9, ligg framleis att ei sløyfe av den gamle Riksveg 400. Lauvdalsodden er der Rv-9 gjer den lange høgresvingen mot Bygland, om lag ein kilometer nord for Lauvdal. Her er det mange spor etter tidlegare vegbyggingar. Den første køyrevegen her, den såkalla Postvegen, blei […]

Postvegen – Ose nord

Den gamle Postvegen i skogen ovanfor Riksveg 9 med Ose sentrum bak i biletet. Foto.

Rett nord for butikken på Ose, godt gøymt i skogen ovanfor Riksveg 9, er det framleis tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. Etter å ha kome forbi Storstoga svinga Postvegen opp det som i dag er starten på skogsbilvegen oppover mot Reiårsvatn. Ved den første skarpe svingen, om lag der […]

Postvegen – Storstraumen

Gamle postvegmurar ved STraumen, på austsida av Storstraumen. Foto:

Me kan sjå tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal, på både austsida og vestsida av Storstraumen i Bygland. Postvegen blei bygd oppover i dalen først på 1840-talet. Det var den første vegen der ein kunne kome fram med vogn eller kjerre med hjul. Etter å ha passert Urdviki, og krysset […]

Postvegen – Vrongevje

Gamal steinmur etter Postvegen ved Vrongeve. Foto.

Ved Vrongevje, på grensa mellom Moi og Tveit i Bygland, er det framleis tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. Forbi Moi gjekk Postvegen heile tida på nedsida (nærare Otra) av der Riksveg 9 ligg i dag. Då vegen nærma seg Vrongevje, svinga han seg opp mot dagens veg for å […]

Sørstemmen – Jordalsvatn

Den gamle steintemmen ved utlaupet av Jordalsvatn . Foto.

Sørstemmen er ein stor, mura steinstem som blei sett opp i vestre enden av Jordalsvatn i Bygland heilt på byrjinga av 1900-talet.  Steinstemmen erstatta ein endå mykje eldre stem på staden som var rotna i stykker. Jordalsåna, som i dag er kalla Søråni, var flotingselv. Vatnet blei demd opp for å skaffe vatn til flotinga. Jordalsåna (Søråni) renn saman med Nordåna […]

Riksveg 400 forbi Kalveskinnsuppsa

Gamal veg med stabbesteinar i Kalveskinnsuppsa. Foto.

Ved Kalveskinnsuppsa i Vassend står framleis ein liten stubb igjen etter den gamle hovudvegen mellom Evje og Byglandsfjord. Den første køyrevegen (kjerrevegen) gjennom Setesdal, Postvegen, gjekk frå Fennefoss i Hornnes oppover langs vestsida av Otra til Gullsmedmoen. Gullsmedmoen var gamal ferjeplass for å kome over på austsida, til Salbergmoen. Det heitte det her før Byglandsfjord […]

Postvegen – Nesmoen

Gamle steinmurar etter Postvegen i vasskanten i Urdviki. Foto.

På Nesmoen i Bygland er det framleis tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. Etter å ha kome forbi Setesdal Hotell på Nesmoen, på veg nordover, tek Riksveg 9 ein slak sving mot høgre og kjem til Urdviki. Det er der den svære rasvollen er bygd. Postvegen, og den gamle riksvegen, […]

Løylandsloftet – Grendi

Løylandsloftet (et stabbur). Foto.

Løylandsloftet er eit loft (bur) på gardsbruket Nedre Lande i Grendi. Loftet stod opphaveleg på gardsbruket Graver på Løyland i Valle, men blei flytta ned til Nedre Lande i 1934 av kulturberaren Jon Løyland. Han hadde kjøpt garden i 1930. I Norges Bebyggelse er byggeåret til Løylandsloftet sagt å vere 1604. Anders Dalseg ved Setesdals bygningsvernsenter opplyser på Facebook at det truleg er bygd 1582. Eige museum […]

Postvegen – Rakkenesbakken

Dei gamle steinmurane etter Postvegen i Rakkenesbakken. Foto.

