Postvegen – Skorpetveit

Gamle Setesdalsvegen ved Skorpetveit. Foto.

Køyreveg frå Valle til Bykle kom først på 1870-talet. Ved Skorpetveit nord i Valle kan me framleis sjå ei lang sløyfe av gamlevegen. Postvegen – den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre – stod ferdig fram til Valle kyrkje i 1846. Vidare nordover til Bykle var det framleis ikkje køyrbar veg. Først i 1865 […]

I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland

Kiledalskleiva steinkvelvbru. Foto.

Kiledalskleiva var ein bratt bakke på Postvegen, den første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal, mellom Kiledal i Hægeland og Vestre Hodne i Hornnes. Spesielt vinterstid kunne kleiva vere glatt og vanskeleg å forsere. Om lag midt i kleiva ligg framleis den spesielle Kiledalskleiva bru.  Riksveg 9 går forbi rett under kleiva. Eg har omtalt Kiledalskleiva, og har med fleire bilete, i det trykte heftet mitt om Postvegen […]

Postvegen – Nesmoen

Gamle steinmurar etter Postvegen i vasskanten i Urdviki. Foto.

På Nesmoen i Bygland er det framleis tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal. Etter å ha kome forbi Setesdal Hotell på Nesmoen, på veg nordover, tek Riksveg 9 ein slak sving mot høgre og kjem til Urdviki. Det er der den svære rasvollen er bygd. Postvegen, og den gamle riksvegen, […]

I fotspora til setesdølane – Reiersdalskleiva i Øvrebø

Dei to gamle traseane i Reiersdalskleiva. Foto.

Reiersdalskleiva er eit vegstykke på den gamle Setesdalsvegen på Reiersdal i Øvrebø i Vennesla. Den første traseen her blei bygd 1829–1833. Han var i bruk til 1884 («Gamle Reiersdalskleiva»). Då kom det ein ny trase litt høgare oppe i terrenget («Nye Reiersdalskleiva»). Denne nye kleiva var i bruk til 1965, då vegen blei flytta litt austover til der Riksveg 9 går […]

Postvegen – Bjørnaråkleiva

Steinmurar etter den gamle vegen i skogen på Bjørnarå. Foto.

I skogen på Bjørnarå finn me framleis spor etter den første ordentlege køyrevegen mellom Valle og Bykle. Den første køyrevegen oppover i Setesdal, mellom Kile og Valle, blei bygd først på 1840-talet. Sør for Kile, frå Kristiansand og nordover, var det kome køyrbar veg litt før, i fleire etappar, på første halvdel av 1830-talet. I […]

Postvegen – Rakkenesbakken

Dei gamle steinmurane etter Postvegen i Rakkenesbakken. Foto.

Mellom Grendi og Longerak i Bygland ligg Rakkenes. Det står fine murar igjen i Rakkenesbakken som blei bygd på Postvegen rundt 1842. Postvegen, ja det var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Denne første vegen gjekk på oversida av dagens Riksveg 9, nærare hyttene som er på staden nå. Du kan såvidt skimte dei gamle […]

I fotspora til setesdølane – Myrbotnkleiva

Svære steinmurar på vegen i Myrbotnkleiva. Foto.

Myrbotnkleiva var ein lang bakke på den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand, rett ved Riksveg 9, mellom Vehus og Homstean i Øvrebø. Vegen i kleiva ned til Knutsmyr blei bygd i 1829–1832. I dag finn du han lett rett sør for krysset mellom Riksveg 9 og Fylkesveg 3948 (Utsognvegen) mot Stokkeland. Nokre få hundre meter […]

I fotspora til setesdølane – Knutskleiva ved Homstean

Den gamle setesdalsvegen som buktar seg gjennom skogen i Knutskleiv. Foto.

Rett sør for Homstean i Øvrebø i Vennesla, på nedsida (vestsida) av Riksveg 9, står mest heile Knutskleiva igjen etter den aller første kjerrevegen nordover frå Kristiansand. Vegen i kleiva blei bygd i 1832. Dette var lenge før Postvegen kom gjennom Setesdal. Men seinast då Postvegen var køyrbar med hest og kjerre først på 1840-talet, […]

I fotspora til setesdølane – Eljannskleivan på Hægeland

Eljannskleivan med bru. Foto.

Den gamle setesdalsvegen gjennom Hægeland gjekk forbi Hægeland kyrkje og ned Eljannskleivan før han passerte over Eldjansåna på bru. Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Eldjannskleivan, blei bygd i 1835. Vegen ligg noko aust for dagens Riksveg 9. Det er lagt […]

I fotspora til setesdølane: Moldkleiv på Mosby

Storebekk med gamle brukar på kvar side. Foto.

Den gamle setesdalsvegen gjennom Mosby gjekk rett aust for dagens Riksveg 9, gjennom der Høie Fabrikker ligg i dag, og opp den bratte Moldkleiv. Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Moldkleiv, blei bygd i 1829. Då Postvegen kom vidare oppover i […]

«Setesdalsvegen» forbi Troåsen i Hægeland

Gamle Setesdalsvegen gjennom skogen på Eikeland i Hægeland. Foto.

Frå rundt 1835 til 1884 gjekk den første køyrbare «Setesdalsvegen» i Tromyrkleiva på Eikeland, noko vest for dagens Riksveg 9, rett sør for Hægelandskrossen. Vegen forbi Tromyrkleiva blei bygd 1829–1835 heiter det på Kulturminnesok.no, og utvida 1845–1847. Han var i bruk til 1884. Då blei det bygd ny trasé på austsida av Spelarfjellet, meir der […]

Postvegen i Hornnes

Kiledalskleiva steinkvelvbru. Foto.

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Gjennom Hornnes kom han rundt 1840. Mellom Fennefoss og Senum i Hornnes kom den aller første køyrevegen i indre Agder i 1803–1804. Me kan undrast litt. Kvifor akkurat her? Setesdølane trong å hente livsnødvendige varer som […]

Postvegen – Flåstrondi

Postvegen, Flåstrondi, Valle. Foto.

Postvegen kom forbi Flåstrondi rundt 1844. Flåstrondi er namnet på strekninga på austsida av Flåni, frå Flåren bru til Sandnes, i Valle. Postvegen var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Vegmiljø Strekninga var ei stor utfordring for dei som bygde vegen. Det var smalt mellom vatnet og fjellveggen. Desto høgare opp i lia ein måtte bygge vegen, desto meir utsett vart […]

Postvegen Uppstad–Flårenden

Gamlevegen Uppstad, Valle. Foto.

Frå avkøyrsla opp til Uppstad frå Riksveg 9 til tunet i Flårenden går det ein løyndomsfull veg, eit stykke av den gamle Postvegen, skjult i skogen på oversida av riksvegen. Det er ein kort spasertur, men vel verdt ein stopp på veg oppover eller nedover i Setesdal. Postvegen var køyrande med hest og kjerre til Valle kyrkje frå hausten 1844. […]