Av Geir Daasvatn

© 2022-2024

Løylandsloftet – Grendi

Løylandsloftet (et stabbur). Foto.

Løylandsloftet er eit loft (bur) på gardsbruket Nedre Lande i Grendi. Loftet stod opphaveleg på gardsbruket Graver på Løyland i Valle, men blei flytta ned til Nedre Lande i 1934 av kulturberaren Jon Løyland. Han hadde kjøpt garden i 1930. I Norges Bebyggelse er byggeåret til Løylandsloftet sagt å vere 1604. Anders Dalseg ved Setesdals bygningsvernsenter opplyser på Facebook at det truleg er bygd 1582. Eige museum […]

Postvegen – Bjørnaråkleiva

Steinmurar etter den gamle vegen i skogen på Bjørnarå. Foto.

I skogen på Bjørnarå finn me framleis spor etter den første ordentlege køyrevegen mellom Valle og Bykle. Den første køyrevegen oppover i Setesdal, mellom Kile og Valle, blei bygd først på 1840-talet. Sør for Kile, frå Kristiansand og nordover, var det kome køyrbar veg litt før, i fleire etappar, på første halvdel av 1830-talet. I […]

Postvegen – Rakkenesbakken

Dei gamle steinmurane etter Postvegen i Rakkenesbakken. Foto.

Mellom Grendi og Longerak i Bygland ligg Rakkenes. Det står fine murar igjen i Rakkenesbakken som blei bygd på Postvegen rundt 1842. Postvegen, ja det var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Denne første vegen gjekk på oversida av dagens Riksveg 9, nærare hyttene som er på staden nå. Du kan såvidt skimte dei gamle […]

I fotspora til setesdølane – Myrbotnkleiva

Svære steinmurar på vegen i Myrbotnkleiva. Foto.

Myrbotnkleiva var ein lang bakke på den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand, rett ved Riksveg 9, mellom Vehus og Homstean i Øvrebø. Vegen i kleiva ned til Knutsmyr blei bygd i 1829–1832. I dag finn du han lett rett sør for krysset mellom Riksveg 9 og Fylkesveg 3948 (Utsognvegen) mot Stokkeland. Nokre få hundre meter […]

I fotspora til setesdølane – Knutskleiva ved Homstean

Den gamle setesdalsvegen som buktar seg gjennom skogen i Knutskleiv. Foto.

Rett sør for Homstean i Øvrebø i Vennesla, på nedsida (vestsida) av Riksveg 9, står mest heile Knutskleiva igjen etter den aller første kjerrevegen nordover frå Kristiansand. Vegen i kleiva blei bygd i 1832. Dette var lenge før Postvegen kom gjennom Setesdal. Men seinast då Postvegen var køyrbar med hest og kjerre først på 1840-talet, […]

Haslebakken – Ose

Dei gamle stogemurane i Haslebakken. Foto.

Haslebakken er ein av dei eldste husmannsplassane i Bygland. Staden ligg mellom Frøysnes og Støylehommen, ved gardsgrensa mellom Frøysnes og Ose, om lag 100 meter opp i lia for Riksveg 9. Bak reiser Skjoldmøynuten seg bratt opp. Heddeneset ligg rett imot, på andre sida av Åraksfjorden. I dag er den gamle husmannsplassen attgrodd. Men då […]

Kleveknuten bygdeborg – Hornnes

Utsikten sørover frå Kleveknuten 16. april 2010. Foto.

Kleveknuten (Klevekrullen) er ein liten fjelltopp (292 moh.) rett vest for Riksveg 9 ved Hannås nord for Moisund i Evje og Hornnes. På toppen er det ei større røys av stein som i si tid må ha vore frakta dit. Steinrøysa kan vere eit nedramla steinalter nytta som offerstad. Truleg er Kleveknuten også nytta som forsvarsborg og kanskje signalstasjon. Inne i fjellet, i fleire svære […]

Urdalsfjell bygdeborg – Evje

Den nedrasa borgmuren på Urdalsfjell. Foto.

Bygdeborga på Urdalsfjell var eit forsvarsverk mot inntrengarar i ufredstider på Urdalsfjell på Åvesland mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes. Det er minst fem kjende slike bygdeborger i kommunen: På Kleveknuten på Hannås, på Horgeknipen på Senum, på Kallshovet på Kallhovd, på Steinsfjell nær Evje sentrum og altså på Urdalsfjell. Det er vanlig oppfatning blant arkeologene, heiter det i kultursoga for Evje og Hornnes, at borgene er frå folkevandringstid og […]

Stavenes kulturlandskap – Bykle

Gamle hus på bruket Nybu 3. oktober 2018. Foto.