Mellom Grendi og Longerak i Bygland ligg Rakkenes. Det står fine murar igjen i Rakkenesbakken som blei bygd på Postvegen rundt 1842. Postvegen, ja det var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Denne første vegen gjekk på oversida av dagens Riksveg 9, nærare hyttene som er på staden nå. Du kan såvidt skimte dei gamle […]

«Gamlebrua» på Sandnes i Bygland

Gammel bru på Sandnes. Foto.

I området rundt Gamle Vikelid nord på Sandnes er det hogd mykje skog i det siste. Den gamle brua over Rossedalsbekken er framme i lyset igjen! Sandnesingane kjenner godt til alt det den lokale skogen måtte skjule. Men for meg som synest det er så gøy å bli litt betre kjend rundt omkring i dalen, […]

Knutsbakk – Bygland

Knutsbakk med fire store gravhaugar og minnestøtta etter 2. verdskrigen. Foto.

Dette er staden i Bygland for kransenedlegging til minne om dei som fall under 2. verdskrigen. Her ligg og fleire gravhaugar frå vikingtida. Knutsbakk var tilhaldsstad og ekserserplass for militære i dansketida, er det fortalt. Staden ligg om lag 175 meter sør for Bygland kyrkje. Minnestøtta Minnestøtta (t. h.) vart avduka 17. mai 1947 av fylkesmann Nils Hjelmtveit. […]

Bygland brygge

Bygland brygge med Bjoren. Foto.

Dette er den gamle steinbrygga på Prestneset i Bygland kyrkjebygd. Her legg dampbåten Bjoren til når han vitjar Bygland sentrum. Ved Bygland brygge ligg serveringsstaden Bjoren Brygge. I same området finn du også Bygland museum, Tangen friluftsområde og kulturkafeen Stoga. Litt historie Brygga skal vere bygd i 1912. Presten i Bygland fekk då laga seg ein avtale om at dersom brygga blei flytta frå […]

Langeidsverdet

Langeidsverdet. Foto.

Langeidsverdet er eit vikingsverd funne på Langeid i Bygland sommaren 2011, under utgravingar i samband med utbygging av Riksveg 9. Det stod i bakken ved sida av ei grav med fire stolpehol. Funnet var så oppsiktsvekkjande at det vart halde hemmeleg heilt til det var trygt plassert i laboratoriet til Kulturhistorisk Museum i Oslo. Sverdet har gull i skjeftet og magiske […]

Apledokk – husmannsplassen til Dalskjempa

Gamle husmurar i Apledokk. Foto.

Dette var ein husmannsplass på garden Dale på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland. Apledokk er i lia, rundt 200 meter ovanfor sandstranda i Daleviki. Husmannen var Torjei Jensson, «Dalskjempa». Han skal ha rydda plassen og flytta dit i 1860. Han blei verande her til han døydde i 1924. Nils Nersten heldt til på Longerak, og traff Torjei ofte. Han har […]

Fallossteinane på Bygland kyrkjegard

Falleosstein på Bygland kyrkjegard. Foto.

Nær kyrkjegardsmuren, på nord-vestsida av kyrkja, står det to «fallossteinar». Ein av steinane, steinen på biletet her, er intakt. Han er ca. 50 cm høg. Ein meter mot nord står ein annan fallos, men utan hovud. Her er det ein inskripsjon, med eit namn som ikkje går å tyde og årstalet 1798. Det er ikkje […]

Byglandsfjord dampskipsbrygge

Bjoren til kai ved Byglandsfjord dampskipsbrygge. Foto.

Dampskipsbrygga er der den vedfyrte dampbåten Bjoren ligg når han er i trafikk med utgangspunkt frå Byglandsfjord. Brygga ligg rett nedanfor Breidablikk, ved Strandgata, heilt i sentrum av Byglandsfjord. Historie Bjoren gjekk i trafikk på Kilefjorden frå 1867. Etter at Setesdalsbanen opna i 1896, blei Bjoren flytta opp i Byglandsfjorden. Der var systerskipet Dølen i sving frå før. Handelsmannen Olaf G. […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.