Stavenes er gnr. 16 og ei lita grend i Bykle. Ho ligg på austsida av Otra, om lag tre kilometer aust for Bykle kyrkjebygd. Stavenesvegen går over Dam Sarvsfoss til grenda frå hausten 2015. Aanund Olsnes skriv i Heimar og folk i Bykle at garden truleg er mellom dei eldre i Bykle. Han kan vere busett i før-kristen tid […]

I fotspora til setesdølane – Eljannskleivan på Hægeland

Eljannskleivan med bru. Foto.

Den gamle setesdalsvegen gjennom Hægeland gjekk forbi Hægeland kyrkje og ned Eljannskleivan før han passerte over Eldjansåna på bru. Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Eldjannskleivan, blei bygd i 1835. Vegen ligg noko aust for dagens Riksveg 9. Det er lagt […]

Kirkebygdens elektriske Anlæg – Åseral

Ruinar etter kraftverket. Foto:

Dette var eit kraftverk i Monn i Rjukanliæ, ein kilometers veg nord for Kyrkjebygd. Kirkebygdens elektriske Anlæg blei bygd alt i 1914. Planane var utarbeidde av ingeniør Chr. Larsen. Det blei bygd tilsaman ei halv mil med luftledning. Kraftverket gav straum til 348 glødelamper. I 1919 ville eigarane selge kraftverket og fallrettane til kommunen for […]

Blodsteinen – Åseral

Blodsteinen. Foto.

Blodsteinen ligg like i vegkanten på Løkjen, på veg frå Kyrkjebygd til Ljosland i Åseral. Steinen har ei dramatisk historie knytt til seg. I eldre tider var det nokre få menn som slo under seg all den jorda som fantest i Åseral. Valter Austru slo til seg alt på austsida, på heia og heime. Han […]

I fotspora til setesdølane: Moldkleiv på Mosby

Storebekk med gamle brukar på kvar side. Foto.

Den gamle setesdalsvegen gjennom Mosby gjekk rett aust for dagens Riksveg 9, gjennom der Høie Fabrikker ligg i dag, og opp den bratte Moldkleiv. Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Moldkleiv, blei bygd i 1829. Då Postvegen kom vidare oppover i […]

«Gamlebrua» på Sandnes i Bygland

Gammel bru på Sandnes. Foto.

I området rundt Gamle Vikelid nord på Sandnes er det hogd mykje skog i det siste. Den gamle brua over Rossedalsbekken er framme i lyset igjen! Sandnesingane kjenner godt til alt det den lokale skogen måtte skjule. Men for meg som synest det er så gøy å bli litt betre kjend rundt omkring i dalen, […]

I fotspora til setesdølane – Espelandskleiva

Den gamle og den nye Espelandskleiva i skogen sør for garden Espeland. Foto

Espelandskleiva mellom Frivoll og Espeland i Hægeland var ein del av den første køyrevegen mellom Mosby og Kile. Vegen kom i åra 1829–1835. Espelandskleiva blei bygd rundt 1833. Køyreveg mellom Kile og Dåsnes kom i 1839–1843. Køyreveg heilt opp til Valle stod først ferdig i 1846. I Setesdal er denne første køyrevegen mykje blitt kalla […]

Knutsbakk – Bygland

Knutsbakk med fire store gravhaugar og minnestøtta etter 2. verdskrigen. Foto.

Dette er staden i Bygland for kransenedlegging til minne om dei som fall under 2. verdskrigen. Her ligg og fleire gravhaugar frå vikingtida. Knutsbakk var tilhaldsstad og ekserserplass for militære i dansketida, er det fortalt. Staden ligg om lag 175 meter sør for Bygland kyrkje. Minnestøtta Minnestøtta (t. h.) vart avduka 17. mai 1947 av fylkesmann Nils Hjelmtveit. […]

Lunnenburet – Hornnes

Stolpehuset i Lunnen. Foto.

Lunnenburet er eit gamalt stolpehus som stod på det tidlegare gardsbruket Lunnen, bnr. 1 i Hornnes-garden, men som nå er blitt til bnr. 143. Stolpehuset (stabburet) skal vere bygt i 1647 (eller 1642), og er truleg den eldste eksisterande bygningen i Evje og Hornnes. Opphaveleg stod det eit dobbelt stolpehus i Lunnen. Det høyrde til […]

«Setesdalsvegen» forbi Troåsen i Hægeland

Gamle Setesdalsvegen gjennom skogen på Eikeland i Hægeland. Foto.

Frå rundt 1835 til 1884 gjekk den første køyrbare «Setesdalsvegen» i Tromyrkleiva på Eikeland, noko vest for dagens Riksveg 9, rett sør for Hægelandskrossen. Vegen forbi Tromyrkleiva blei bygd 1829–1835 heiter det på Kulturminnesok.no, og utvida 1845–1847. Han var i bruk til 1884. Då blei det bygd ny trasé på austsida av Spelarfjellet, meir der […]

Bygland brygge

Bygland brygge med Bjoren. Foto.

Dette er den gamle steinbrygga på Prestneset i Bygland kyrkjebygd. Her legg dampbåten Bjoren til når han vitjar Bygland sentrum. Ved Bygland brygge ligg serveringsstaden Bjoren Brygge. I same området finn du også Bygland museum, Tangen friluftsområde og kulturkafeen Stoga. Litt historie Brygga skal vere bygd i 1912. Presten i Bygland fekk då laga seg ein avtale om at dersom brygga blei flytta frå […]

Langeidsverdet

Langeidsverdet. Foto.

Langeidsverdet er eit vikingsverd funne på Langeid i Bygland sommaren 2011, under utgravingar i samband med utbygging av Riksveg 9. Det stod i bakken ved sida av ei grav med fire stolpehol. Funnet var så oppsiktsvekkjande at det vart halde hemmeleg heilt til det var trygt plassert i laboratoriet til Kulturhistorisk Museum i Oslo. Sverdet har gull i skjeftet og magiske […]

Listeinsfjellet på Evjemoen

Utsyn utover Evjemoen og Hornnes fra Fennefossfjellet. Foto

På Listeinsfjellet var det ei norsk maskingeværstilling som skaut mot tyske fly over Evjemoen i aprildagane 1940. Under krigen hadde tyskerane ei luftvernstilling her. Listeinsfjellet er lågt, bare 230 moh., og mest som ein liten rund ås. Fjellet ligg aust for Bjoråvegen, på andre sida av vegen for Evje Fengsel, lengst nord på den lange sletta ved Evjemoen. Under […]

Apledokk – husmannsplassen til Dalskjempa

Gamle husmurar i Apledokk. Foto.

Dette var ein husmannsplass på garden Dale på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland. Apledokk er i lia, rundt 200 meter ovanfor sandstranda i Daleviki. Husmannen var Torjei Jensson, «Dalskjempa». Han skal ha rydda plassen og flytta dit i 1860. Han blei verande her til han døydde i 1924. Nils Nersten heldt til på Longerak, og traff Torjei ofte. Han har […]

Galtelandskanalen, eit minne frå krigen

Galtelandskanalen. Oversiktsfoto.

Dette var ein landbrukskanal som blei grave ut på Galteland i Evje under 2. verdskrigen, truleg i åra 1942–1944. Ein tropp frå Arbeidstenesta utførte arbeidet. Jørg Godtredsen var med i arbeidet, og har fortalt mykje om det i kultursoga for Evje og Hornnes. Det blei reist ein minnestein etter arbeidet, som ein framleis kan sjå i vegkanten langsmed FV-42 […]

Fallossteinane på Bygland kyrkjegard

Falleosstein på Bygland kyrkjegard. Foto.

Nær kyrkjegardsmuren, på nord-vestsida av kyrkja, står det to «fallossteinar». Ein av steinane, steinen på biletet her, er intakt. Han er ca. 50 cm høg. Ein meter mot nord står ein annan fallos, men utan hovud. Her er det ein inskripsjon, med eit namn som ikkje går å tyde og årstalet 1798. Det er ikkje […]

Haavardstadhuset – Evje

Haavardstadhuset i haustfargar. Foto.

Dette var bustadhuset til ordførar og stortingsrepresentant Torvald Haavardststad. Det er eitt av dei eldste husa i Evje sentrum i dag. Haavardstadhuset ligg på nedsida av Riksveg 9 i Evje sentrum, rett nord for Dølen Hotel. I Norges Bebyggelse er det sagt at huset er oppført ca. 1890. Det er såleis ikke eit veldig gamalt […]

Byglandsfjord dampskipsbrygge

Bjoren til kai ved Byglandsfjord dampskipsbrygge. Foto.

Dampskipsbrygga er der den vedfyrte dampbåten Bjoren ligg når han er i trafikk med utgangspunkt frå Byglandsfjord. Brygga ligg rett nedanfor Breidablikk, ved Strandgata, heilt i sentrum av Byglandsfjord. Historie Bjoren gjekk i trafikk på Kilefjorden frå 1867. Etter at Setesdalsbanen opna i 1896, blei Bjoren flytta opp i Byglandsfjorden. Der var systerskipet Dølen i sving frå før. Handelsmannen Olaf G. […]